Monday, January 10, 2011

For få Biblar


Eg må visst bestille fleire nytestamente ifrå Gideon, for på første Bible Club etter nyttår måtte vi dele på dei vi hadde. Men ei utskrift av 1.Kor. 13 ifrå Databibelen hjelpte langt på veg.
Vi var 12 denne kvelden. Det er vel rekord så langt denne sesongen, iallfall.


Som vanleg starta vi med mat. Akiko og Ryoko ventar på at dei andre skal kome, så dei kan få byrje å ete.


Handrulla sushi var ein ny rett for Ahn frå Korea.

(Foto: Scott Menking)
Alle tok aktivt del med å skrive ned kva kjærleik er og ikkje er, utifrå 1. Kor 13, og monterte alle korta på ein plansje.

"Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp.
Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
Kjærleiken fell aldri bort." 1.Kor.13,4-8a


(Foto: Scott Menking)
Deretter prøvde vi om det passa på oss. Alle verka som om dei var samde i at vi ikkje klarer dette. Berre Guds kjærleik er fullkomen.

(Foto: Bak Seong-mo)

(Foto: Scott Menking)

Eg har fått enno betre kontakt med naboane mine. Begge desse jentene bur i etasjen under meg. Erika (t.h.) var med siste gong før jul, og no hadde ho også fått med seg Reina. Det er alltid spennande med nye kontakter.

Idag vil eg avslutte med eit ferskt bilete av ein fersking. Daniel Badejo var fødd på fredag, og i dag fekk eg halde ein ekte nigeriansk baby for første gong!


Frå i morgon og fram til torsdag vil tida gå med til busskøyring og diverse komitemøte i Kobe og Yonago. Ikkje mindre enn tre leirar skal planleggjast; skileir i februar, ungdomsleir i mars og ny ungdomsleir i august, pluss misjonærkonferansen i mars. Så det er nok å tenkje på.

2 comments:

  1. Wow! Det e jo kjempe bra å måtte bestille fleire Biblar. Det er godt vi kan elske, sidan Gud elska oss først :)

    ReplyDelete
  2. Hei, Lillian! Ja, det er vel eit såkalla "luksusproblem". Men denne veka er teksten frå 1. Mosebok, og då hjelper det ikkje med fleire NT, heller. Så får ty til kopimaskina.

    ReplyDelete