Tuesday, January 18, 2011

Prestar på snømokingsdugnad

(Foto: Katsuhiro Igi)
- Plenklipping kan vi planleggje, for vi veit omtrent kor mange dagar det tek før graset veks opp igjen, men snømoking kan vi ikkje planleggje, sukkar Igi, dagleg leiar på Hiruzen Bible Camp.

Dei siste vekene har han fått meir enn nok snø. No er det fare for at tak og vindauge kan bli knekte under vekta av snøen, så i dag har Igi sendt ut nødmelding til prestane rundt om på feltet. Fleire har sagt dei vil kome i morgon og hjelpe til med å moke snø ifrå taka på dei mange bygningane.

Den første hjelparen kom allereie i dag ettermiddag. Den pensjonerte presten Shukuno har også kortast veg ifrå Katsumada. Rektor Masaki på seminaret ringde også og spurde om han skulle sende nokre studentar, og Igi svara ja takk.

Det var ein strabasiøs køyretur til styremøtet og heim i dag, for motorvegen var stengt, så eg måtte køyre den lokale vegen, som både er bratt og svingete, på vinterføre. Eg var glad for all glattkøyringserfaring eg har frå Norge, og eg blir også meir og meir takksam til Liv Bakke som "bestemte" at eg skulle overta den firhjulsdrevne Toyota'en hennar.

Etter at eg kom heim, høyrde eg på nyheitene at så mange som 41 personar har omkome denne vinteren på grunn av snø. Nokre av dei hadde falle ned frå taket medan dei heldt på med moking. La oss be om at det må gå bra med dugnadsfolket på Hiruzen! Og be også om krefter for Igi, Ikeshita og Ikeda som har arbeidet sitt på senteret.

Eg avsluttar med det einaste biletet eg tok idag. Det er tatt gjennom vindauget i matsalen. Før Igi fekk kome til med spaden idag tidleg, stod vindauget i press frå snøen som hadde rasa frå taket.


Vil du følgje med korleis det går på leirstaden framover, kan du sjå bilete på Igi sin blogg her:

http://hiruzenbc.blogspot.com/

No comments:

Post a Comment