Tuesday, January 15, 2019

Mjøl nok

Under førebuinga av preika til sist søndag vart eg inspirert til å ta fram att jubileumskantata "Det brenn ein eld", som vart laga for NLM sitt 100-årsjubileum i 1991. Til sommaren blir det allereie 28 år sidan urframføringa under generalforsamlinga i Bergen, der det starta i 1891.
Idag har eg hatt ein roleg heime/kontordag, med brødbaking innimellom, og då går naturleg tankane til song nummer to: "Mjøl nok".
Det var nokre unge jenter i Bergen som hadde fått eit kall frå Gud om å sende misjonærar til Kina. Men dei fekk høyre at det dei tenkte på, var som å kaste mjøl på havet. Med andre ord, det ville ikkje bli noko av det. Berre bortkasta energi. Då svara ei av jentene: "Men Gud har mjøl nok!"
Haldis Reigstad, som har skrive tekst til kantata, skildrar dette i songen "Mjøl nok". Dessverre er det ikkje lett å gjengi den fine melodien Sigvald Tveit sette til teksten. Eg oppmodar heller til å finne fram att CD-en eller kassetten om dei finst i huset.

Ein flokk med kvinner høyrde, og slik vart flammen tent. 
Gud løfta deira augo til eit anna kontinent.
Blant Kinas millionar var det rikeleg med jord. 
Der skulle desse jentene få planta Herrens ord.

Dei visste at Gud hadde mjøl nok
- om dei så skulle strø det på ope hav.
Dei visste at det som dei planta, 
det ville han sjølv ta seg av. 

Biletet over viser ein liten del av Japanhavet, der bølgene slår innover mot stranda i Nima. Av og til kan det kjennest som å kaste mjøl på havet når eg køyrer dei 8 mila for å treffe nokre få engelskelevar i kyrkja der. Er det verdt tida og kreftene, eller skulle eg heller gjort noko anna, noko meir "effektivt"?
Denne kvelden hadde vi besøk ifrå New Zealand. Dottera til ei av dei som er med i engelskklassa, bur på New Zealand med familie, og er no heime i Nima på "sommarferie". Ja, det er sommar der dei kjem frå. Dei var også med på julefesten, og no var dei med på engelsktimen, også. Nedanfor ser vi dei jobbe i grupper for å omsetje frå japansk til engelsk ein samtale mellom Pelle og Jonatan i boka "Den usynlige vennen" av Kari Vinje. Denne boka er omsett frå norsk til japansk, men eg trur ikkje ho finst på engelsk.

At åkrane var store, at dei var nokre få,
- det ofra ikkje kvinnene ein tanke eingong på.
Dei måtte berre gjera det som Herren bad dei om,
i desse unge jentene fekk ikkje tvilen rom.

I Jesu sterke hender dei nistepakken la.
Og høyr, kva ei av jentene med tru og tillit sa:
"Guds mjølkrukke vert ikkje tom, han nok til alle har."
Ja, desse unge jentene dei leit på Gud, sin far. 

Eg har nok ikkje så mykje tru og tillit som desse jentene, og eg tviler ofte på om det er dette eg skal halde på med, eller om eg gjer det på rette måten. Men hittil har eg også hatt "mjøl nok".

Studentane i Matsue kjem framleis på Bible Club. Første veka etter nyttår hadde vi laurdagsklubb på ettermiddag, medan eg framleis hadde julepynten framme.





 Desse to jentene var med meg på gudsteneste i Arashima søndag etter nyttår. Der vart vi serverte ein god lunsj etterpå.


Dette er frå bibelstudiet sist fredagskveld. Berre éin av desse er kristen, men alle er med og les og samtaler.
Dette er gruppa eg var leiar for denne kvelden.

Etter ei travel veke og helg med preikeførebuing, preike og eit langt menighetsrådsmøte, var det godt med ein fridag i går med strålande vêr og omlag 11 grader. Her er fleire fjell i nærområdet som ikkje krev så veldig mykje krefter for å nå toppen. Igår hadde vi to bilar, så vi kunne gå opp frå eine sida og gå ned til ein annan parkeringsplass.
37 minutt til toppen er rekorden hittil. Ein fin ettermiddagstur. Og utsikta var upåklageleg!

Daisen-fjellet i det fjerne, med snø på toppen, er eit fagert syn.


 Med stav og tau kjem eg meg både opp og ned. Her på veg ned.

Eg har mange utfordringar som ventar framover. I februar er det årsmøte i kyrkjene, og ei gruppe på 12 studentar og 2 lærar frå Fjellhaug kjem til Matsue og skal vere med på Bible Club og internasjonal gudsteneste. Dei ordnar heldigvis overnatting sjølv. I mars prøver eg å få med studentar på leir. Deretter er det årsmøte i VJELK, og første veka i april har vi misjonærkonferanse.

Ifrå april skal eg også prøve noko nytt. Eg er blitt spurt om å ta eit tre månaders vikariat for musikklæraren på bibelskulen i Kobe. Det inneber to 90-minuttstimar pr månad. Eg sette som vilkår at eg slepp å ta meir enn éin tur kvar månad, så no har vi blitt einige om ei ordning der eg skal ha ein dobbeltime onsdag ettermiddag, og neste torsdag føremiddag, før eg reiser heim. Dette er noko eg ikkje har gjort før, men noko eg også har lyst å prøve. Eg står visst veldig fritt i korleis eg vil legge det opp. Første gong blir 10. og 11. april.

16.-20. februar stikk eg forresten ein liten tur bort til Hongkong, ilag med ei veninne. Vi skal mellom anna vere med på gudsteneste der, og Maki Ikegami, som er misjonær der, har lova å guide oss iallfall på måndagen. Så då "bruker eg opp" nokre dagar av den 8 veker lange ferien eg har i år, men det meste sparer eg til sommaren i Norge.

 Dei våga seg ut på djupet, 
i lyset frå krossen dei gjekk.
Den som har Jesus, veit kva det gjeld, 
i Guds rike det brenn ein eld.

Vi veit at hjå Gud er det mjøl nok
om vi så skulle strø det på ope hav. 
Vi veit at dei frø som vi plantar,
dei vil han som før ta seg av. 

Du som ber, vil du be om at eg også kan ha samme tru og tillit til Jesus som desse jentene som starta Misjonssambandet? Be om at denne brannen må brenne kraftigare både i meg og i dei som eg får nå ut til.

Gud har mjøl nok!







2 comments:

  1. Kjære Inger! Tusen takk for det du deler både i Misjonshilsen og her. Det rørte meg til tårer. Eg har bedt så mykje for dei 4 jentene du nemnde i bladet. Er dei framleis med og får ta til seg av "mjølet"? Varm helsing!

    ReplyDelete
    Replies
    1. Hei! Takk for at du følgjer med! Beklager seint svar. Har ikkje sett det før idag. Dei fire eg skreiv om i julenummeret, er framleis med. H, N og L er jenter, og K er gut. Dei har det travelt på jobb, men dei er framleis med i kyrkjene sine, og iallfall to av dei er ganske trufaste også på vår tverrkyrkjelege internasjonale gudsteneste.

      Delete