Monday, November 24, 2014

Xavier og Valbø

Begge var/er misjonærar frå Europa, men det er kanskje ikkje så mykje anna vi har felles. Frans Xavier var den første som kom med kristendommen til Japan, i 1549, ganske nøyaktig 400 år før NLM kom. Før han kom hit til landet, hadde han også misjonert i India og Molukkene nokre år, og etter vel to (ja, 2) år i Japan, reiste han vidare til Kina, der han døydde ikkje lenge etter.
Xavier var frå Spania, og var sendt ut av jesuittordenen. Her kan du lese meir om han:
I løpet av dei to åra Xavier verka i Japan, var han nokre månader i Yamaguchi, ein by omlag 28 mil sørvest for Matsue. Byen ligg i fylket med samme namn.
Laurdag 15. november var eg også ein tur til Yamaguchi. Min "nye" GPS kom verkeleg til nytte. Eg vart eg geleida heilt fram til parkeringsplassen til kyrkja der Laget (KGK) hadde distriktssamling. Med meg i bilen hadde eg Kim, ei koreansk kristen jente som studerer ved universitetet her i Matsue.


Lagssekretær Suzuki heldt andakt for studentane utifrå Rom.10, 13-15:
"Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst. 
Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på?
Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? 
Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? 
Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende?"
Dette er kjende ord for meg, og ganske personlege, sidan eg møtte kallet gjennom desse spørsmåla, som eg ikkje kom utanom.
Ingen kan komme til tru utan at dei får høyre om Jesus, og ingen kan høyre utan at nokon fortel det. Suzuki understreka at misjon ikkje berre er å reise til andre land, slik som Xavier gjorde, og utfordra studentane til å sjå seg sjølve som sendte av Gud til universitetet der dei er.

Så var det tid for å lære litt meir om Xavier og korleis kristendommen kom til Japan. Vi gjekk i flokk og følgje til St. Francis Xavier Memorial Church. Undervegs møtte vi nokre utfordringar.
Trapper er ikkje akkurat best egna for rullestol. På tilbaketuren fann vi ein annan veg utan trapp.
Minnekyrkja fungerer både som katolsk kyrkje og museum. Eg hadde forventa å sjå ein katedral i gammal stil, men vart overraska over at kyrkja var så ny. Etterpå fekk eg vite at den gamle kyrkja hadde brunne ned.
Det var ei flott kyrkje, både utvendig og innvendig, men inne var det dessverre forbode å fotografere.  Frå galleriet høyrde eg kjende tonar av eit Bach-preludium, eitt av dei få som eg også klarer å spele.
I underetasjen var det utstilling frå Xavier sitt liv og virke.
Det som gjorde sterkast inntrykk, var å lese om resultatet av Xavier sitt misjonsarbeid. Sjølv om han var i Japan berre vel 2 år, skal omlag 800 000 ha blitt kristne. Berre i Yamaguchi, der han var i 4 månader, var omtrent 500 blitt døypte. Til samanlikning har eg vore i Japan i over 17 år, og 7 av desse har eg budd i Matsue og arbeidd i distriktet her. Men kva resultat kan eg vise til?
Eg skulle gjerne visst meir om kva slags strategi Xavier brukte, og om personane bak desse høge tala verkeleg hadde fått ei levande tru på Jesus.
Eg kan ikkje vise til store tal på folk som er blitt kristne på grunn av arbeidet her, men eg får iallfall gi folk ein sjanse. Og Jesus spør ikkje først og fremst etter resultat, men etter truskap i det små.
Eg var glad for å samle denne "buketten" av jenter denne dagen. Kim frå venstre var med meg frå Matsue. Det er henne eg prøver å oppmuntre til å leie bibelstudiet ved universitetet her. Dei to andre jentene er ifrå Matsue og har vakse opp i vår lutherske kyrkje her. H til høgre studerer i Hamada, vest i dette fylket. Det var ho som var med meg på sommarleiren. M i midten studerer i Yamaguchi og kom på sykkel denne dagen. Ho vart med fordi H og eg hadde invitert henne.

Til saman vart vi ein bra flokk. Dei fleste her er kristne studentar, spreidde over eit ganske stort område i Vest-Japan. (Chugoku og Shikoku. Nokre kom også frå Kyushu.)
Det vart ein lang dag, med omtrent 9 timar til saman i bil. Men med å øve på korsongar til julekonserten eller å telje tunnelar (over 40) heldt passasjeren meg vaken heile vegen.

Eg har lyst til å introdusere ein annan student som også kjem frå området her. Foreldra er medlemmer i Izumo kyrkje, der eg er ein søndag i månaden. I oktober traff eg denne kjekke jenta for første gong, då ho var heime ein tur og var med foreldra sine i kyrkja. Ho vart også med på den engelske bibelklassa mi på ettermiddagen. På biletet nedanfor er ho ilag med den eldste deltakaren i bibelgruppa mi.
Då eg fekk høyre at ho studerer i Nagoya, kom eg på at det var dit Yuya flytta, han som var lagssekretær her i fjor. Så eg spurde om eg kunne be han ta kontakt, og det ville jenta gjerne.
Så har vekene gått, og eg hadde nesten gløymt dette. 
På laurdag fekk eg ei melding på Facebook frå Yuya, der han skriv: "I går møtte eg A for første gong. Ho kom på bibelstudie ved universitetet." Og han sende dette biletet:
 Eg har fått lov av denne studenten til å legge ut bileta og nemne henne. Eg er glad for at eg iallfall har lukkast med å setje henne i kontakt med kristne. I går då eg igjen var i Izumo, kom mora strålande og sa at dottera hadde fortalt at ho hadde vore med på bibelstudie! Og eg kunne overrekkje mora utskrift av dette biletet og helsing frå lagssekretæren.

Studentlagsarbeid i det små. Men det kan ha store ringverknader.

I bilen heimover frå Yamaguchi vart Kim og eg samde om at vi vil prøve å starte oppatt bibelstudiet ved universitetet. Det starta så bra før sommarferien, då Suzuki var her, men så har det ikkje blitt meir før no sist veke. Ei ikkje-kristen jente hadde sagt ho ville komme, men vart forhindra, så denne gongen var det berre Kim og eg, men vi delte Guds ord og ba for ho som ikkje var der. Denne veka har ho sagt ho vil komme. Frå no av prøver vi å samlast kvar torsdag i lunsjpausen.
Eigentleg er det ikkje lov å ha religiøse samlingar ved dette universitetet (pga tidlegare problem med sekter) , så vi kan ikkje annonsere offentleg. Men vi samlast framfor dette bygget, og finn eit ledig grupperom i 11. etasje. Hittil har ingen jaga oss...
Så eit par glimt ifrå den internasjonale gudstenesta i går.
Eg får god hjelp til å leie lovsongen. Men øving må til.

Ein av dei som har vore trufast med i lovsongsteamet, reiser til Thailand for å jobbe for firmaet der. Så i går hadde vi avskjed for han. Men det er kjekt at det også er nye som kjem. To av dei nye har vore på Bible Club, men var på internasjonal gudsteneste for første gong.

 Så er det blitt ei ny veke, med nye utfordringar. I morgon køyrer eg til Nima igjen. Allereie to veker har gått sidan eg var der sist. Og snart to veker sidan sist eg skreiv på bloggen, også. Ho som eg skreiv om sist, sende meg ei ny melding i går:
"Eg har øvd på "Only by grace" på YouTube kvar dag. Her og der klarer eg ikkje å følgje med, men eg liker denne songen. Eg gler meg til å synge den til piano på tirsdag."
Snakk om ivrig student!
Slik går no dagane, og eg har vel ei oppgåve her, eg, også, sjølv om eg ikkje på nokon måte kan måle meg med Xavier. Vel, kanskje eg kan litt meir japansk etter 17 år enn han kunne etter 2 år?? Iallfall kan eg sjølv meir no enn då eg var ferdig med den 2-årige språkskulen.

Litt hauststemning frå byen min til slutt:



 Ha ei god veke der du er!


Thursday, November 13, 2014

På fisketur

Nei, eg har ikkje vore uti båt. Men eg har vore i Nima også denne veka, på menneskefiske.
To gonger i månaden køyrer eg vestover 8 mil til fiskelandsbyen Nima. Der har eg evangeliserande bibelgruppe på engelsk på tirsdagskvelden, og frå og med denne veka har eg også ei lita klasse på onsdag føremiddag før eg reiser heim.

Lyktene på fiskebåtane skal visstnok tiltrekkje seg fisk. Eg bruker ikkje andre "lokkemiddel" enn Bibel og engelsk. Likevel kjem dei, og betaler for det (for å dekkje reiseutgiftene mine), og rykta går, så nye også kjem og vil sjå kva dette er.

Vil du vite meir om Nima, kan du finne mykje både bilete og informasjon på Kari Opperud sin blogg. Ho er no i Norge og skriv på engelsk og japansk for dei som kjenner henne her, men dei siste åra i Nima skreiv ho blogg på norsk. Du kan m.a. finne meir om Nima her:
http://kariopperud.wordpress.com/2013/01/28/nima-en-liten-presentasjon/

Studentane mine er alle kvinner, stort sett i 50-60-åra.
Denne veka hadde eg fleire nye innom. Ei av dei har hatt born i kyrkja sin barnehage i Oda, og kjenner fleire av misjonærane frå lang tid tilbake. Ho bestemte seg for å byrje i bibelklassa. Mykje er sådd før, både i hennar hjarte, og dei andre, som har gått i engelskklasse med Kari i mange år og fått andakter på japansk.

Ei av dei trufaste medlemmene sender meg ofte e-post, både før og etter klassa. Ho førebur seg godt, og les gjennom bibeltekstane på førehand. Denne tirsdagen skulle vi ha om den rike, unge mannen som kom til Jesus, og der Jesus avsluttar med "Kor vanskeleg det er for ein rik å kome inn i Guds rike! Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å kome inn i Guds rike."
Men denne dama hadde laga sin eigen versjon. Slik skreiv ho (på engelsk) i mailen ho sende før bibelklassa:
"Eg trur det er enklare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for meg å forstå Bibelen. Men eg liker betre engelsk Bibel enn japansk Bibel!"

Eg har fått lov å legge ut bilete av denne dama og skrive om henne.

På tirsdagskvelden snakka vi ein del om kva som er umulig og kva som er mulig. Læresveinane vart veldig forskrekka då Jesus snakka om kamelen og nålauget. Så dei spurde: "Kven kan då bli frelst?"
"For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. For alt er mogleg for Gud!"

Til kvar engelsktime finn eg ein song som passar til temaet. Denne gongen hadde eg valt "Only by grace".
Only by grace can we enter, 
only by grace can we stand.

På norsk syng vi:
Bare på grunn av din nåde,
bare på grunn av ditt blod.

Eg hadde lasta ned songen på PCen, men av ein eller annan grunn fungerte det ikkje, så eg måtte ta pianoet til hjelp. Men eg oppfordra dei til å søkje på YouTube, og ei av dei fann songen på smarttelefonen sin ganske fort.
Her kan du høyre sjølv:
https://www.youtube.com/watch?v=F21gQwATaac

I går fekk eg ein ny e-post ifrå dama på biletet ovanfor:
"Eg har funne "Only by grace" på YouTube. For ein fin song! Eg vil høyre på han kvar dag. Eg har ei kjensle av at eg vil bli flink å synge ein dag. Eg gler meg til neste klasse."


Be om at eg må få visdom til å undervise desse damene slik at dei får bruk for Jesus.
"Eg vil gjere dykk til menneskefiskarar, " har Jesus lova.
For meg ser det ganske umulig ut. Men Jesus seier at ingenting er umulig for Gud.
Så får eg vel fortsetje med fiskinga, då, sjølv om det tek litt på kreftene å køyre så langt.

I morgon er det igjen fredag, med bibelklasse i Matsue kyrkje føremiddag, og Bible Club som vanleg om kvelden. Foreløpig har eg 12 namn på lappen, pluss meg sjølv.




Wednesday, November 5, 2014

Inspirerande besøk av russen

Eg har hatt besøk av fire kjekke ungdommar frå to av NLM sine vidaregåande skular. Dei to til venstre er frå Vestborg på Stranda, der eg sjølv har jobba til saman tre år under heimeopphald, og dei to til høgre er frå Lundeneset i Ølensvåg. Frå venstre: Ole Johannes Lindseth, Sylvi-Anne Tøsse, Gaute Byberg og Anne Viste.
Dei kom til meg kvelden torsdag 30. oktober, etter ein lang flytur og nokre timar kvile i Kobe. Dei ser nesten uforskamma opplagde ut etter ei så lang reise.
"Her skal vi sove i tre dagar," skreiv ein av dei i reisebloggen første kvelden, men han meinte nok tre netter...

Dei fekk ikkje sove så lenge på fredag føremiddag, for då skulle dei vere med på bibelklasse.
 På føremiddagsgruppa klarte vi oss med eitt rom, men om kvelden på Bible Club måtte vi utvide.

Det er første gong vi har hatt langbord på dette rommet, som elles fungerte som soverom for dei to jentene.

Dei norske russerepresentantane fekk god kontakt med studentane her. Også laurdagskvelden var det ganske fullt hus. Vi var 18 personar på Bible Club fredag, og 16 på filmkveld laurdag. Vanlegvis må dei gå kl 23, men sidan det var berre denne eine gongen dei hadde sjansen til å prate, let eg dei vere til dei fann ut at dei måtte legge seg. Dei siste gjekk i 0.30-tida.
Noko som overraska mange av studentane her, var å høyre at dei norske ungdommane ikkje skal direkte på universitetet neste år. Ein av dei skal i militære, og dei tre andre skal ta eit år på bibelskule. Det vart utgangspunktet for ein fin samtale. Ei kinesisk jente, som enno ikkje er blitt ein kristen, sa at ho har lyst å gå på bibelskule i Norge!

Eg spurde elevane frå Vestborg og Lundeneset seinare om dei hugsa kor mange kristne japanske ungdommar dei hadde truffe i løpet av desse to dagane i Matsue. Svaret er TO.  Ei av dei på fredagskvelden, og ei på laurdagskvelden. Det seier litt om kor viktig det er at skulane har vald prosjekt i Japan. Situasjonen her er iallfall veldig forskjellig frå ein kristen internatskule i Norge der kanskje dei fleste er vedkjennande kristne.
Alle i Bible Club presenterte seg og sa litt om kvifor dei kjem på Bible Club. Til mi overrasking var det mange av dei ikkje-kristne som sa at dei var interesserte i Bibelen. Kor mange ikkje-kristne i Norge ville seie det samme? Så eg forstår at det er ikkje berre engelsk eller mat som gjer at dei kjem.

På laurdag vart det tid til litt sightseeing, mellom anna til Matsue Castle. Eg fortalde dei at det var her den første misjonæren frå NLM, Gabriel Eikli, kom ilag med nokre fleire, såg utover byen og bestemte å starte misjonsarbeid i Matsue.


Ifrå femte etasje i borga er det god utsikt i alle himmelretningane. Ungdommane har med mykje bilete og film heim som dei skal bruke til å inspirere medelevar, og til å formidle informasjon om misjonsarbeidet.
Og det er ikkje eit lite mål dei har sett seg: Vestborg har som mål å samle inn 350.000 kroner, og Lundeneset, som er ein større skule, satsar på 700.000!


Søndag var vi med på gudsteneste i Yonago kyrkje. Der fekk dei endeleg treffe fleire kristne japanske ungdommar.

Nokre av lovsongane var også teksta på engelsk, så dei kunne synge med.



 Søndag ettermiddag er dei tilbake på busstasjonen i Matsue med returbillett til Kobe. På Facebook kan vi følgje med på kva dei opplever etterkvart. Du kan finne oppdateringar på Vestborgprosjektet si side "Misjonsprosjektet: Japan" og på "Lundeneset i Japan".

Laurdag 8. november set dei seg på flyet igjen, så no har dei ikkje så mange dagar att. Men dei verkar storfornøgde, og det var veldig kjekt å ha dei her!

Etter så mange overnattingsgjestar tek det si tid å vaske og tørke sengklede, men no blir det vel ingen fleire på ei stund.
Forresten, eg hadde overnattingsgjest frå måndag til tirsdag, også.
Kirsti Strand avslutta 40 års teneste i Japan for 2 1/2 år sidan, men ho måtte tilbake på besøk til japanske venner, og litt tid sette ho av også til norske venner.
Skal tru om eg også må ha meg ein tur tilbake til Japan når eg blir pensjonist?

Etter at eg hadde køyrt Kirsti til stasjonen og kom heim og opna gjesteboka, fann eg ei god helsing frå henne, med Joh.op. 3,8:
"Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn."

Dette ordet vart til oppmuntring for meg igjen. Eg blir så ofte trøytt og lei, og synest ikkje det er så spennande å vere misjonær. Og eg kjenner på at eg har lita kraft. Men ingen kan stengje den døra som Jesus har opna. 
Berre den morgonen Kirsti var her, fekk eg to telefonar frå folk som vil vere med i bibelklasse. Den første var frå ei kvinne i Nima, som lurte på om eg kan starte engelsk bibelklasse for henne og ei til på onsdag føremiddag, når eg likevel overnattar etter klassa på tysdagskvelden. Den andre telefonen var ifrå ei som eg traff på laurdag, som bur nær kyrkja vår i Matsue. Ho lurte på om ho kan komme på neste bibelklasse der.
Og ikkje nok med det: Ei av studentane på Bible Club sende meg ei melding på Facebook om at ho kjenner ei ung mor som gjerne vil vere med i føremiddagsklassa mi. Eg fekk telefonnummeret, så eg bør vel ringje henne snart.

Kva er det som skjer her??

"Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja."
Var det ikkje samme ordet Kirsti helsa meg med på utreisefesten i 2010, skal tru?

Vestborg- og Lundeneset-elevane ga meg også inspirerande tilbakemeldingar. Av og til kan det vere godt å høyre det frå dei som kjem utanfrå, for eg ser ikkje så godt sjølv alltid.

Eg siterer frå gjesteboka:
"Spesielt takknemlig for å møte de japanske studentene på Bible Club og filmkveld. Også takknemlig for å se på arbeidet du driver med, og jeg ser at det gror."

"Det har vore nokre fantastiske dagar, som eg gler meg til å fortelje om i Norge."

"Flott arbeid som vi skal følge vidare!"

"Er med og ber for arbeidet du gjør her, for det er utrolig bra, uansett hvor lite lys du ser i enden av tunnelen."

Tusen takk for oppmuntringane, Anne, Gaute, Sylvi-Anne og Ole Johannes!
Og lukke til med å inspirere medelevar og misjonsfolk til å vere med og gi og be! Det trengst.








Wednesday, October 29, 2014

Fire byar, tre kyrkjer og ein shintoheilagdom på éin dag

Det er ikkje ofte eg har overnattingsbesøk, men når det først skjer, så blir det mange på ein gong. Første pulje var viktige personar i misjonen. Stedlig representant Gunnar Urstad (t.v. ved oppvaskbenken) hadde med seg den nye misjonssekretæren vår, Ole Morten Stavland, på ein introduksjonsrunde på feltet. Dei tok frivillig oppvasken etter kveldsmaten sist onsdag.
Avtroppande misjonssekretær Magne Gillebo var på sin siste runde i Japan, og leverte stafettpinnen til Ole Morten. Magne lova å ta oppvasken etter frukost neste morgon, noko han også gjorde. Det er veldig greitt å ha slike gjestar!

Torsdag var vi på farten frå morgon til seint om kvelden. Fire byar med tre kyrkjer og eit shintotempel fekk vi besøkt.
Her er vi på bønnemøte i Arashima på føremiddag, der eg tolka for gjestane. Gunnar kunne godt ha gjort det, men han insisterte på at eg skulle hjelpe til. (Foto: Aika Ishimaru)

Kyrkjepresident Matsumura kom og plukka oss opp i Arashima. Etter ein god lunsj var neste stopp Izumo kyrkje, der evangelist Seima hadde skrive velkomst på engelsk. Eitt mål var å vise oss kyrkja og arbeidaren der, men eit anna mål var å vise gjestane avgudsdyrkinga ved den kjende shinto-heilagdommen i byen, som er ei utfordring for kyrkjene i området her.

Dei to japanarane gjorde så godt dei kunne for å svare på alle rare spørsmål frå utlendingane. Og eg prøvde å tolke så godt eg kunne. Matsumura fortalde korleis han brukte å gå i shintoheilagdomen før han vart ein kristen.
Mange går i shinto-templet utan eigentleg å vite kva eller kven dei tilber, meiner pastor Matsumura.

Inne i dette bygget skal visst det "aller heilagste" vere, der berre shintopresten kan gå inn. Dei andre må stå utanfor og be vendt mot rommet der hovudguden er.
Her står det kva retning ein skal vende seg og korleis ein skal påkalle guden.

Dette treet er fullt av bønnelappar, eller spådomslappar som folk kjøper.

Her er ikkje porten trang og vegen smal. Shintoismen har plass til alle, og der er millionar av gudar. Men ingen frelsar...
Månaden oktober heiter på gammalt i området her "månaden med gud", men i andre delar av landet heiter det "månaden utan gud". Det heng saman med at i oktober samlast alle gudane frå heile landet i det store Izumo Taisha.

Utanfor shintoporten såg gutane noko interessant. Men kaffien tok vi då vi var tilbake i Izumo kyrkje.

Her har vi forlatt Izumo igjen, har køyrt gjennom Matsue og Yasugi (der Arashima ligg), og er no i den fjerde byen, Yonago. Her serverte folk i kyrkja litt av eit måltid, av alle mulige delikatesser. Eg forstår godt at Matsumura hadde det travelt med å komme tilbake, for å gi oss god tid til å nyte maten før møtet vi skulle vere med på om kvelden.
Grunnen til papp-veggen i bakgrunnen er ikkje at vindauga er knuste, men fordi naboar har klaga på bråk når borna er på søndagsskule her. Så det er rett og slett lydisolering!
Gjestane sette pris på den japanske maten. Men då japanarane fekk sjå bilete av "typisk norsk mat", vart dei litt meir skeptiske...
Gunnar viser presteparet korleis "smalahove" ser ut. Typisk norsk mat???


Det vart ein lang dag, med besøk i tre byar og overnatting i ein fjerde by. Dagen etter køyrde gjestane til Tottori, før vi møttest på Hiruzen Bible Camp om kvelden. I helga hadde vi ei fin misjonærsamling med fellesskap og samtale om strategi og framtidsvisjonar for arbeidet i Japan.

 
 Det er haust på Hiruzen, med flotte fargar. Her er nokre glimt.









Etter å ha rydda og vaska sengklede etter dei første gjestane, er det no klart for neste gruppe. Dei sit no på flyet til Japan. Det er to representantar frå russen på Vestborg vgs og to frå Lundeneset vgs. Dei skal vere med meg frå torsdag kveld til søndag for å samle informasjon og bli inspirerte til å motivere medelevar til ein innsats for russeprosjekta, som denne gong er barne-og ungdomsarbeid og media-arbeid i Japan.

Eg har fullt opplegg for dei her, så eg får håpe dei er sporty og kjem seg opp om morgonen ;) Etter å ha jobba som internatleiar på Vestborg, veit eg av erfaring at det er ikkje det enklaste for ein internatelev...

Monday, October 20, 2014

Den tørre døypefonten

- Er det nattverdelementer i det begeret? Det var kommentaren frå min tidlegare bibelskulelærar då eg la ut dette biletet på Facebook søndag ettermiddag.
Nei, det er verken nattverdskalk eller beger for nattverdelement, men rett og slett ei skål for dåpsvatn. Kan vi kalle det døypefont, sjølv om det ikkje liknar på døypefonten i ei norsk kyrkje?

Det var eigentleg dei fine blomstrane eg ville ta bilete av før gudstenesta i Matsue sist søndag. Vanlegvis sit eg ikkje så langt framme, men sidan eg skulle preike, sat eg på fremste benk denne morgonen. Kvar søndag er der nye blomster på bordet, men denne dagen synest eg dei var ekstra fine, lyst opp av sola som kom inn gjennom vindauget.

Kvar søndag blir også duken over døypefonten tatt av. Presten meiner det skal invitere til dåp, men eg trur folk flest eigentleg ikkje veit kva slags beger dette er. Iallfall ikkje dei som ikkje er døypte, og som aldri har sett døypefonten i bruk. 

Og det er faktisk ei god stund sidan det har vore vatn i døypefonten. Kan det vere påska for 2 1/2 år sidan, då? Vi hadde ein dåp i påska i fjor, men det skjedde i sjøen, og der var det iallfall nok vatn.

I påska 2012 vart ein ung mann døypt. Etter det har ikkje døypefonten blitt brukt. Barnedåp er enno meir sjeldan enn vaksendåp her. Det har fleire grunnar. I kyrkja er der få medlemmer i "produktiv alder", så då blir det heller ikkje så mange babyar. To som er blitt fødde etter at eg kom tilbake til Matsue i 2010, har kristen mor, men faren gir henne ikkje lov til å bere dei til dåpen. Og ein annan familie har baptist-bakgrunn og har enno ikkje fått eit luthersk dåpssyn. Og dei ikkje-kristne går i Shinto-templet for å få babyane sine velsigna. 

Sidan det ikkje er mange barnedøypte, blir det også sjeldan det er konfirmasjon. Og ofte er det ein eller to i gongen. I Aotani kyrkje i Kobe har dei nettopp hatt konfirmasjon med tre konfirmantar, og det kan vi vel rekne som eit stort kull...
 Her ser vi konfirmantane i Aotani kyrkje 12. oktober. To av jentene er 13 år, og den tredje er 12 1/2. Eg spela forresten brudemarsjen då foreldra til jenta i midten gifta seg. (Foto: Tomoko Matsuda)

Sjølv om det har vore "dåpstørke" i Matsue, skjer det heldigvis litt andre plassar.
Sist søndag var det barnedåp i Tottori, i den kyrkja eg arbeidde i første perioden. Eg har fått lov av mor til dåpsbarnet å legge ut dette biletet. Far til barna kjenner eg sidan han gjekk på ungdomsskulen.


Det finst heldigvis framleis unge, kristne familiar som vil bere barna sine til Jesus og oppdra dei i den kristne trua. Begge foreldra har også vakse opp i ein kristen heim.

 Dette biletet er frå Izumo kyrkje i mars i år. Det siste pastor Maekawa fekk gjere før han flytta over til Aotani kyrkje, var å døype denne kvinna, som hadde gått i kyrkja i mange år.

Skal tru når vi får fylle vatn i døypefonten i Matsue kyrkje, igjen? I Arashima er det også "tørke" for tida. Vi har nokre "på kroken", men ingen kan bli tvinga til dåp. Det må vere kvar enkelt som svarer på kallet ifrå Jesus. Men du som ber til Gud, veit du iallfall kva du kan be for.

Til slutt vil eg ta med nokre glimt av ting som eg observerte sist søndag.


Klokka 8.50 på søndags morgon var det kø utanfor biblioteket. Skuleungdom er tidleg oppe for å lese. Dei får meir arbeidsro på biblioteket enn heime. Men det var inga kø framfor kyrkja då eg kom dit nokre minutt seinare...



På veg heimover etter kyrkjetid var det fullt liv i gatene med den årlege trommefestivalen.


Til og med ein hund var kledd opp i festivaldrakt.


INTERNASJONAL KVELDSGUDSTENESTE
Om kvelden var det ny gudsteneste, og eg hadde samme preika som på morgongudstenesta, berre på engelsk denne gongen.
Også denne kvelden var fleire ikkje-kristne med. Vil du be om at vi snart kan få bruk for døypefonten igjen?

Det ser ut som om både stemninga og trivselen er bra. Dei fleste her er japanarar, men her er også folk ifrå Korea, USA, Salomo-øyane og Kenya.