Monday, April 13, 2020

"Og heimen han er mi kyrkje"

Påska vart ikkje slik vi hadde tenkt i år. Men det er mykje som er mulig berre ein har hjelpemiddel nok. Laurdag kveld vart musikkrommet/gjesterommet mitt omgjort til studio. Med projektor lånt frå kyrkja hadde eg det meste eg trengde. Bortsett frå ein person til å trykkje på fjernkontrollen til PC-en.

Eg har nettopp sett eit møte som var sendt på nettet frå Region Nordvest, der eg også hadde eit misjonsinnslag. Det var tatt opp 26. mars. Den dagen var det for første gong meldt om talet på koronasmitta i Tokyo, og talet var 41 personar. Pr idag, 13. april, er talet for Tokyo kome opp i 2158 personar, og i heile landet 7614. Legg vi til talet på smitta på eit cruiseskip som låg i hamn i Yokohama, er vi oppe i 8326.  Talet på døde i Japan totalt er pr idag 149.

Tirsdag 7. april vart det kunngjort unntakstilstand for sju fylke. Shimane, der eg bur, var ikkje blant dei sju. Då hadde vi ingen kjende smittetilfelle. Likevel vart det innkalla til ekstraordinært menighetsrådsmøte i Arashima onsdag 8. april, der konklusjonen var at vi skulle ha påskegudsteneste, men at det fram til starten av mai blir avlyst all aktivitet i kyrkja, og eg ikkje skal vere med i andre kyrkjer, heller, i løpet av den tida.
 Etter møtet plukka vi vekk omtrent annankvar stol og ordna klar kyrkjesalen til gudstenesta. Avstand er viktig, men det er ikkje så lett i eit såpass lite rom.

Skjærtorsdag kveld 9. april vart den første koronasmitta meldt i Matsue. Ei 18-år gammal jente var blitt smitta. Då fekk eg telefon frå kyrkja om at påskegudstenesta også vart avlyst. Laurdag kveld var talet oppe i 6 personar, og 8 smitta i Matsue pr idag. Tottori fylke har også fått sin første, så no er både Shimane og Tottori inne i den gule sona. (Matsue med grøn pil)
Og ganske snart er truleg Shimane over i den oransje sona (10 personar eller meir).

Evangelist Megumi og eg hadde også planlagt å sende den internasjonale gudstenesta over internett, og gjere det i Arashima kyrkje etter den første gudstenesta. Men det fekk vi heller ikkje lov til, sjølv om vi ville vere berre to i kyrkja. Så då bestemte eg meg for å prøve åleine, med litt fjernhjelp frå Megumi til tekstlesinga.

Men kva skulle eg då gjere med påskedagspreika eg hadde brukt mykje tid på å skrive? Eg sende manuset til Megumi, som printa det ut og kopierte opp til medlemmene. Deretter køyrde ho rundt og putta det i postkassene deira. I tillegg bestemte eg meg for å tale LIVE på Facebook, noko eg aldri i livet har gjort før. Eg har aldri vore så nervøs før ei preike før, sjølv om eg ikkje kunne sjå tilhøyrarane.

Når eg først hadde rigga meg til med projektor, kunne eg også sjå andre gudsteneste på veggen. Etter å ha sendt mi eiga preike på lufta, kunne eg setje meg ned og ta imot. Eg valde gudstenesta i Yonago.


Etter ein del øving og ein rask lunsj, var eg klar for innspeling av neste gudsteneste.

Her kan du sjå og høyre den internasjonale gudstenesta
Dei som deltok:
Møteleiar: Inger
Pianist: Inger
Forsongar: Inger
Vitnemål: Laura
Påskehelsing: Familien Hotta
Tekstlesing: Inger og Megumi
Talar: Inger
Teknikar: Inger

Eg er spent på kor mange fleire vi har nådd på denne måten enn om vi hadde samlast i kyrkja. Internett gir mange muligheiter. Det har vel aldri vore sendt så mange møte og gudsteneste verken i Japan eller Norge som denne påska. Problemet er ofte å velje. Eg har prøvd å få med meg ein del, men eg rekk ikkje alt eg har lyst å sjå. Og det finst kanskje grenser for kva vi kan ta imot og fordøye, også. Det har også vore viktig for meg denne påska å få formidle noko, og ikkje berre ta imot.

Men når oppgåvene er gjennomførte, er det godt å setje seg ned og sjå noko norsk. Og gjerne med folk som eg kjenner. Denne søndagskvelden var det gudstenesta frå Skodje kyrkje. Og eg var med på salmane! Men eg var glad eg slapp å vere med på kyrkjebakken etterpå. Her var det forresten samme slags vêr, så det har vore greitt å vere innandørs desse to påskedagane.
Her er nokre skjermdumpar frå gudstenesta i og ved Skodje kyrkje. Prest er Per Inge Vik.

 Som eg skreiv i forrige blogginnlegg, har vi allereie tatt i bruk Zoom på Bible Club. Men der er det Carmella som styrer det, så eg har ikkje prøvd det ut sjølv før i dag. No har eg fått litt meir tru på at eg klarer det, så eg vil truleg prøve å ta i bruk Zoom både for grupper og kanskje også privatpersonar som eg les Bibelen ilag med. Alt er tryggare enn å treffast. Sjølv om kyrkja ikkje har sett forbod mot å ta imot besøk, trur eg det kan vere lurt å finne andre måtar å møtast på.

"Eg har ei tenesta stor for Gud, 
frå dag til dag i det stille."

Slik syng Matias Orheim. Ja, det kan bli nokre stille dagar og veker framover. De har vel de i Norge lang erfaring med allereie.

"Så er mi tenesta stor for Gud
og heimen han er mi kyrkje."


No comments:

Post a Comment