Tuesday, November 24, 2015

Internasjonal gudsteneste med feiring av dåp

Under den internasjonale gudstenesta i november fekk vi feire at ei av studentane "våre" er blitt døypt. Den kinesiske jenta Grace har vore med i Bible Club og internasjonal gudsteneste i fleire år, og eg har også hatt personleg bibelstudium med henne. Litt etter litt har trua vakse fram. I oktober vart ho døypt i USA. No er ho tilbake ved universitetet i Izumo, og denne søndagskvelden kom ho til Matsue for å dele vitnemålet sitt med oss. Sjølv om ho i Kina budde berre 10 meter frå ei kyrkje, sette ho aldri sine føter der. Ho fortel at etter ho kom til Japan, har møtet med kristne gjort inntrykk og har vist henne Jesu kjærleik.
Eg kjem tilbake til intervju med henne under "månedens misjonsland" i januar.


David frå Kenya leia gudstenesta. Her les han dagens tekst frå Salme 25 på engelsk.
 Shoko les samme teksten på japansk.

Denne gongen var det ikkje eg som preika. Minako Ishikura, som har arbeidd som evangelist i Nara, talte om å gå på den smale vegen. Eg var tolk. Det ser ut som om her er få tilhøyrarar, men dei fleste sit langt bak, av ein eller annan grunn.

Under gudstenesta hadde vi avskjed for ein familie frå Sri Lanka, der kona er ein kristen. Austin frå Nigeria hadde helsing til dei før han bad for familien.
- Dette er stort! Her kom han åleine til Japan, og no reiser han heim med ein doktorgrad, kone og ei dotter! seier Austin.

Når vi samlast, blir vi ein bra flokk. To japanarar var i kyrkja for første gong.
Kaka gjekk fort unna, og to av medlemmene som hadde gjebursdag dagen før, fekk den ære å skrape kakefata.
Mange vil vere på bilete ilag med Grace

To av dei få kristne japanarane som er med.

Neste internasjonale gudsteneste blir ilag med Arashima den 13. desember i Matsue kyrkje. Gospel Club har allereie byrja å øve. Nedanfor ifrå øvinga sist laurdag.


No comments:

Post a Comment