Sunday, January 3, 2016

Stille og roleg nyttår

1. januar er offentleg flaggdag også i Japan, men det er veldig få private som har flaggstong. Nyttårsfeiringa her i Matsue gjekk ganske stille fore seg.

Vi starta nyttårsaftan kl 22 med ope hus her hos meg.
Vi delte ifrå året som hadde gått, og då klokka nærma seg midnatt, las vi Guds ord ilag og delte bønneemne for det nye året. Vi starta å be ca 23.45. Rett før årsskiftet var det ganske stille hos oss, så medan vi bad, kunne vi høyre stemmer frå naboleilegheita som talde ned "5-4-3-2-1- Godt nyttår!"

Dagen etter traff eg naboen ute, og han helste godt nyttår både på japansk og engelsk. Han fortalde at det var første gong dottera på 9 år hadde fått vore oppe på nyttår, så det var stas å få vere med på "count-down" (nedteljing).

På nyttårsaftan var det ingen fyrverkeri eller anna bråk. Ingen redde kattar, heller. Bortsett frå denne, kanskje, som eg traff på ettermiddagsturen min på nyttårsdag:
Det var visst litt skummelt med denne utlendingen som luska utanfor vindauga.

Nyttårsdag var eg på gudsteneste i Matsue kyrkje. Sidan Arashima starta kl 10, og Matsue ein time seinare, valde eg å sove litt ekstra. Ein annan grunn til at eg valde Matsue, var at eg fekk med meg ei ikkje-kristen dame dit. Etter gudstenesta vart eg med henne heim ein tur. Nyttårsdag er familiedag i Japan, og vi som er åleine, kan ha litt selskap i kvarandre.


Denne jenta hadde kledd seg i kimono for å øve seg til myndigheitsdagen neste veke. Alle jenter som blir 20 år det året, kler seg då i kimono. Gutane blir det visst ikkje gjort så mykje stas på. Denne kimonoen har både mora og storesøstra brukt, og om eit par-tre år går han nok i arv til søster nummer tre.

Ikkje akkurat samme stil, nei...

Då eg kom heim på ettermiddagen, fann eg mange apekattar i postkassa. Det vil seie, nyttårskort ifrå venner og kjende. Mange kort har ape på i år, sidan det er ape-året i den kinesiske 12-årssyklusen. Kvart år har sitt eige dyr.
Sist eg var i Kobe, fekk eg med meg heim nokre apekattar laga i origami (papirbretting), som den japanske svigermora til den islandske styreleiaren vår hadde laga til alle misjonærane.

På ettermiddagen gjekk eg ein tur i nabolaget for å få litt nyttårsstemning. Appelsiner på tre er vel ikkje noko vanleg syn i eit norsk byggefelt.

Typisk nyttårspynt over porten eller inngangsdøra.

... eller på bilen, for sikkerthets skuld. Det oransje "haustbladet" er merke som viser at det er ein eldre sjåfør. Unge, nye bilførarar må ha eit grønt merke på bilen. Begge deler gir hint til dei som køyrer framfor eller bak om å vere forsiktig og vise omsyn.

Ved den smale gata som knapt nok kunne ha plass til ein bil i breidda, var der eit lite shintotempel. Ein mann klappar i hendene og bøyer seg. Skal tru kva han ber om?

Ved eit hus luktar det søtt av allereie utsprungne plommeblomster. Sesongen har visst starta tidleg i år.

Tilbake heime ser eg at ein av naboane i blokka har fått besøk. Då gjeld det å stuve godt nok på parkeringsplassen. Eg hadde nok ikkje fått plass til to bilar på min tilmålte parkeringsplass.

Idag, på søndag etter nyttår, har eg vore i Arashima på gudsteneste. På videosnutten nedanfor kan du få med litt av stemninga. Melodien er kjent, men i Norge har vi andre tekstar til denne melodien.


Også i dag var det lunsj etter gudstenesta, med mykje god, medbrakt nyttårsmat.


Mitt lille bidrag var ein kabaret, som nokre hadde pynta med jordbær... Eg ville heller ha brukt tomatar, men det hadde eg gløymt å kjøpe. 

Etter lunsj var det dugnad for å rydde vekk juletre og julepynt. Juletreet vart demontert og pakka ned i ei lita kasse, og der skal det få ligge til neste jul.

Heime igjen i Matsue var det framleis tidleg ettermiddag, og fint vêr for ein tur langs elva.

 Ein far og ein son er ute for å prøve dragen. 



Desse endene nyt også den stille ettermiddagen. 

Så har eg fått sendt svar på nyttårskorta eg har fått, lagt ut ei sak på "månedens misjonsland" på nlm.no, og laga ein ny kabaret for misjonærsamlinga i morgon. Då skal vi ha spleiselunsj i Ako hos Kari Opperud. Eg har aldri vore der, så det kan bli interessant å sjå. Eg må opp tidleg på ein frimåndag, men eg har hatt det ganske roleg siste dagane, så eg skulle vel ikkje ha så veldig behov for å sove lenge, heller. Berre eg kjem meg i seng i rimeleg tid.
Først køyrer eg ein times tid til Leirvik sine i Yonago, og blir med dei vidare. Til saman skal det ta omlag 3 1/2 time å køyre til Ako.

No comments:

Post a Comment