Monday, November 9, 2015

Ein hage eg aldri blir lei av

Eg har ikkje eigen hage, men eg har årskort i ein japansk hage. På øya Daikonshima mellom Matsue og Yonago ligg Yushien. Sjølv om det ikkje tek meir enn 20-30 minutt å køyre dit, blir det altfor sjeldan at eg tek turen.
Sidan det var søndag, var eg sjølvsagt først i kyrkje. Igår var eg i Matsue. Vanlegvis er eg med på ungdomsgruppa ein time før gudstenesta, men igår hadde eg med meg ein student, så då prioriterte eg henne. Vi kom akkurat idet kyrkjeklokkene byrja å ringje. Det er faktisk første gong eg har høyrt klokkene frå utsida, så dermed var eg snar å finne fram kameraet frå veska. Sjå og høyr nedanfor.


Ei koreansk jente hadde funne vegen til kyrkja for første gong. Ho har tidlegare studert i Japan, så ho snakka språket godt. Ho er her berre for ein månad på utplassering på fylkeshuset. Ho ville gjerne sjå seg rundt i Matsue, og sidan eg ikkje hadde noko på programmet på ettermiddagen, tok eg med henne og den jenta som var med meg, og vi tok turen til Yushien i regnet.


Øya Daikonshima er kjend for å dyrke peonar. Det var ikkje så mange som blomstra på denne årstida, men nokre var det.
Litt tynga av regnet, kanskje, men nydelege.

No i november er det fine fargar på dei japanske lønnetrea.




Det var lite folk ute i regnet, så det var ganske stille. Det vil seie, duren frå fossen ovanfor høyrest ganske godt. På videoen kan du kanskje også høyre duene som kurrar og andre fuglar, også.



Då vi kom inn igjen i hovudbygninga, såg eg plutseleg noko eg ikkje har lagt merke til før. Kanskje det var nytt? Denne steinen drog eg straks kjensel på.

Det viser seg at dette er ei gåve ifrå Luoyang i Kina, der eg var i sommar. Her står det at det er gitt som eit symbol på vennskap mellom Kina og Japan.
Her er originalen i Luoyang. Dette biletet tok eg der i august. Steinen har mønster som liknar på peonar og er rett og slett kalla "peon-stein". Luoyang er også kjent for å dyrke og eksportere peonar.

Yushien - hagen "min" som eg aldri blir lei av. Det skiftar med årstidene, og stemninga er også avhengig av vêret. Og det er oftast alltid forskjellige folk eg går med kvar gong, og det gjer det også variert.
Velkommen til å vere med neste gong. Dette er ein plass eg gjerne tek med gjestar. Og ein ting til: Det er halv pris for utlendingar!

Sjå meir frå Yushien her: Peon-øya

1 comment:

  1. Halv pris? Ja, då kjem vi ;-)
    Men reisa må visst også betalast...

    For ein vakker hage!

    Fin ny veke Inger!

    ReplyDelete