Wednesday, March 20, 2013

Årsmøte er også blomster og bøn

Det vart litt negativ vinkling på det eg sende frå mobiltelefonen under forhandlingane i går kveld. Eg får prøve å rette det opp litt no. Etter forhandlingar på overtid og ein rask lunsj i dag, var det tid for takk, blomster, bøn og ordinasjon av ein ny pastor, og enno meir blomster!
Her er det Katsuhiro Igi som får takk ifrå styret ved Hiruzen Bible Camp, der han har vore dagleg leiar dei siste fem åra. Ifrå april flyttar familien til Tamashima, der han skal vere prest.

Ohashi, prest i Yashiro kyrkje, har vore leiar i styret for Hiruzen, men blir no ønska velkommen som ny dagleg leiar/camp chaplain, av styremedlem Liv Bakke og Johanna Tervonen.

Så er det tid for å presentere det teologiske seminaret KLTS, der WJELC har to studentar. Yushi Matsumura (på talarstolen) skal til på andre året, medan Toshi Seima (t.h.) skal byrje på tredje året. Begge to er frå Yonago kyrkje. WJELC treng nye arbeidarar, så vi skulle hatt enno fleire teologistudentar!

Så er vi komne til dagens høgdepunkt. Ein student som var ferdig utdanna ved seminaret for to år sidan, og som har arbeidd som evangelist i Tottori i to år, skal ordinerast til prest. Her er det skriftlesing, som ved ei misjonærvigsle. Ein av dei blinde eldstane i Tottori kyrkje (nr 2 frå høgre) les i frå blindeskriftsbibelen, Titus 1, 5-9:
"...For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han...
Han må halda seg til det truverdige ordet i samsvar med læra, så han er skikka til både å rettleia etter den sunne læra og å visa at dei som talar imot, tek feil."

 Shoji Yoshida blir vigsla til teneste.
Kyrkjelyden i Tottori stilte opp og ga blomster både til Yoshida sjølv, til kona og til dei to døtrene. Den eine er delvis skjult bak blomsterbukettane!



Gruppa "David's Harp" stilte opp utan harpe og song a capella for anledninga. Gratulerer både til Shoji Yoshida, til WJELC med ein ny pastor, og ikkje minst gratulerer til Tottori kyrkjelyd, som også var min første arbeidsplass i WJELC.

 

No comments:

Post a Comment