Monday, March 23, 2015

Kvite slips

Japanske menn bruker kvitt slips når noko skal feirast, til dømes når dei er i bryllaup. Sist laurdag var det ikkje bryllaup som vart feira, men ordinasjon av tre pastorar. Og då stilte dei sjølvsagt med kvitt slips.

20.-21. mars var det årsmøte i Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje (VJELK). At det var blå himmel og sol, la eg omtrent ikkje merke til før vi var ute andre dagen for fotografering. For her var det ikkje mykje tid til å gå ut og trekkje frisk luft. Når forhandlingar og gudsteneste skal foregå i løpet av under 24 timar, må ein vere effektiv. Og det kan japanarane. Dei forstår kanskje ikkje kvifor vi misjonærane "treng" 4-5 dagar når vi har konferanse.

VJELK er ikkje noko stort kyrkjesamfunn, men omlag 107 delegatar frå 42 kyrkjer var med, i tillegg til observatørar og gjestar. Sidan eg ikkje er fast arbeidar i ei lokal kyrkje, men er områdemisjonær, har eg ikkje stemmerett. Mi oppgåve var å vere akkompagnatør til fire salmar. Det var vel alt.

Høgdepunktet var avslutningsgudstenesta med ordinasjon av tre pastorar.
 Det foregjekk omtrent på samme måte som ei misjonærvigsle i NLM, med skriftlesing og bøn med handspålegging. Sidan eg ikkje har vore med på presteordinasjon i den norske kyrkje, kan eg ikkje samanlikne med det.
Dei tre som vart ordinerte, har arbeidd som evangelistar i to eller tre år, og etter gudstenesta fekk dei overlevert blomster frå kyrkjemedlemmer.
Som de kanskje ser best på det første biletet, er det ikkje berre ungdommar som blir pastorar. To av dei har lang erfaring frå arbeidslivet før dei fekk kallet til fulltidsteneste og byrja på seminaret. No er dei endeleg vigsla til teneste. Pensjonsalderen er 65 år i VJELK, men etter det kan dei arbeide for lavare løn eitt år i gongen til dei er 70. Den yngste av dei tre er 31 år, så forhåpentlegvis har han mange år framfor seg som pastor. Dei nyordinerte heiter (f.v.) Kanji, Komiyama og Fukuda. Til høgre står kyrkjepresident Matsumura.

I tillegg vart to nye eldstar presenterte. Dei vart vigsla til teneste i Tottori kyrkje 15. mars.


Både Takenaka og ekteparet Yamashita er venner eg kjenner godt ifrå tida eg arbeidde i Tottori kyrkje. Dei er også godt kjende gjennom songgruppa "David's Harp". Manabu Yamashita (t.h.) og kona Sachiko var også i Norge under Japanaksjonen for nokre år sidan. Dei var både innom i Valbø-heimen og på sjukeheimen og song for mamma.
Å vere eldste i VJELK betyr å vere leiar i kyrkja og ei støtte for pastoren, og fleire av dei har også preike på gudstenesta når det trengst. Takenaka er matematikklærar, og Yamashita er psykolog ved ein institusjon for barn og ungdom.

 Her er heile flokken som var samla til det 54. årsmøtet for Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje: Japanske pastorar, evangelistar og tillitsvalde ilag med nokre finske og norske misjonærar. Vi arbeider ilag for å nå fleire med evangeliet. (Foto: Jorma Pihkala)

Vi er glade for alle nye arbeidarar, både frivillige og heiltidstilsette. Det har vore dårleg rekruttering siste åra, men vi fekk høyre gode nyheiter:  Ifrå april har VJELK fem nye studentar ved seminaret. To av dei startar på eit nyoppretta diakonistudie, medan dei tre andre skal utdanne seg til pastorar. Det lovar bra for framtida for Guds rike i Japan. Men vi treng enno fleire, ikkje minst med tanke på alle pastorar som blir pensjonistar om ikkje så lenge.

Og det trengst framleis fleire misjonærar, også...


1 comment:

  1. Kjekt med helsing på bloggen min.
    Godt med rekrutering!

    Lukke til i ditt viktige arbeid :-)

    ReplyDelete