Sunday, March 3, 2019

Hongkong-øya utan personbilar

Hongkong består av fleire øyar, i tillegg til det som høyrer til fastlandet. Ein norsk misjonær hadde anbefalt å ta turen til ei lita øy som er favorittstaden for avslapping for misjonærane. Øya er fri for personbilar. Berre små lastebilar (moped med tilhengar-type), ein liten ambulansebil og ein liten brannbil såg vi.

Øya heiter Cheung Chau. Vi valde personferja, som tek 55 minutt. Hurtigbåt tek 35 minutt.
(Bilferje har dei av naturlege årsaker ikkje.)

Cheung Chau er ei lita øy på 2,46 km2, men har omlag 23.000 innbyggjarar. Til samanlikning så er Remøya på Sunnmøre 3,6 km2, men har berre 342 innbyggjarar (2012)!
Men det er nok meir biltrafikk på Remøya, ikkje minst på grunn av alle som køyrer gjennom på veg til Runde.
På Cheung Chau var det stort sett stille og fredeleg. På grunn av regnet var det heller ikkje så mykje folk ute og gjekk, men vi var ikkje dei einaste turistane.

Dersom det ikkje hadde regna, ville vi ha leigt syklar og sett oss meir rundt.

Om folk ikkje har bilar her, så har dei dess fleire båtar. I alle fargar. Nær kaia var der eit tempel der dei brende røykelse og truleg bad for folk som var ute på sjøen.

Medan vi rusla i dei smale gatene, kom det plutseleg ein liten ambulansebil forbi. Vi såg eit sjukehus på øya.

Hundetoalett hadde dei også.


Her bur det visst ikkje berre kinesarar. Eg stoppa opp og tok bilete av denne fine tyske postkassa. Rett etterpå kom ein mann ifrå andre sida av vegen. "Takk for at du tok bilete av postkassa mi, " sa han på engelsk. Det var tyskaren. Han budde i eit stort flott hus med port, og to vakthundar innanfor.

Vi var på leiting etter eit retreatsenter.
Her er vi på veg opp til Betania. 
Vi kom midt i lunsjpausen, så vi traff ikkje dei som jobbar der. Sjølve hadde vi hatt ein lang og sein frukost på ein kafé før vi reiste, så vi var ikkje svoltne endå.

Retreatsenteret hadde ein fin hage med mykje grønt og mykje blomster.
Og ein katt som verka glad for å få besøk.

"Ha det gøy med Gud", stod det på plakaten.

Eg forstår godt at misjonærane er glade i denne øya. Her er det stille og roleg, samanlikna med storbylivet i sentrum. Men det var første gong den japanske misjonæren var her. Truleg ikkje siste.


 Tilbake til storbyen. 



 Kontrastane er store. 

Måltid nummer tre denne dagen. Men vi var fire som delte på det, altså. Den fjerde var ei av dei kinesiske jentene vi traff i kyrkja dagen før. No var ho ferdig på jobb, og møtte oss på byen.

Her seier vi godnatt til dei to damene og finn vegen tilbake til hotellet denne kvelden, også. Måndag 18. februar.




Monday, February 25, 2019

Kvar som helst, - berre ikkje Hongkong!

Medan eg gjekk på misjonsskulen og skulle tenkje på kvar i verda eg ønska å bli sendt, kjende eg ikkje på noko kall til eit spesielt misjonsfelt, så eg var ganske open for det meste. Bortsett frå Hongkong. Akkurat DER trudde eg ikkje ei bygdejente frå Valbøen kunne passe inn. Bakgrunnen var truleg ei bok eg hadde lese av ei som var misjonær i Hongkong. Så langt eg hugsar, var tittelen "Liten kvinne i stor by", av Bjørg Hansen. Det verka litt skummelt å reise åleine til Hongkong.
I staden skreiv eg Etiopia på første ønske, medan Japan/Taiwan kom på andreplass.
Eg visste der også var storbyar i Japan, men der var også landsbygder.
Då eg fortalde mamma at eg var blitt plassert i Japan, sa ho berre:
- Det visste eg før hovudstyret bestemte det!
Så då så. Då var det vel til Japan eg skulle, då.
Etter å ha budd seks år i Osaka, veit eg at eg også klarer å tilpasse meg eit liv i ein storby. Så kanskje hadde det også gått greitt å skulle bu i Hongkong, også.

Men no har eg faktisk vore i Hongkong! Ein liten svipptur ifrå næraste flyplass i Yonago på ein utvida helgatur.
Lita kvinne i stor by. Ser du meg?

Det var godt å ha reisefølgje. Shoko hadde vore i HK ein gong før, og ho spurde seg fram der ho trengde. Det artige var at når ho spurde på engelsk, såg dei på meg når dei svara. Det var ganske sutalaust å følgje etter Shoko.
Dei to første dagane var vi også ilag med den japanske misjonæren Maki Ikegami, som er utsending frå WJELC. Søndag møtte ho oss på undergrunnstasjonen ved kyrkja. Det gjeld berre å avtale rett bokstav og nummer på utgangen, så går det faktisk an å  finne kvarandre i folkehavet!

Kyrkja hadde det kanskje ikkje vore så enkelt å finne på eiga hand. Oppe i tredje etasje i dette bygget held Living Stone Lutherske Kyrkje til.
Salmeboka hadde notar og nokre engelske tekstar, men elles forstod vi lite av det. Maki tolka talen frå kantonesisk til japansk for oss, så det var ei god hjelp.

Avslutningssalmen var iallfall kjent for meg:



I HK hadde dei nettopp feira kinesisk nyttår, og også i kyrkja hadde dei nyttårspynt. Ho som står bakerst, til høgre for korset, er misjonæren frå Japan. Dei to jentene attmed henne var med på den internasjonale ungdomsleiren vi hadde i Japan i august i fjor. Det var kjekt å treffe dei att.

Living Stone-kyrkja feirar 60-årsjubileum dette året. Det er kjærasten til denne jenta som har laga logoen. Han er ikkje blitt ein kristen endå, men han kjem i kyrkja. Han har fått med både flammen, dei levande steinane, hjartet, korset og dua - symbolet for Den heilage ande.

På ettermiddagen fekk vi omvisning på Mei House, der det er utstilt bilete frå korleis det såg ut den første tida etter at flyktningane kom frå Kina. Det vart starta skular på taket av blokkene.
Misjonærane som vart kasta ut av Kina, følgde flyktningestraumen og starta skular. Skal tru om to av mennene her er NLM-misjonærar?

Her er vi på veg opp til Victoria Peak, det høgste punktet på 552 m.o.h. med utsikt over byen. Her var rulletrapp eit godt stykke på veg. Før kl 10 på føremiddag går rulletrappene nedover, men elles går dei oppover. Folk bur i høgda på fleire måtar her. Og langsmed var det også små butikkar heile vegen oppover. Det vart også mange bilete tatt på høgkant...

 Det er slutt på rulletrappene, og vi nærmar oss toppen, men framleis bur det folk over oss. Her var mykje skog, og vi såg både papegøye og ekkorn i trea. Så HK er ikkje berre høghus og folk overalt.

Det første biletet på bloggen viser utsikta frå toppen.

Victoria Peak ligg på hovudøya. Tilbake til fastlandet tok vi båt. Det var lysshow akkurat medan vi var ombord, så her fekk vi også sjå Hongkong by night.


Dette var glimt av det vi rakk denne første dagen, søndag 17. februar. Eg må nok kome tilbake seinare med ifrå dei to neste dagane.

Monday, February 4, 2019

Munnbind - men ikkje munnkorg!

Det er mange som er forkjøla for tida, og influensa herjar. I kyrkja var det utdeling av munnbind til dei som ikkje hadde. Det er heldigvis frivillig å bruke. Desse to på biletet hadde munnbind på heimanfrå.
Han som mottek blomster, blir takka for dei 24 åra han har tent som eldste i Matsue kyrkje. No takkar han av. - Men eg forsvinn ikkje! forsikra han forsamlinga.

Det var også han som leia både gudstenesta og årsmøtet etterpå, sjølv om han ikkje var heilt frisk att etter influensa. Han klaga over at hovudet ikkje heilt ville vere med.

Det er framleis vinter på kalendaren, men her er også fleire vårteikn. To ikkje-kristne japanske studentar vart med på gudstenesta ilag med ei kristen jente frå Eritrea.

Under årsmøtet var eg observatør, men eg hadde talerett, og hadde førebudd meg på mykje eg ville seie, både i kommentar til den sida eg hadde fått i årsmeldinga, og eit brev eg hadde skrive til styret tidlegare. Etter snart sju år med internasjonal gudsteneste, tenkte eg at det kanskje var på tide at kyrkjelyden ser verdien av det og gjer det til sitt eige ungdomsarbeid (som dei ikkje har noko alternativ til). Men så lenge eg ikkje vart utfordra til å svare på spørsmål eller kommentere det eg hadde skrive, vart eg sitjande stille og vente på ei anledning. Eg hadde førebudd meg på å seie ein del, og eg hadde stikkord på norsk både her og der.
Mot slutten av samtalen om arbeidet våga eg meg til å rette opp handa og ta ordet. Eg takka for at dei hadde tatt imot studentane som eg hadde med den dagen, og prøvde å oppmuntre til at vi ilag kan arbeide for at dåpstalet på null for 2018 kan gå opp, og at eg håper at studentane får lyst til å kome i kyrkja på føremiddag sjølv om eg er i ei anna kyrkje. Eg fekk ikkje sagt alt eg hadde tenkt, men iallfall litt.

Munnbind- men heldigvis ikkje munnkorg!

Ved utgangen plukka eg opp eit munnbind, som eg kanskje får bruk for, men foreløpig er det uopna i plastposen. Ei ung jente tok dette biletet av meg medan ho venta på foreldra, som begge var blitt valde inn i det nye styret.

Om kvelden hadde Shoko og eg middag ilag og planlegging av turen til Hongkong 16.-20. februar. Medan vi prata, chatta eg med ein HK-misjonær på ferie i Norge og fekk gode tips om plassar å besøkje, og den japanske misjonæren Maki Ikegami har eg også kontakt med. Søndag 17. februar skal vi vere med i kyrkja der ho arbeider.
Vi gler oss til tur! Ca 30 minutt å køyre til flyplassen i Yonago, og omlag 3 timar til Hongkong derifrå.

Men før det skal eg ta imot denne gjengen komande helg:

12 studentar og to lærarar frå Fjellhaug Bibelskule si Bibel&Gaming-linje er no i Japan. Fredag kjem dei til Matsue og skal vere med på Bible Club, så då blir det store gryter med curry, og fleire omgongar med riskokaren!

Laurdagen skal dei vere med på eit spennande opplegg som bror til ei veninne av meg har lagt opp til. Han planlegg å opne eit gjestehus for utlendingar i ei lita grend ved havet, og desse gutane skal få vere "prøvekaniner", og bilete og video av dei skal bli brukte til PR for gjestehuset. Dei skal mellom anna ut og hogge bambus og deretter lage ting av bambus.  Om kvelden får dei middag heime hos lokalfolket.

Søndag 10. februar tek dei del i den internasjonale gudstenesta med andakt, vitnemål og musikk. Så då skal eg prøve meg som møteleiar. Det blir første gong på desse snart sju åra vi har halde på. Vanlegvis har eg nok med å tale og spele piano. Andakta til Andreas Ruud er allereie omsett til japansk av ei jente som vart døypt i 2017 og gjerne vil hjelpe til. Ho stiller også alltid opp med saksofonen sin. Så kjekt å ha slike medhjelparar!








Monday, January 28, 2019

Ein oppbyggeleg lesefeil

Det var ikkje pastoren som las feil, men ho som las preiketeksten. Eg forstår såpass japansk no at eg forstod at dette ikkje var rett, sjølv om det høyrdest logisk ut. Men det er stor forskjell på "hanarenaide kudasai" og "hanarete kudasai". Rett og slett motsett betydning. Og begge deler gir meining. Det vart oppbyggeleg, og pastor Seima takla det fint, sjølv om han sa etterpå at han vart litt avskipla og lurte på korleis han skulle rette det opp utan at vedkommande vart såra.

Teksten i går var frå Luk. 5, 1-11, om Peters fiskefangst. Når Peter kastar garnet på Jesu ord og får så mykje fisk at båten held på å søkkje, blir han plutseleg redd og seier: "Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann. " Gå frå meg (hanarete), - han synest ikkje han passa ilag med Jesus. Peter var ærleg. Men Jesus gjekk ikkje. Heldigvis. Han var framleis ombord i båten.
For henne som las teksten, var det nok eit ønskje om at Jesus ikkje måtte gå, for ho las "hanarenaide", "Gå IKKJE frå meg!"
Dette vart veldig oppbyggeleg for meg, og visstnok også for pastoren, for på kveldsgudstenesta tok han det også inn i bøna, "Gå ikkje frå meg, Herre!"

Istaden for å gå ifrå Peter, kalla Jesus han til å følgje seg og fiske menneske. Pastor Seima fekk også fram det på ein fin måte. Eg har ofte tenkt på at oppdraget om å fange eller fiske menneske kan bli oppfatta som tvang, at dei som blir "fiska", blir fanga og bundne, men det er nettopp det motsette som skjer. Pastoren talte om garnet, som han kalla Guds ord-garnet eller frelsesgarnet. Det er eit garn som set menneske fri frå djevelens garn. Det er oppdraget. Og då må eg også be som ho som las teksten i går, og som pastoren bad i gårkveld: "Gå ikkje frå meg, Herre!"

Dette var tankar som eg måtte få dele ifrå søndagen i Izumo kyrkje.

No vil eg gå litt tilbake til søndagen før. Då hadde vi internasjonal gudsteneste i Matsue. Det var ikkje så veldig stor flokk denne gongen, men der var fleire ikkje-kristne som var med. Pastor Mori talte for oss for første gong. Eg hadde spurt om han kunne tale på japansk, men han ville gjerne tale på engelsk, og det klarte han veldig bra! Etter gudstenesta var det fleire som ville sjå på bøkene han hadde med.
Særleg var det den første japanske omsetjinga av Johannes-evangeliet som vekte interesse.


Den internasjonale gudstenesta er også ein plass å få nye venner. Ei jente frå Vietnam vart kjend med Laura, som vart døypt i Izumo i fjor sommar.

Dei fleste ungdommane som kjem i kyrkja på søndagskvelden har først gått på Bible Club ei stund. Og mange av dei kjem fredag etter fredag. For mange betyr det nok ein del å få middag før vi studerer Bibelen, men det hender også at dei kjem berre til bibelstudiet dersom dei ikkje har tid til å vere med på middagen. Då forstår eg at dei kjem fordi dei vil lære meir.

 Ei jente som vart døypt for 1 1/2 år sidan, tok dette biletet av meg sist fredag. På Facebook skreiv ho at då ho byrja å komme på Bible Club, betydde det mykje for henne å komme inn i ein heim, og at eg vart som ei reservemor for henne. Slikt varmar!
Denne dagen slapp eg å stresse så mykje med matlaginga. Ei av husmødrene i bibelgruppa på føremiddagen lagar mat for oss ein gong i månaden, og då er det berre å koke ris og varme oppatt maten ho har laga før ungdommane kjem. Denne dama er ikkje kristen, men ho liker å lage mat og hjelper oss på denne måten. Det er eg veldig takksam for!

Her har vi bibelstudie på det internasjonale kultursenteret. Fleire av desse studentane blir ferdige ved universitetet til våren, så det er begrensa kor mange gonger dei kan vere med heretter. Difor er kvar fredag viktig for dei.


Sist fredag nemnde eg igjen studentleiren i mars, og med ein gong fekk jenta til høgre lyst til å vere med. Idag har ho meldt seg på. I tillegg får eg med ei tidlegare søndagsskulejente i kyrkja vår Izumo. Ho blir ferdig med vidaregåande i mars og er akkurat gammal nok til å bli med på studentleir. Vi får kanskje med ei jente til ifrå Izumo.
Det er tre år sidan sist eg fekk med studentar på leir, så no er eg ganske fornøgd, sjølv om dei eg eigentleg hadde satsa på å få med, ikkje kan likevel.
Kanskje er det nokre nye knuppar som held på og opnar seg?

 Det er eigentleg vinter her, sjølv om snøen let vente på seg. Plommetrea blomstrar allereie.


8.-10. februar får vi besøk av ei stor gruppe frå Bibel-og gaming-linja på Fjellhaug Bibelskule. Dei er allereie komne til Tokyo.

(Foto: Andreas Ruud)
Dette biletet sende dei meg frå Gardermoen før avreise. Dei har med seg to lærarar, så dei er 14 til saman. Heldigvis har dei ordna seg med hotell sjølve, men det blir nokre ekstra å koke middag til på Bible Club den fredagen. Til gjengjeld hjelper dei meg med andakt, song, pianospel og vitnemål på den neste internasjonale gudstenesta den 10. februar.
Denne gjengen kan nok bli eit spennande trekkplaster for å samle ungdommane her.

Laurdagen blir det også eit spennande opplegg for dei norske gutane. Her kan det bli kultur- og naturopplevingar i fleng, langt frå datamaskinar og gaming.

Før eg avsluttar, vil eg igjen minne om lesefeilen. Det vart ikkje så feil likevel. "Gå ikkje frå meg, Herre!" Eg treng iallfall å be den bøna. Gjer du?

Du som freden meg forkynner,
du en Frelser, jeg en synder,
du med Amen, jeg med bønn,
du med nåden, jeg med skammen,
- å, hvor vi dog passer sammen,
du Guds salvede, Guds Sønn! 





Tuesday, January 15, 2019

Mjøl nok

Under førebuinga av preika til sist søndag vart eg inspirert til å ta fram att jubileumskantata "Det brenn ein eld", som vart laga for NLM sitt 100-årsjubileum i 1991. Til sommaren blir det allereie 28 år sidan urframføringa under generalforsamlinga i Bergen, der det starta i 1891.
Idag har eg hatt ein roleg heime/kontordag, med brødbaking innimellom, og då går naturleg tankane til song nummer to: "Mjøl nok".
Det var nokre unge jenter i Bergen som hadde fått eit kall frå Gud om å sende misjonærar til Kina. Men dei fekk høyre at det dei tenkte på, var som å kaste mjøl på havet. Med andre ord, det ville ikkje bli noko av det. Berre bortkasta energi. Då svara ei av jentene: "Men Gud har mjøl nok!"
Haldis Reigstad, som har skrive tekst til kantata, skildrar dette i songen "Mjøl nok". Dessverre er det ikkje lett å gjengi den fine melodien Sigvald Tveit sette til teksten. Eg oppmodar heller til å finne fram att CD-en eller kassetten om dei finst i huset.

Ein flokk med kvinner høyrde, og slik vart flammen tent. 
Gud løfta deira augo til eit anna kontinent.
Blant Kinas millionar var det rikeleg med jord. 
Der skulle desse jentene få planta Herrens ord.

Dei visste at Gud hadde mjøl nok
- om dei så skulle strø det på ope hav.
Dei visste at det som dei planta, 
det ville han sjølv ta seg av. 

Biletet over viser ein liten del av Japanhavet, der bølgene slår innover mot stranda i Nima. Av og til kan det kjennest som å kaste mjøl på havet når eg køyrer dei 8 mila for å treffe nokre få engelskelevar i kyrkja der. Er det verdt tida og kreftene, eller skulle eg heller gjort noko anna, noko meir "effektivt"?
Denne kvelden hadde vi besøk ifrå New Zealand. Dottera til ei av dei som er med i engelskklassa, bur på New Zealand med familie, og er no heime i Nima på "sommarferie". Ja, det er sommar der dei kjem frå. Dei var også med på julefesten, og no var dei med på engelsktimen, også. Nedanfor ser vi dei jobbe i grupper for å omsetje frå japansk til engelsk ein samtale mellom Pelle og Jonatan i boka "Den usynlige vennen" av Kari Vinje. Denne boka er omsett frå norsk til japansk, men eg trur ikkje ho finst på engelsk.

At åkrane var store, at dei var nokre få,
- det ofra ikkje kvinnene ein tanke eingong på.
Dei måtte berre gjera det som Herren bad dei om,
i desse unge jentene fekk ikkje tvilen rom.

I Jesu sterke hender dei nistepakken la.
Og høyr, kva ei av jentene med tru og tillit sa:
"Guds mjølkrukke vert ikkje tom, han nok til alle har."
Ja, desse unge jentene dei leit på Gud, sin far. 

Eg har nok ikkje så mykje tru og tillit som desse jentene, og eg tviler ofte på om det er dette eg skal halde på med, eller om eg gjer det på rette måten. Men hittil har eg også hatt "mjøl nok".

Studentane i Matsue kjem framleis på Bible Club. Første veka etter nyttår hadde vi laurdagsklubb på ettermiddag, medan eg framleis hadde julepynten framme.





 Desse to jentene var med meg på gudsteneste i Arashima søndag etter nyttår. Der vart vi serverte ein god lunsj etterpå.


Dette er frå bibelstudiet sist fredagskveld. Berre éin av desse er kristen, men alle er med og les og samtaler.
Dette er gruppa eg var leiar for denne kvelden.

Etter ei travel veke og helg med preikeførebuing, preike og eit langt menighetsrådsmøte, var det godt med ein fridag i går med strålande vêr og omlag 11 grader. Her er fleire fjell i nærområdet som ikkje krev så veldig mykje krefter for å nå toppen. Igår hadde vi to bilar, så vi kunne gå opp frå eine sida og gå ned til ein annan parkeringsplass.
37 minutt til toppen er rekorden hittil. Ein fin ettermiddagstur. Og utsikta var upåklageleg!

Daisen-fjellet i det fjerne, med snø på toppen, er eit fagert syn.


 Med stav og tau kjem eg meg både opp og ned. Her på veg ned.

Eg har mange utfordringar som ventar framover. I februar er det årsmøte i kyrkjene, og ei gruppe på 12 studentar og 2 lærar frå Fjellhaug kjem til Matsue og skal vere med på Bible Club og internasjonal gudsteneste. Dei ordnar heldigvis overnatting sjølv. I mars prøver eg å få med studentar på leir. Deretter er det årsmøte i VJELK, og første veka i april har vi misjonærkonferanse.

Ifrå april skal eg også prøve noko nytt. Eg er blitt spurt om å ta eit tre månaders vikariat for musikklæraren på bibelskulen i Kobe. Det inneber to 90-minuttstimar pr månad. Eg sette som vilkår at eg slepp å ta meir enn éin tur kvar månad, så no har vi blitt einige om ei ordning der eg skal ha ein dobbeltime onsdag ettermiddag, og neste torsdag føremiddag, før eg reiser heim. Dette er noko eg ikkje har gjort før, men noko eg også har lyst å prøve. Eg står visst veldig fritt i korleis eg vil legge det opp. Første gong blir 10. og 11. april.

16.-20. februar stikk eg forresten ein liten tur bort til Hongkong, ilag med ei veninne. Vi skal mellom anna vere med på gudsteneste der, og Maki Ikegami, som er misjonær der, har lova å guide oss iallfall på måndagen. Så då "bruker eg opp" nokre dagar av den 8 veker lange ferien eg har i år, men det meste sparer eg til sommaren i Norge.

 Dei våga seg ut på djupet, 
i lyset frå krossen dei gjekk.
Den som har Jesus, veit kva det gjeld, 
i Guds rike det brenn ein eld.

Vi veit at hjå Gud er det mjøl nok
om vi så skulle strø det på ope hav. 
Vi veit at dei frø som vi plantar,
dei vil han som før ta seg av. 

Du som ber, vil du be om at eg også kan ha samme tru og tillit til Jesus som desse jentene som starta Misjonssambandet? Be om at denne brannen må brenne kraftigare både i meg og i dei som eg får nå ut til.

Gud har mjøl nok!