Monday, January 17, 2011

Komitemøte-maraton

Til tider kan komitemøte hope seg litt opp, men denne gongen var to av møta lagt samme veka av omsyn til meg som har lengst veg. Når eg først reiser til Kobe, er det greitt å slå tre fluger (komitear/styremøte) i ein smekk. På heimturen var eg også innom Yonago for eit fjerde møte. Som om ikkje det er nok, skal eg altså i morgon til Hiruzen på styremøte der.
Det betyr ikkje at eg er ein populær person som blir vald inn i alle styrer og komitear. Det betyr heller at vi er så få misjonærar at alle må ha opptil fleire verv.

Tysdag 11. januar:

Første møtet var ein komite for ungdomsarbeid innan WJELC. Denne dagen var planleggjing av ungdomsleir til sommaren hovudsaka, og i den samanheng var leirsjef Yoshida (ved tavla) og fleire andre innkalla.


Etter vel to timar ser det ut til at nokre byrjar å bli litt trøytte...


For neste komitemøte samme dag hadde vi gått ut for å få oss middag. Saman med ungdomsarbeidar Antti Kiviranta (Finnish Lutheran Mission) og språkstudent Johanna Tervonen (Finnish Lutheran Oversea's Mission/NLM), har eg ansvar for skileiren på Hiruzen 11.-13. februar. Her hadde vi siste finpuss av programmet.

Onsdag 12. januar:

Då referatet frå konferansen i fjor stod på trykk i Utsyn, kom vaktmeister Sve på Vestborg og tok meg i handa og gratulerte meg som medlem i "Det høge råd". Her er vi altså, styret som blant Japanmisjonærar heiter JS (jåddes): F.v. rundt bordet: Ingebjørg Hildre (rekneskapsførar), Runar Matsui-Li (nestleiar), Kirsti Strand (leiar), Tore Jåtun (stedlig representant) og Johanna Tervonen (observatør, FLOM). Eg er sekretær og har fast plass ved PCen.

Torsdag 13. januar:


Med første buss frå Kobe var eg etter nokre timar tilbake på nordfeltet. Her er det ny leirkomite i Yonago kyrkje, denne gongen for ungdomsleiren i slutten av mars. Ungdomsarbeidar Antti Kiviranta var spesielt invitert av komiteen, og på bussen oppover frå Kobe hadde han allereie klart både tema og bibeltekstar på den lille berbare PCen sin.


Her er programmet for leiren klart, og komiteen verkar ganske fornøgd med jobbinga. Vi gler oss spesielt til å ha tre Fjellhaug-studentar ilag med oss på denne leiren. Dei har også fått oppgåver, men det veit dei ingenting om sjølve, enno. Det blir vel min jobb å formidle det vidare.

Sjølv om det tek ein del tid å vere med i komitear, er det også godt å ha folk å samarbeide med. Ofte strevar vi åleine på kvar vår plass, så det er godt å treffast og utveksle idear.

Fredag 14. januar:
Føremiddagsgruppa vart dessverre avlyst fordi ingen kunne kome, men så kom det derimot veldig mange på Bible Club om kvelden. Eg var så stressa at magen slo seg vrang under middagen, men då vi starta bibelstudiet, gløymde eg stresset og merka at det var kjekt likevel.


To nye kinesiske jenter kom denne gongen, og denne veka vil dei lage middagen.

Laurdag 15. januar:

På gospeløvinga var vi 12 personar, det er det meste hittil. Fleire kom for første gong. Nokre av dei hadde vore med på song-og musikkmøtet i desember og fekk lyst til å vere med å syngje. Slikt er inspirerande. Men eg skulle gjerne ha fått med fleire skuleungdommar og studentar...

Søndag 16. januar:

Denne snømannen som borna i Izumo kyrkje laga i går, får stå som representant for dei eg møtte der. Det var ein snørik og kald dag, men det gjekk bra på vegen både til og frå Izumo. I dag har snøen smelta frå vegane, så då går det nok bra på vegen opp til Hiruzen i morgon. Berre eitt styremøte denne veka...

2 comments:

  1. Oj du har det hektisk!

    Her er såpeglatt og fælt..

    Ha fortsatt fin veke!!

    ReplyDelete
  2. Hei, Sigrid! Ja, det kan bli litt intenst av og til. I dag har eg vore på styremøte på Hiruzen. Har litt meir om det i neste blogg. I morgon skal eg halde meg i ro og prøve å førebu preike til søndag... Køyr forsiktig!

    ReplyDelete