Tuesday, January 19, 2016

Fargerikt fellesskap

Ein søndag i månaden er det ungdomsgudsteneste i Arashima kyrkje. Då køyrer vi 2-3 bilar med studentar ifrå Matsue. Her er det folk ifrå mange nasjonar. Dette er ifrå gudstenesta 10. januar.
På høgre sida sit dei som treng tolkning av den japanske preika.
"Stor er din trofasthet". Lovsongen er både på engelsk og japansk, leia av pastor Ishimaru og kona Aika ved pianoet.
På denne sida sit dei som ikkje treng tolkning av den japanske preika.

Pastor Ishimaru talar om Jesus som stilte seg i rekkja av syndarar og vart døypt av Johannes.

Etter gudstenesta er det tid for middag. Den kostar 100 yen, dvs omlag 7 kroner. Studentane ifrå Nigeria og Kenya vil gjerne prate japansk!
Aika har mykje arbeid med å lage mat til denne flokken. Denne kvelden er menyen soba (japanske nudlar).

Etter middagen hadde vi også direkte Skype-kontakt med forsamlinga i Misjonssalen i Ålesund, der eg vart intervjua og heile flokken stilte opp og song. Her var klokka 20, men i Ålesund var klokka 12 og framleis midt i føremiddagsmøtet. Det er fint å bli hugsa litt ekstra på no i januar, men vi treng det vidare både i februar og mars...

Flokken som var samla 10. januar.

John frå Nigeria, - den nye misjonæren etter at eg reiser til Norge? Dei kristne utanlandsstudentane har iallfall ei viktig oppgåve som vitne blant japanske studentar, og mange av dei er brennande kristne. 

I morgon må eg for alvor prøve å starte førebuingane til den internasjonale gudstenesta i Matsue den 24. Er takksam dersom nokon vil sukke til Jesus for meg.



No comments:

Post a Comment