Monday, October 18, 2010

Festival i Matsue


Japanarane er glade i festivalar, og skodelystne stimlar saman for å få med seg opptoget.
Eg let bilen stå ved kyrkja og gjekk ein tur for å få eit glimt av kva som skjedde. Lyden av trommene høyrdest som torevêr i det fjerne. Etter kvart som eg nærma meg hovudgata framfor fylkeshuset og slottsparken, vart den intense trommespelinga sterkare. Det var ikkje berre eg som var på veg for å sjå. Undervegs traff eg forresten ei dame som tidlegare var med i den engelske bibelklassa. Så det var kanskje verd turen berre for å treffe henne.


Mange grupper frå ulike bydelar hadde sine eigne vogner med tromme-og fløytespelarar, alle kledd i like drakter. På nyheitene seinare på dag sa dei at det hadde vore omlag 1900 menneske med i opptoget.

Berre bilete formidlar ikkje stemninga, så ta gjerne ein titt på videoen nedanfor.

Video:

Parade in Matsue 2 from Inger Valbø on Vimeo.


Etter at du har sett denne videosnutten, vil du også få opp dei tre andre snuttane eg tok av andre grupper.


Alle gruppene enda opp på parkeringsplassen nedanfor Matsue Castle Park med den gamle borga.


Eg kjende behov for å kome meg litt på avstand ifrå folkemengda og larmen og tok ein tur opp trappene mot slottet. Vi er no inne i det fjerde året av 400-årsjubileet. Det tok fem år å reise denne store bygninga, og det skal altså feirast i fem år.


Sjølv på god avstand kan ein framleis sjå og høyre paraden.


Eg har vore her mange gonger før, men likevel fann eg vegar og stiar eg ikkje har gått på før. Stille og roleg, borte ifrå larmen i gata.

Eg kan ikkje fri meg frå å tenkje på orda i Salme 2: "Kvifor larmar heidningane?" No veit eg ikkje om det er så mykje heidenskap i denne festivalen. Det er kanskje mest kultur og tradisjon. Likevel skulle eg ønskje at også kyrkjelege aktivitetar kunne samle like mange.

Laurdag denne veka skal vi starte gospelkor i kyrkja. Presten meinte at vi skal opne vindauga, slik at folk som går forbi kan få høyre lovsongen. Vil du be om at studentane som kjem her på Bible Club, kan få lyst til å vere med og synge i kyrkja? Nokre damer i kyrkja kom i går og lurte på om dei får lov til å vere med. Det blir spennande å sjå kva slags folk som samlast. På onsdag ettermiddag skal eg og prestefrua stå utanfor kyrkja og dele ut innbyding til ungdomsskuleelevane som kvar dag passerer kyrkja på veg til og frå skulen.


Jesus sa ein gong noko om at dersom læresveinane teier, skal steinane tale... Måtte det ikkje bli nødvendig at steinane må tale.


Bak dei høge murane reiser det gamle slottet seg.


Det var her oppe ved den gamle borga at Gabriel Eikli, Anders Hoaas og Arne Tiltnes ilag med to japanske kristne ein haustdag i 1949 stod og såg utover byen og kjende at det var denne byen som måtte bli sentrum for nybrottsarbeidet på denne sida av fjella. Og dei falda hendene og bad til Gud her oppe. Det vart starten på NLM sitt misjonsarbeid i Matsue og området rundt.

No comments:

Post a Comment