Sidan eg ikkje fekk brukt opp alle feriedagane i sommar, hadde eg ei veke til gode. Verken eg eller Ingebjørg hadde vore på Okinawa, så då vart det tur til sydlegare strøk. Sommarkleda vart leita fram igjen, så eg trengde ikkje nokon stor koffert.
Vi landa på flyplassen i Naha. Etter ein tur i Shuri Castle, tok vi buss til Motobu, der vi hadde base eit par dagar.
Målet var å ein tur til øya Yoron, som vi hadde høyrt ein del om frå ein familie frå Frikyrkja. Dei hadde sett oss i kontakt med ein kristen mann som driv ein camping. Planen var å reise dit dagen etter vi kom til Naha. Men Okinawa er ofte utsett for hardt vêr, og natta før låg eg og høyrde på vinden og såg føre meg store bølgjer på den 2 1/2 timers lange ferjeturen.
Då vi kom på kaia, fekk vi vite at kanskje ferja ikkje kunne legge til på Yoron på grunn av vêret. Og etter ei stund kom det ny beskjed. Ferja ville heller ikkje legge til i Motobu, der vi var, så då vart turen kansellert og billettane refunderte. Eg ringde til mannen som venta oss på campingen og sa at vi ikkje kunne kome, men han ga seg ikkje så lett. Prøv igjen i morgon! Det gjorde vi, og det angrar vi ikkje på.
Og dagen med regn og vind kunne vi utnytte med leigebil, tur til det store akvariet og litt sightseeing.
Dagen etter var det strålande vêr, og bølgene hadde gitt seg.
På ferja kan du vere ute på dekk eller finne ein soveplass.
Vi fekk leige el-syklar og sykla rundt på øya i fleire timar. Vi var innom berre nokre av dei mange sandstrendene. Badesesongen var nok over.
Undervegs måtte vi stoppe for ein traktor. Det er mykje jordbruk på øya. Ikkje så ulikt der vi kjem ifrå.
Vi var også innom på ein gard som viste korleis folk levde før i tida. Okinawa har mange tyfonar, så husa vart bygde kvadratiske, og fleire bygningar i staden for eitt stort hus, for å verne seg mot hardt vêr.
Tilbake frå Yoron tok vi ferja heilt til Naha, ein tur på omtrent 4 1/2 time. Etter å ha funne hotellet, gjekk vi ut for å finne noko god mat. Dette var nok det beste fiskemåltidet eg hadde på turen.
Dette biletet tok eg i Naha første dagen. På hovudøya Okinawa såg vi mange kyrkjer. Men turen til Yoron gjorde inntrykk. Der er det veldig få kristne, og dei har enno inga kristen kyrkje der.
Ver gjerne med og be for den norske familien som i desse dagar er tilbake på øya.
Ver gjerne med og be for den norske familien som i desse dagar er tilbake på øya.



.jpg)







.jpg)

No comments:
Post a Comment