Tuesday, March 19, 2013

Bakerste benk

Eg er paa aarsmoete for WJELC,paa min faste plass heilt bak i lokalet,og av og til paa orgelkrakken heilt fremst.Dei fleste misjonaerar har stemmerett,men sidan eg ikkje er arbeidar i berre ei kyrkje men er omraadearbeidar,er eg ikkje utsending med stemmerett.Saa eg sit litt paa sidelinja og observerer.

Akkurat no stemde dei ja til aa ta imot han som skal ordinerast til prest i morgon.Han staar opp og faar applaus.

Sak 3 gjeld alle flyttingar av arbeidarar som skjer no i maanadsskiftet mars-april.Det blir ein del omkalfatring.Alt er bestemt allereie,saa det er vel uansett seint aa protestere no.

Dette gjekk ogsaa greitt gjennom.

Over scena heng mottoet for aaret som kjem,med Jesu ord i Matt.28,19 med store,handskrivne teikn: "Eg har faatt all makt i himmel og paa jord." Det er grunnen til at vi er her,og det gjer at vi kan lyfte blikket og sjaa framover.

No comments:

Post a Comment