Wednesday, October 20, 2010

Arbeidsledig misjonær?

- Kva skal misjonærane gjere dersom alle menneske forstår at dei er skapte av Gud til å leve for Han? undrast den mongolske studenten ved det japanske universitetet.
- Då har vi ikkje meir å gjere, meinte eg. - Og Jesus vil komme igjen.
Men vi vart også samde om at det framleis er mykje å gjere.

Seinare på dag kom eg på at eg har vel litt å gjere sjølv om alle skulle ha blitt kristne. Jesus sa også: "Og lærer dei å halde..." Men eg synest det er flott når andre tek over ein del av arbeidet. I dag var eg med på bibelstudie på universitetet. I over eit år har ei gruppe studentar samlast til bibelstudium og bøn. Eg fekk vere med på første møtet i slutten av juni i fjor, rett etter at flyttelasset mitt var gått.


No i dag var første samling etter sommarferien. Det var veldig fint å sjå korleis Motoi har blomstra som leiar. KGK (tilsvarande NKSS) sitt motto er "ved studentar for studentar", men det er også fint å få vere med og støtte og oppmuntre leiaren ved å møte opp innimellom.


Fleire nye var også innom i dag. Jenta til venstre er frå Korea, og attmed henne står studenten frå Mongolia. To kinesiske jenter var allereie gått då eg tok biletet. Som de ser, treng vi litt fleire gutar, men Motoi fungerte fint som leiar sjølv om det elles var berre jenter.

Teksten var ifrå Mark. 1 der Jesus lækjer svigermor til Peter.
Fleire spørsmål dukka opp:
- Er Simon og Peter samme person?
- Kvifor står det ingenting om kona til Simon, når han hadde svigermor?

Studentane var også flinke til å anvende teksten på deira eigne liv.


Då eg kom ut etter å ha snakka med Motoi ei stund, stod dei to kinesiske jentene framleis og prata. Den eine er kristen, men den andre opna kanskje Bibelen for første gong i dag.

No i kveld fekk eg melding frå ei tredje kinesisk jente som gjerne vil kome på Bible Club igjen på fredag. Så her er det altså ikkje berre misjon blant japanarar. Og eg trur ikkje eg blir arbeidsledig på ei stund, heller.

I morgon ettermiddag skal eg på "koto-evangelisering". Det treng kanskje litt forklaring. Koto er ei japansk harpe, som eg har gått og lært i nokre år. Kotolæraren, Sachiko Katou, er kristen og medlem i Arashima kyrkje. Vi øver ilag med mor hennar og to søskenbarn. Etter øvinga har vi bibellesing. Det er alltid spennande å høyre kva tankar dei gjer seg om bibelforteljingane. I morgon blir også fleire med, så dette blir spennande. Sonen i huset gir ikkje lov til å ha kristne møte i huset til mora, men kotoundervisning er ikkje noko problem. På denne måten får eg formidle evangeliet i ein heim som har både fedrealter og gudehylle. Men det opplevest litt rart når søskenbarna til Sachiko kjem og først helsar på den avdøde onkelen ved å tenne røykjelse framfor fedrealteret...

1 comment:

  1. lære å halde, ja det også er viktig..
    blir nok ikkje arbeidsledig på leeeeeenge enno..

    ha ei flott helg..

    ps: her er det vinter..

    ReplyDelete