Monday, January 25, 2016

Temperaturfall, snøfall og "messefall"

Det har vore ein uvanleg mild vinter i Japan, heilt til for omtrent ei veke sidan. Det ser ut til at då mildvêret kom til Norge, kom ei kuldebølge over Japan. Biletet ovanfor er eit kvartal bortanfor der eg bur i Matsue. Ser du godt etter, kan du sjå skuggen av ein norsk langrennsløpar framfor snømannen. Jau, eg fekk prøve skia idag. Ikkje mindre enn to rundar i joggeløypa vart det. At folk såg rart på meg, var ein del av moroa! Nokre smilte til og med. "Dette ser kjekt ut!" sa ei ung mor som leidde sykkelen gjennom snøen med barnehagejenta sitjande på sykkelen.

Kulden kom til området her natt til forrige tirsdag. Den dagen skulle vi ha JS-styremøte i Yonago. For å unngå den mest trafikkerte strekninga i rushtrafikken, køyrde eg "bakvegen", over den berykta Ejima bru. Heldigvis var det ikkje glatt. Det var såvidt litt snø hadde lagt seg. Det meste bles vekk i den kalde vinden.

Her er vi på plass rundt rundbordet i Yonago kyrkje. Stedlig representant Gunnar Urstad frå Norge (t.h.), styreleiar Leifur Sigurdsson i midten, og styremedlem Johan Leirvik til venstre. Sekretæren er meg, som akkurat då var fotograf.

Eit høgdepunkt i styremøtet er lunsjen. Når vi har møte i Kobe, et vi lunsj på bibelskulen, men i Yonago går vi ut og et god mat til ein rimeleg pris.
Neste møte skal vi ha på Skype. Vi sparer reisetid og reiseutgifter, men eg vil sakne lunsjen!

Det gjorde godt med skikkeleg varm mat på ein slik kald dag.


Som de ser, kan nordmenn å kle seg etter vêret.

Neste morgon hadde den første snøen lagt seg. Lagssekretæren skulle eigentleg kome ifrå Okayama denne føremiddagen for å vere med på bibelstudiet på universitetet. På grunn av snøvêret ville han ta toget istaden for å køyre. Onsdag morgon fekk eg denne meldinga: "Eg er no på Okayama stasjon, men toget er innstilt. Dei seier at neste tog kan bli opptil 50 minutt forsenka, så då rekk eg dykk ikkje uansett. Dette var veldig dumt!" Så det vart ikkje besøk denne gongen. Han vil kome igjen i april.
To jenter møter trufast opp kvar onsdag i lunsjpausen. Vanlegvis er det dei sjølve som leier bibelstudiet, men sidan vi hadde satsa på besøk, hadde dei ikkje fått tid til å førebu seg, så eg tok det denne gongen.
Denne onsdagen blir siste gong før prøveperioden startar og skuleåret er slutt. Eg skulle gjerne fått med desse jentene på KGK-leir i mars.


Fredag var det Bible Club som vanleg. To studentar kom litt tidleg for å hjelpe til, men maten var omtrent ferdig, så dei brukte tida til å studere litt japansk.
Studenten frå Nigeria har også lært å kle seg etter vêret.

Denne kvelden var det Carmella (t.v.) som leia bibelstudiet om profeten Jona.


Siste veka brukte eg mykje tid til å førebu engelsk preike og japansk omsetjing for den internasjonale gudstenesta vi skulle ha i går.

 På veg heim frå Arashima kyrkje litt over kl 12, viste temperaturen minus 5 grader. Framleis var det lite snø, men det var meldt meir mot kvelden. Eg var litt usikker på om dei som hadde sagt dei ville kome på kveldsgudstenesta, ville kome i slikt vêr, men eg håpa på det beste.

Eg hadde framleis ein del å gjere ferdig før kveldsgudstenesta. Eg var nesten ferdig, og skulle til å lage meg middag då eg fekk ei melding frå ei av dei som skulle vere med. Ho meinte at det var uforsvarleg å ha gudsteneste, at eg sette andre sine liv og helse i fare, så gudstenesta burde bli avlyst. Eg ringde presten eg samarbeider med for å høyre hans meining, og han også meinte det for sikkerheits skuld var best å avlyse denne gongen sidan det var meldt mykje snø til folk skulle heim igjen. Til gjengjeld skal eg få bruke preika som eg hadde førebudd på neste ungdomsgudsteneste i Arashima 7. februar. Så eg får håpe at dei som hadde tenkt å kome i går, vil kome dit, og gjerne enno fleire.
Hadde det vore i Norge, ville alt gått etter planen i går. Slikt vêr er ikkje grunn til messefall i eit land der ein har lang vinter. Men her i landet er mange lite vant til å køyre på snøføre, og køyreopplæringa har visst heller ikkje glattkøyring på timeplanen. Eg kunne sjølvsagt ha stått på mitt og gjennomført gudstenesta, men det er ikkje sikkert det hadde ført noko godt med seg. 
I staden fekk eg jobben med å kontakte alle som hadde sagt dei ville kome. Det meste fekk eg gjort gjennom Facebook. Og endeleg fekk eg lage meg middag...

I morgon skal eg til Nima og ha engelskklasse, men det er allereie to som har sagt at dersom det blir snø og glatte vegar, vil dei ikkje kome. Vêrmeldinga tyder på at det blir mildare, så då treng eg vel ikkje å avlyse klassene.

I går kveld tok eg ein liten spasertur i den kalde, tørre snøen. Eg gledde meg allereie til ein skitur neste morgon. Og det vart det!

Det var ikkje kome så mykje snø, men nok til å prøve skia, iallfall.
Eg møtte mange på turen min, men eg hadde ikkje frimod til å spørje nokon om å ta bilete, så dette er tatt med sjølvutløysar.

Det var allereie blitt plussgrader, og snømenn hadde dukka opp både her og der. 
Eg tok likegodt to rundar i joggeløypa, når eg først hadde laga spor.

Jau, det er av og til kjekt å vere norsk i Japan! Eg er nok den einaste som har gått på ski i Matsue.
Det var ein god start på ein god frimåndag!

No comments:

Post a Comment