Monday, March 18, 2013

På gamle trakter

Sist måndag var eg ein tur til storbyen Osaka, der eg budde i seks år. Det er snart ni år sidan eg flytta derifrå, men eg har framleis venner der som eg prøver å finne tid til å treffe. Denne gongen kombinerte eg fridag i Osaka med styremøte i Kobe på tirsdag. Det betydde at eg måtte stå tidleg opp på måndag morgon for å rekke første buss, men så fekk eg også mykje utav dagen.

Blå himmel og akkurat passeleg temperatur til ein ettermiddag i parken ved den gamle borga Osaka Castle.
I plommeparken var det mykje folk og enno fleire blomstrande tre.
Osaka er ikkje berre storby med masse folk og tett trafikk. Det går an å nyte naturen også her!

Det var også kjekt å treffe igjen familien til Yuko. Dei har tre jenter, som gjekk på søndagsskulen i den tida eg var i Osaka, og foreldra gjekk i engelsk bibelklasse. Berre mor er døypt.
Mellomste jenta, Riko, er no blitt universitetsstudent og studerer til arkitekt.

Eldste dottera, Kyoko, skal byrje i fast jobb som musikklærar ved ein vidaregåande skule ifrå april. Men 11. mars visste ho framleis ikkje kva for ein skule det vil bli, berre at det blir i Osaka fylke...

Yngstejenta Mako var enno ikkje komen heim då eg reiste i 21-tida, men far sjølv rakk eg såvidt å helse på.
Far i huset er glad i språk, og tok med glede imot eit par ferdiglesne aviser.  
 Ein fin dag med gode samtalar, nydelege blomster, frisk luft (iallfall forholdsvis frisk for å vere ein storby), god mosjon, - og eit gnagsår...

No comments:

Post a Comment