Wednesday, November 5, 2014

Inspirerande besøk av russen

Eg har hatt besøk av fire kjekke ungdommar frå to av NLM sine vidaregåande skular. Dei to til venstre er frå Vestborg på Stranda, der eg sjølv har jobba til saman tre år under heimeopphald, og dei to til høgre er frå Lundeneset i Ølensvåg. Frå venstre: Ole Johannes Lindseth, Sylvi-Anne Tøsse, Gaute Byberg og Anne Viste.
Dei kom til meg kvelden torsdag 30. oktober, etter ein lang flytur og nokre timar kvile i Kobe. Dei ser nesten uforskamma opplagde ut etter ei så lang reise.
"Her skal vi sove i tre dagar," skreiv ein av dei i reisebloggen første kvelden, men han meinte nok tre netter...

Dei fekk ikkje sove så lenge på fredag føremiddag, for då skulle dei vere med på bibelklasse.
 På føremiddagsgruppa klarte vi oss med eitt rom, men om kvelden på Bible Club måtte vi utvide.

Det er første gong vi har hatt langbord på dette rommet, som elles fungerte som soverom for dei to jentene.

Dei norske russerepresentantane fekk god kontakt med studentane her. Også laurdagskvelden var det ganske fullt hus. Vi var 18 personar på Bible Club fredag, og 16 på filmkveld laurdag. Vanlegvis må dei gå kl 23, men sidan det var berre denne eine gongen dei hadde sjansen til å prate, let eg dei vere til dei fann ut at dei måtte legge seg. Dei siste gjekk i 0.30-tida.
Noko som overraska mange av studentane her, var å høyre at dei norske ungdommane ikkje skal direkte på universitetet neste år. Ein av dei skal i militære, og dei tre andre skal ta eit år på bibelskule. Det vart utgangspunktet for ein fin samtale. Ei kinesisk jente, som enno ikkje er blitt ein kristen, sa at ho har lyst å gå på bibelskule i Norge!

Eg spurde elevane frå Vestborg og Lundeneset seinare om dei hugsa kor mange kristne japanske ungdommar dei hadde truffe i løpet av desse to dagane i Matsue. Svaret er TO.  Ei av dei på fredagskvelden, og ei på laurdagskvelden. Det seier litt om kor viktig det er at skulane har vald prosjekt i Japan. Situasjonen her er iallfall veldig forskjellig frå ein kristen internatskule i Norge der kanskje dei fleste er vedkjennande kristne.
Alle i Bible Club presenterte seg og sa litt om kvifor dei kjem på Bible Club. Til mi overrasking var det mange av dei ikkje-kristne som sa at dei var interesserte i Bibelen. Kor mange ikkje-kristne i Norge ville seie det samme? Så eg forstår at det er ikkje berre engelsk eller mat som gjer at dei kjem.

På laurdag vart det tid til litt sightseeing, mellom anna til Matsue Castle. Eg fortalde dei at det var her den første misjonæren frå NLM, Gabriel Eikli, kom ilag med nokre fleire, såg utover byen og bestemte å starte misjonsarbeid i Matsue.


Ifrå femte etasje i borga er det god utsikt i alle himmelretningane. Ungdommane har med mykje bilete og film heim som dei skal bruke til å inspirere medelevar, og til å formidle informasjon om misjonsarbeidet.
Og det er ikkje eit lite mål dei har sett seg: Vestborg har som mål å samle inn 350.000 kroner, og Lundeneset, som er ein større skule, satsar på 700.000!


Søndag var vi med på gudsteneste i Yonago kyrkje. Der fekk dei endeleg treffe fleire kristne japanske ungdommar.

Nokre av lovsongane var også teksta på engelsk, så dei kunne synge med.



 Søndag ettermiddag er dei tilbake på busstasjonen i Matsue med returbillett til Kobe. På Facebook kan vi følgje med på kva dei opplever etterkvart. Du kan finne oppdateringar på Vestborgprosjektet si side "Misjonsprosjektet: Japan" og på "Lundeneset i Japan".

Laurdag 8. november set dei seg på flyet igjen, så no har dei ikkje så mange dagar att. Men dei verkar storfornøgde, og det var veldig kjekt å ha dei her!

Etter så mange overnattingsgjestar tek det si tid å vaske og tørke sengklede, men no blir det vel ingen fleire på ei stund.
Forresten, eg hadde overnattingsgjest frå måndag til tirsdag, også.
Kirsti Strand avslutta 40 års teneste i Japan for 2 1/2 år sidan, men ho måtte tilbake på besøk til japanske venner, og litt tid sette ho av også til norske venner.
Skal tru om eg også må ha meg ein tur tilbake til Japan når eg blir pensjonist?

Etter at eg hadde køyrt Kirsti til stasjonen og kom heim og opna gjesteboka, fann eg ei god helsing frå henne, med Joh.op. 3,8:
"Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn."

Dette ordet vart til oppmuntring for meg igjen. Eg blir så ofte trøytt og lei, og synest ikkje det er så spennande å vere misjonær. Og eg kjenner på at eg har lita kraft. Men ingen kan stengje den døra som Jesus har opna. 
Berre den morgonen Kirsti var her, fekk eg to telefonar frå folk som vil vere med i bibelklasse. Den første var frå ei kvinne i Nima, som lurte på om eg kan starte engelsk bibelklasse for henne og ei til på onsdag føremiddag, når eg likevel overnattar etter klassa på tysdagskvelden. Den andre telefonen var ifrå ei som eg traff på laurdag, som bur nær kyrkja vår i Matsue. Ho lurte på om ho kan komme på neste bibelklasse der.
Og ikkje nok med det: Ei av studentane på Bible Club sende meg ei melding på Facebook om at ho kjenner ei ung mor som gjerne vil vere med i føremiddagsklassa mi. Eg fekk telefonnummeret, så eg bør vel ringje henne snart.

Kva er det som skjer her??

"Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja."
Var det ikkje samme ordet Kirsti helsa meg med på utreisefesten i 2010, skal tru?

Vestborg- og Lundeneset-elevane ga meg også inspirerande tilbakemeldingar. Av og til kan det vere godt å høyre det frå dei som kjem utanfrå, for eg ser ikkje så godt sjølv alltid.

Eg siterer frå gjesteboka:
"Spesielt takknemlig for å møte de japanske studentene på Bible Club og filmkveld. Også takknemlig for å se på arbeidet du driver med, og jeg ser at det gror."

"Det har vore nokre fantastiske dagar, som eg gler meg til å fortelje om i Norge."

"Flott arbeid som vi skal følge vidare!"

"Er med og ber for arbeidet du gjør her, for det er utrolig bra, uansett hvor lite lys du ser i enden av tunnelen."

Tusen takk for oppmuntringane, Anne, Gaute, Sylvi-Anne og Ole Johannes!
Og lukke til med å inspirere medelevar og misjonsfolk til å vere med og gi og be! Det trengst.








2 comments:

  1. Så kjekt med besøk Inger!
    Godt med oppmunting i kvardagen!

    klem

    ReplyDelete
  2. Ja, det er sant, men det er ikkje så lett å få oppmuntringane til å vare lenge...

    ReplyDelete