Det har vore late dagar i sola ilag med katten, og eg har farta ein del rundt og truffe venner. Nokre fjellturar har det også blitt. Her følgjer nokre utvalde glimt ifrå ferien.
| Lange dagar og nydelege solnedgangar. Her ifrå Ålesund. |
| Valbøen ein sommarkveld |
| Tur på Frostadtinden |
| Dameselskap med japansk mat |
| Heimekyrkja mi i Ørskog |
| Deler frå Japan under LMF (Lærernes Misjonsforbund) sitt sommarmøte på Risøy Folkehøgskule. |
| Moltefangst på Nordmøre |
| Kalv på Valbøen |
| Ei av dei mange kakene... |
| Grytavatnet med Lauparen i bakgrunnen |
| Firføtte i fjellet |
Ein ny haust står for døra, med nye utfordringar. Takk til alle eg fekk treffe i løpet av sommaren. Og takk til deg som vil vere med og be om at eg kan ha frimod og glede både i dagleglivet og i arbeidet, og at eg kan få bety noko for dei eg møter på min veg.

Så vakre bilete. Ja, dei med natur altså ;-)
ReplyDeleteKjekt du ville vere med å feire på laurdag.
Ein sommar går for fort.
Lukke til og Guds signing i kvardag og yrke!
klem