Sunday, November 22, 2015

Engelskklasse utan engelsk

Tirsdag 10. november var det ganske fullt hus i Nima kyrkje, og langbord var dekka av mange forskjellige rettar som engelskklassemedlemene hadde med seg. Det var nemleg gjensynsgledefest for Kari Opperud, som har vore eit år i Norge, og no er tilbake i Japan. No hadde ho kome frå Ako for å treffe igjen kjente og kjære frå dei 12 åra ho budde og arbeidde her i Nima. Og då ville damene lage fest! Dei er glad i god mat og god prat, og stemninga var god.
Men før vi fekk byrje å ete, måtte maten fotograferast!


Praten gjekk på japansk den første timen, medan dei mange fata vart sende rundt, så vi fekk smake på alt. Iallfall nesten alt.
Som engelsklæraren deira kjende eg litt ansvar for at dei fekk snakka litt engelsk i løpet av kvelden, så eg "tvinga" dei til å bruke engelsk ein halvtimes tid, der dei stilte spørsmål til Kari, og ho fortalde ifrå Norge og Ako. Ein song rakk vi også å synge av dei mange songane eg hadde tenkt vi skulle få tid til.
Som avslutning hadde Kari ei kort andakt på japansk, frå Salme 121.
Fleire av Kari sine venner, som ikkje er med i engelskklasse no, var også med denne kvelden. Og alle ser ut til å lytte.

Her kan du lese Kari sin blogg ifrå Nima-turen:  Gjensyn med Nima

Etter planen skulle vi ha ny engelsk bibelklasse i morgon, 24. november, men etter vi hadde bestemt datoar (2 gonger pr mnd), vart eg klar over at eg må til Kobe på eit møte i morgon.

Etter å ha tenkt litt att og fram og prøvd å finne ein annan dag for Nima, fekk eg ein idé. Machiko Chigane, som er evangelist i kyrkja på deltid som pensjonist, har vore med i kveldsklassa sidan i sommar. Eg utfordra henne til å førebu eit bibelstudium på japansk for den kvelden, så dei som vil, kan kome.
Ho har tatt utfordringa, og det ser ut som om mange er interesserte i å kome. Dette blir også ein liten test på om dei berre er interesserte i engelsk, eller om dei også har fått smaken på Bibelen. Og ei førebuing på neste år når eg reiser til Norge. Dersom iallfall nokre av dei kan tenkje seg å halde fram med å studere Bibelen sjølv om det er "berre" på japansk, treng dei ingen misjonær der lenger for å undervise i engelsk.

I føremiddag sende eg ei påminning til alle dei 13 medlemmene, og svara strøymer inn. Berre ei av desse er kristen og medlem i kyrkja. Nokre av dei kan ikkje kome, men det ser ut som om dei fleste blir med. Ei av dei svarte til og med: "Sjølvsagt blir eg med!"

Eit bønneemne for deg som ber!

No comments:

Post a Comment