Monday, March 2, 2015

Studentar som reiser og tre som blomstrar

Det er blitt vår, og mange studentar er på flyttefot. Den vanlege undervisninga ved universitetet har tatt ferie, men her er framleis studentar som går på ekstra kurs eller har ting å jobbe med.

Dei siste to fredagane har vi tatt avskjed med studentar som blir ferdige med utdanninga denne våren. Avslutningsseremonien ved universitetet er ikkje før i slutten av mars, men dei fleste flyttar heim eller reiser bort, og så kjem dei tilbake berre for den dagen.
Biletet over er frå Bible Club siste fredagen i februar. Og nedanfor er eit bilete frå veka før, då vi også tok farvel med nokre for siste gong.


Universitetslærarane Carmella og Scott, som er med som leiarar i Bible Club, blir også borte ein månads tid. Også i år er ei gruppe på 16 studentar som er med på den årlege turen til Florida, der dei bur hos kristne familiar, er med på leir ilag med kristne ungdommar, og elles får oppleve mykje i løpet av dei tre vekene. Det er Carmella og Scott som har ansvar for opplegget, og som kvart år har lagt til rette for at japanske ungdommar skal få bli kjent med amerikansk kultur, der kristendommen er ein naturleg del. På søndagane blir dei med vertsfamiliane til kyrkje. For mange blir dette eit første møte med ei kristen forsamling.

Heldigvis er her framleis studentar som er igjen i Matsue. I går fekk eg med ei jente på gudsteneste. Ho er ei av dei 16 studentane som var i Florida i fjor på denne tida. Etter det har ho vore med på Bible Club og ungdomsgudsteneste, og ofte også vore med Carmella og Scott i deira kyrkje på føremiddagen. Sidan dei er i Florida no, spurde eg om ho ville vere med meg, og det ville ho gjerne. Det tek omlag 30 minutt å køyre til Arashima, så dermed fekk vi til saman ein time å prate ilag, også.

Kvelden før hadde ho vore med på avskjedsparty for studentar som skal reise, og dei hadde vore på karaoke til klokka 03.30. Deretter hadde ho gått rett til universitetet for å lese, og kom derifrå då eg henta henne på søndag føremiddag. Altså ei heil natt utan søvn. «Å døgne» er eit vanleg uttrykk her, og då er det oftast ikkje snakk om rangel, men om å øve til eksamen eller gjere ferdig ei innlevering. Sjølv om ho hadde «døgna», ville ho vere med i kyrkja, og klarte stort sett å halde seg vaken under heile den lange preika. (Eg måtte dulte borti henne berre éin gong...)
- Du skal vel heim og sove, no, då? spurde eg på veg heim. Nei, ho skulle tilbake til universitetet og studere meir, og heller legge seg tidleg om kvelden, for ho skulle opp klokka 5 neste morgon... Eg er imponert. Tenk, ei ikkje-kristen jente som prioriterer å vere med til kyrkje når ho kanskje heller hadde lyst å sove, eller tenkte at ho burde lese.
Kunne dette ha skjedd i Norge?


Det er blitt litt vår i lufta. Det merkar iallfall allergikarane. Heldigvis slepp eg å vere plaga av pollenallergi.
Her er nokre bilete eg har tatt idag, først på joggeturen, og så på ein sykkeltur seinare på dag, då det var blitt blå himmel.

Dette plommetreet, som har blomstra i fleire veker allereie, byrjar allereie å falme.




Dette er også truleg plomme, for kirsebærtrea må vi vente på omtrent ein månad til.

Slik ser kirsebærtrea ut no.

I ettermiddag var eg tilbake og knipsa litt fleire bilete av det kvite treet.


Eg har hatt ein god fridag, og er snart klar til å ta fatt på ei ny arbeidsveke. I morgon reiser eg til Nima igjen, til dei muntre engelskdamene mine der.


No comments:

Post a Comment