Monday, November 24, 2014

Xavier og Valbø

Begge var/er misjonærar frå Europa, men det er kanskje ikkje så mykje anna vi har felles. Frans Xavier var den første som kom med kristendommen til Japan, i 1549, ganske nøyaktig 400 år før NLM kom. Før han kom hit til landet, hadde han også misjonert i India og Molukkene nokre år, og etter vel to (ja, 2) år i Japan, reiste han vidare til Kina, der han døydde ikkje lenge etter.
Xavier var frå Spania, og var sendt ut av jesuittordenen. Her kan du lese meir om han:
I løpet av dei to åra Xavier verka i Japan, var han nokre månader i Yamaguchi, ein by omlag 28 mil sørvest for Matsue. Byen ligg i fylket med samme namn.
Laurdag 15. november var eg også ein tur til Yamaguchi. Min "nye" GPS kom verkeleg til nytte. Eg vart eg geleida heilt fram til parkeringsplassen til kyrkja der Laget (KGK) hadde distriktssamling. Med meg i bilen hadde eg Kim, ei koreansk kristen jente som studerer ved universitetet her i Matsue.


Lagssekretær Suzuki heldt andakt for studentane utifrå Rom.10, 13-15:
"Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst. 
Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på?
Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? 
Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? 
Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende?"
Dette er kjende ord for meg, og ganske personlege, sidan eg møtte kallet gjennom desse spørsmåla, som eg ikkje kom utanom.
Ingen kan komme til tru utan at dei får høyre om Jesus, og ingen kan høyre utan at nokon fortel det. Suzuki understreka at misjon ikkje berre er å reise til andre land, slik som Xavier gjorde, og utfordra studentane til å sjå seg sjølve som sendte av Gud til universitetet der dei er.

Så var det tid for å lære litt meir om Xavier og korleis kristendommen kom til Japan. Vi gjekk i flokk og følgje til St. Francis Xavier Memorial Church. Undervegs møtte vi nokre utfordringar.
Trapper er ikkje akkurat best egna for rullestol. På tilbaketuren fann vi ein annan veg utan trapp.
Minnekyrkja fungerer både som katolsk kyrkje og museum. Eg hadde forventa å sjå ein katedral i gammal stil, men vart overraska over at kyrkja var så ny. Etterpå fekk eg vite at den gamle kyrkja hadde brunne ned.
Det var ei flott kyrkje, både utvendig og innvendig, men inne var det dessverre forbode å fotografere.  Frå galleriet høyrde eg kjende tonar av eit Bach-preludium, eitt av dei få som eg også klarer å spele.
I underetasjen var det utstilling frå Xavier sitt liv og virke.
Det som gjorde sterkast inntrykk, var å lese om resultatet av Xavier sitt misjonsarbeid. Sjølv om han var i Japan berre vel 2 år, skal omlag 800 000 ha blitt kristne. Berre i Yamaguchi, der han var i 4 månader, var omtrent 500 blitt døypte. Til samanlikning har eg vore i Japan i over 17 år, og 7 av desse har eg budd i Matsue og arbeidd i distriktet her. Men kva resultat kan eg vise til?
Eg skulle gjerne visst meir om kva slags strategi Xavier brukte, og om personane bak desse høge tala verkeleg hadde fått ei levande tru på Jesus.
Eg kan ikkje vise til store tal på folk som er blitt kristne på grunn av arbeidet her, men eg får iallfall gi folk ein sjanse. Og Jesus spør ikkje først og fremst etter resultat, men etter truskap i det små.
Eg var glad for å samle denne "buketten" av jenter denne dagen. Kim frå venstre var med meg frå Matsue. Det er henne eg prøver å oppmuntre til å leie bibelstudiet ved universitetet her. Dei to andre jentene er ifrå Matsue og har vakse opp i vår lutherske kyrkje her. H til høgre studerer i Hamada, vest i dette fylket. Det var ho som var med meg på sommarleiren. M i midten studerer i Yamaguchi og kom på sykkel denne dagen. Ho vart med fordi H og eg hadde invitert henne.

Til saman vart vi ein bra flokk. Dei fleste her er kristne studentar, spreidde over eit ganske stort område i Vest-Japan. (Chugoku og Shikoku. Nokre kom også frå Kyushu.)
Det vart ein lang dag, med omtrent 9 timar til saman i bil. Men med å øve på korsongar til julekonserten eller å telje tunnelar (over 40) heldt passasjeren meg vaken heile vegen.

Eg har lyst til å introdusere ein annan student som også kjem frå området her. Foreldra er medlemmer i Izumo kyrkje, der eg er ein søndag i månaden. I oktober traff eg denne kjekke jenta for første gong, då ho var heime ein tur og var med foreldra sine i kyrkja. Ho vart også med på den engelske bibelklassa mi på ettermiddagen. På biletet nedanfor er ho ilag med den eldste deltakaren i bibelgruppa mi.
Då eg fekk høyre at ho studerer i Nagoya, kom eg på at det var dit Yuya flytta, han som var lagssekretær her i fjor. Så eg spurde om eg kunne be han ta kontakt, og det ville jenta gjerne.
Så har vekene gått, og eg hadde nesten gløymt dette. 
På laurdag fekk eg ei melding på Facebook frå Yuya, der han skriv: "I går møtte eg A for første gong. Ho kom på bibelstudie ved universitetet." Og han sende dette biletet:
 Eg har fått lov av denne studenten til å legge ut bileta og nemne henne. Eg er glad for at eg iallfall har lukkast med å setje henne i kontakt med kristne. I går då eg igjen var i Izumo, kom mora strålande og sa at dottera hadde fortalt at ho hadde vore med på bibelstudie! Og eg kunne overrekkje mora utskrift av dette biletet og helsing frå lagssekretæren.

Studentlagsarbeid i det små. Men det kan ha store ringverknader.

I bilen heimover frå Yamaguchi vart Kim og eg samde om at vi vil prøve å starte oppatt bibelstudiet ved universitetet. Det starta så bra før sommarferien, då Suzuki var her, men så har det ikkje blitt meir før no sist veke. Ei ikkje-kristen jente hadde sagt ho ville komme, men vart forhindra, så denne gongen var det berre Kim og eg, men vi delte Guds ord og ba for ho som ikkje var der. Denne veka har ho sagt ho vil komme. Frå no av prøver vi å samlast kvar torsdag i lunsjpausen.
Eigentleg er det ikkje lov å ha religiøse samlingar ved dette universitetet (pga tidlegare problem med sekter) , så vi kan ikkje annonsere offentleg. Men vi samlast framfor dette bygget, og finn eit ledig grupperom i 11. etasje. Hittil har ingen jaga oss...
Så eit par glimt ifrå den internasjonale gudstenesta i går.
Eg får god hjelp til å leie lovsongen. Men øving må til.

Ein av dei som har vore trufast med i lovsongsteamet, reiser til Thailand for å jobbe for firmaet der. Så i går hadde vi avskjed for han. Men det er kjekt at det også er nye som kjem. To av dei nye har vore på Bible Club, men var på internasjonal gudsteneste for første gong.

 Så er det blitt ei ny veke, med nye utfordringar. I morgon køyrer eg til Nima igjen. Allereie to veker har gått sidan eg var der sist. Og snart to veker sidan sist eg skreiv på bloggen, også. Ho som eg skreiv om sist, sende meg ei ny melding i går:
"Eg har øvd på "Only by grace" på YouTube kvar dag. Her og der klarer eg ikkje å følgje med, men eg liker denne songen. Eg gler meg til å synge den til piano på tirsdag."
Snakk om ivrig student!
Slik går no dagane, og eg har vel ei oppgåve her, eg, også, sjølv om eg ikkje på nokon måte kan måle meg med Xavier. Vel, kanskje eg kan litt meir japansk etter 17 år enn han kunne etter 2 år?? Iallfall kan eg sjølv meir no enn då eg var ferdig med den 2-årige språkskulen.

Litt hauststemning frå byen min til slutt:



 Ha ei god veke der du er!


No comments:

Post a Comment