Monday, October 11, 2010

Gjensyn med Arashima

I går hadde eg mi første søndagspreike denne hausten. Pastor Okazaki i Arashima ønska å ha preikefri denne søndagen fordi han og resten av kyrkjelyden trengde tid til å førebu basaren. Det har pågått kakebaking i stor stil siste dagane.


Etter gudstenesta fekk vi ein enkel lunsj før kyrkjerommet vart omgjort til basarlokale. Det var kjekt å treffe igjen både store og små. Eg merka godt på borna at eg har vore borte i over eit år. Arashima kyrkje er ei fin forsamling med mange born. Ein familie ventar no nummer fem. Her kan ein snakke om naturleg kyrkjevekst!


Det var borna sin jobb å vaske golvet. Denne guten skal snart bli storebror.

Frå Jehovas vitne til Jesu vitne
Sidan sist eg var i Arashima, har dei fått ein ny vaksen medlem. Ein ung mann braut med Jehovas vitne og vart døypt her i juni i år, etter å ha gått i kyrkja sidan februar.

Det var interessant å snakke med denne mannen. Både mora og kona er framleis aktive i Jehovas vitne, men faren har byrja å gå i den lutherske kyrkja vår i Izumo.
Etter at han vart ein kristen, har han blitt utstøytt ifrå Jehovas Vitne, men han er glad han framleis har eit godt forhold til familien.

- Eg opplevde at det var mange ting som ikkje stemde i Jehovas Vitne si lære. På internett fann eg fleire diskusjonsforum, og det var også på internett eg fann fram til denne kyrkja, fortel han.

- Eg er glad i den lutherske læra om at vi er frelst av nåde. I Jehovas vitne må ein gjere mykje for å bli frelst, som til dømes å gå på husbesøk. Der er ikkje noko evangelium i læra deira, meiner han.

I dag på basaren var han med og hjelpte til, og det såg ut som om han gjorde det med stor glede. Han tok mange bilete som han ville vise til kona si når han kom heim. Hans største ønskje no er å få kunne feire gudsteneste ilag med henne.

Basar
I dag er det offentleg fridag til minne om første OL som vart arrangert i Tokyo i 1964. Japanarane ser ut til å vere glade i slike fridagar, sjølv om trafikken hopar seg opp på motorvegane i slutten av langhelga.

Tradisjonen tru har Arashima kyrkje invitert bygdefolket til basar den 10. oktober, men etter at sportsdagen er blitt flytta frå den faste datoen til 2. måndag i oktober, kan datoen variere.


Velkommen til basar!


Idag er terskelen lav for å kome inn i kyrkja, og inngangsdøra er til og med fjerna. Matteltet er sett opp i høve dagen.


I god tid før klokka 10 var det kø framfor kyrkja. Kakene er populære og går oftast fort unna. Japansk basar er ikkje som norsk basar med utlodning og trekning, men her er det sal av varer som kaker og handarbeid, og mange kjem også for å kjøpe seg lunsj.


Klokka er blitt 10, og Okazaki ønskjer gjestane velkomne.


For dei minste var fisking av store "froskeegg-perler" ein ny og spennande aktivitet.


Ingen har det så travelt at ein ikkje har tid til å prate med gjestane.


Etter opprydninga tek dugnadsgjengen ein pust i "bakken". Det foreløpige resultatet på omlag 300.000 yen (ca 21.000 kroner) blir kunngjort, og leiaren i basarkomiteen ber ei takkebøn.


I dagane som kjem, får kanskje familien Okazaki litt meir privatliv enn dei har hatt siste veka. Dei bur nemleg i kyrkja, som dei fleste andre prestefamiliar her.

No comments:

Post a Comment