Wednesday, April 1, 2015

Stille og roleg

Etter fleire varme soldagar med mai-temperaturar rundt 20 grader, har det idag vore rundt 14 grader og regn heile dagen. Godt innevêr, med andre ord. Igår tok eg med lunsjen ut i parken, men idag har eg stort sett halde meg inne, bortsett frå eit par småturar langs elva, der sakuratrea no snart står i full blomstring.

Denne veka blir kalla "den stille veka", og hittil har det vore ganske stille, her hos meg, iallfall. Bortsett frå lyden frå anleggsarbeidet på nabotomta. Sjølv om det tok litt tid før eg kom i gong, har eg fått gjort ein god del førebuing til neste internasjonale gudsteneste 19. april. Det er godt å kjenne at eg er igong, for eg veit dei neste vekene vil bli meir hektiske.

Fram til palmesøndag jobba eg på spreng med preikeførebuing, og søndag preika eg på to gudsteneste i Yonago.
Her ser vi dei som var med på ungdomsgudstenesta på ettermiddagen. Det var ei gudsteneste med blanding av leik, lovsong, ballspel og forkynning. Så derfor er det praktisk å rydde vekk stolane først. Etter at dei hadde sprunge seg varme, sette dei seg på golvet og høyrde godt etter på preika.


Etter at eg kom heim i 18-tida, fekk eg besøk. Før sola gjekk ned, rakk vi å sjå litt på sakurablomstringa.
Nokre blomstrar rett ut ifrå trestamma.

På måndagen var vi oppe tidleg (for å vere min fridag, ja) og køyrde flyttelass for ein kinesisk student som skal over på universitetsavdelinga i nabobyen Izumo. Halve dagen gjekk med til dette, men er glad eg kunne hjelpe. Denne studenten har fått ei ganske stor leilegheit. Ho har vore med på Bible Club her, og no seier ho at ho vil starte Bible Club i leilegheita si. Ho er ikkje døypt sjølv enno, men ho vil gjerne lære meir og gi andre sjansen til å bli med. Så det blir kanskje ein avleggar av Bible Club, med avdeling Izumo, snart?

For studentar som var ferdige med studiane i vår og har fått seg jobb, starta eit nytt liv i dag. På nyheitene høyrde eg om firma som hadde hatt velkomstseremoni for nytilsette. Japanarar er flinke med seremoniar og markeringar.

Over helga startar også skulane opp igjen. Det er spennande å sjå om vi får mange nye med på Bible Club og i kyrkja. På langfredag skal vi også ha Bible Club, men eg reknar med det blir ei lita gruppe då, for dei fleste japanske studentane er iallfall ikkje på plass enno.

På påskedag skal eg to gonger til Arashima kyrkje. På føremiddag er det påskegudsteneste med konfirmasjon av eit søskenpar, og om kvelden er det ungdomsgudsteneste. Då håper eg at vi kan fylle opp to-tre bilar ifrå Matsue.

Når eg ser bilete ifrå korleis folk i Norge "feirar" påske, med snø og sol på fjellet, kjenner eg at eg blir litt misunneleg. Men eg har no mykje å gle meg over her, også. Tenk å kunne nyte kirsebærblomstring så ofte som eg vil, berre nokre hundre meter ifrå leilegheita mi! Her er ein liten serie av samme kvisten. Dei tre første er med 6 dagars mellomrom:

17. mars
23. mars

29. mars
Og deretter ser vi utviklinga dag for dag:

30. mars
31. mars
1. april - i regn

Ein del blomster og knuppar hadde allereie falle av på grunn av regnet, så det viser kor kortvarig denne sesongen er. Det er som livet, kortvarig og skjørt.
Men påska gir oss håp om noko som varer. Jesu død og oppstode gjer det mulig for oss å sjå framover, og vi kan få starte på nytt når vi mislukkast.

Denne bodskapen er eigentleg for god til å halde for seg sjølv. Difor er eg glad for at eg skal få treffe mi 92 år gamle japanske "mor" i morgon og lese skjærtorsdagstekstane ilag med henne, og på fredag er det Bible Club, der vi skal fordjupe oss i ein lang langfredagstekst.

God påske der du er! Og gløym no ikkje kvifor vi seier "god påske", då!


No comments:

Post a Comment