Monday, April 6, 2020

Konferanse og Bible Club på nett

Forrige veke skulle vi eigentleg vere på Hiruzen og ha misjonærkonferanse i fem dagar, med forkynning ved gjestar frå Norge, forhandlingar og fellesskap. Som det meste anna for tida vart den ordinære konferansen avlyst, men ved hjelp av internett fekk vi ein effektiv dag, med gjennomgang av arbeidsrapportar og val.
"Dette må vere den kortaste misjonærkonferanse i historia!" meinte Leifur Sigurdsson, som hittil har vore styreleiar. Med seg i nytt styre får han Marius Bergersen og Jüri Perendi. Så framleis blir tre misjonar representerte: ILM, NLM og FLOM. Kven som blir styreleiar, får dei finne ut av når dei konstituerer seg. Eg er glad for å gi frå meg sekretærjobben eg har hatt ein del år.

Ein viktig del av misjonærkonferansen er fellesskapet, men det får vi ta igjen ein annan gong når koronaen er over. Det er planlagt ei samling til hausten.

Det er blomstringstid i Japan. Ofte er sakurablomstringa nesten over når eg kjem heim frå konferansen, men i år har eg fått nyte det kvar dag. Eg treng ikkje å gå lenger enn bort til elva eitt kvartal bortanfor meg. Tenk å ha ei slik joggeløype, eller berre ein liten luftetur, eit friminutt ifrå datamaskinen!




Studentane har hatt ferie sidan februar, men nokre har vore her, så eg har hatt ei lita gruppe på Bible Club bortimot kvar veke. Sjølv om eg har vore påpasseleg med at dei har vaska hendene godt og site i god avstand til kvarandre, har eg kjent på ansvaret.  Så eg var veldig letta då Carmella foreslo at vi kunne starte Bible Club over internett, og første fredag i april var vi i gong.


Gjennom programmet Zoom fekk vi med også tidlegare studentar, mellom anna ei jente som sit i karantene på rommet sitt heime hos foreldra sine og to studentar som er tilbake i Afrika. 



Takk Gud for teknologien! Og så takkar eg for at påska ikkje er avlyst, og er glad for å få formidle bodskapen om at Jesus døydde og stod opp att for å gi oss håp om ei framtid. Det kan ingen avlyse, ikkje eingong koronakrisa!

Eg er godt i gong med å førebu påskepreika, som eg skal ha først på japansk i Arashima på føremiddag første påskedag, og så på engelsk på den internasjonale gudstenesta, som vi skal sende frå Arashima på ettermiddagen. Så det blir altså ikkje gudsteneste om kvelden i Matsue, men vi ber folk om å vere med på Facebook. Det blir litt for tidleg for dei fleste av dykk i Norge å vere med på direkten, som blir kl 6.30. Den blir først sendt i gruppa "International Evening Service in Matsue", men de kan også finne opptaket på Facebook-sida mi i ettertid. Eg blir både møteleiar, pianist, forsongar og talar, men eg får med evangelist Megumi til å vere forsongar på dei japanske songane, og ho står også for opptaket. Dette har eg aldri gjort før, så eg er no litt spent.
Temaet for talen blir: "Påska er ikkje avlyst!"

 Det er mange kyrkjer som gjer det slik allereie, og eg har hatt fine stunder med gudsteneste og møte frå Norge, også, og eg ser fram til fleire slike i løpet av veka.

Talet på koronasmitta stig også i Japan. Dei to siste dagane har det vore over 100 smittetilfelle kvar dag i Tokyo. Her i Shimane har ligg talet på smitta framleis på null, men vi prøver å vere forsiktige, og framleis kan vi også samlast til gudsteneste. 
Her er frå Matsue kyrkje i går.


I andre delar av Japan blir det truleg ikkje mogleg å ha opne kyrkjer i påska. I morgon vil det bli sett i verk unntakstilstand for sju fylke. Eitt av dei er Hyogo, der Kobe by ligg. Her er ein artikkel på engelsk:
Emergency for 7 prefectures 

Ole Bjarne Tråsdahl skriv følgjande som kommentar til dette nyheitsinnslaget:

"Her er en artikkel om unntakstilstand som blir iverksatt fra i morgen i 7 fylker i Japan. Ett av fylkene er Hyogo hvor vi bor. Vi vet ikke enda hvilke tiltak som vil bli gjort siden det er guvernøren i hvert fylke som bestemmer tiltakene, men det vil sannsynligvis være å be folk om ikke å gå ut utenom ved helt nødvendige behov som mathandling og å gå til legen. Det som er litt interessant er at de ikke kan pålegge oss det (dvs. at de kan ikke gi bøter dersom man ikke overholder anbefalingen). Selvbestemmelsen står sterkt i Japan."
Som de forstår, er det usikre tider også her i Japan.

Til slutt skal du få vere med meg på ein liten fjelltur, eller to. Forrige måndag var det også fint vêr, så eg tok meg ein tur åleine på det næraste fjellet. 10 minutt med bil, og vel ein halvtime til toppen. Sjølv om sakuratrea blomstra her nede, vart eg litt skuffa over berre å finne knuppar for ei veke sidan.


Då eg vakna idag til sol, bestemte eg meg for å ta ein ny tur. Og eg vart ikkje skuffa!

Ikkje nok med at eg brukte 8 minutt mindre på turen opp. Synet var flott, også!






No comments:

Post a Comment