Tuesday, March 25, 2014

Misjonærbesøk

Når eg er i Norge, er det ofte eg sjølv som er misjonæren som er på besøk. "En levende misjonær på bedehuset" song ein av mine yngre misjonsvenner då eg kom på besøk til dei på Godøya. Denne helga er det vi her i Matsue som har hatt besøk av ein japansk misjonær. Maki Ikegami er utsending frå VJELK (Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje) til Hong Kong og Macao. Der har ho vore i vel 1 1/2 år, og no er ho heime på ein kort informasjonstur. Før helga var ho med på VJELK sitt årsmøte, og frå laurdag til søndag i Matsue. Frå idag til torsdag er ho med på ungdomsleir, og neste søndag er det misjonsmøte i Kobe. Så skal ho til Finland for å vere med på ein ungdomskonferanse der, før ho reiser tilbake til Hong Kong. Før eller etter Finland rekk ho også såvidt ein tur til Tokyo for å treffe foreldra sine.

For å gjere det heilt klart: Det er ikkje eg som har laga maten ho et. Det var gåve frå ein i kyrkje som driv fiskebutikk. Og då fekk eg også nyte godt av godene:

Her var det mange delikatesser. For Maki var det ekstra stas å få ekte japansk mat, etter å ha vore borte frå landet i bortimot 2 år.



Søndag hadde Maki ei helsing under gudstenesta, medan ein tidlegare misjonær heldt preika.

Yoshiharu Hirano er no prest i Kita-Osaka, men har tidlegare vore i Indonesia med familien i 7 år. Han har dei siste åra vore leiar i ytremisjonskomiteen.

Ikkje nok med at vi fekk to misjonærar på taleoppdrag, men også ei tredje dukka opp på misjonsmøtet på ettermiddagen. Machiko Chigane (t.v.) har vore misjonær i Indonesia i 14 år. Etter ho kom heim, har ho vore evangelist i VJELK-kyrkjer, men no er ho pensjonist og bur i nærleiken av Oda.

Hirano fortalde ifrå si tid i Indonesia. Dei var sende til det fattigaste området, på øya Kalimantan (Borneo). Då ein av ungdommane der sa at han i framtida ville reise til Japan som misjonær, tenkte Hirano i sitt stille sinn at det ville no vere umulig økonomisk. No er det gått 30 år, og han har fått sett frukter av arbeidet. Ei som han døypte som barn på Kalimantan, er no misjonær i Tokyo, og ein han underviste på seminaret i Indonesia, er no misjonær i Osaka. For to år sidan starta denne indonesiske pastoren gudsteneste for indonesarar i Kita-Osaka kyrkje, der 20-30 samlast kvar gong.
- For 30 år sidan kunne eg ikkje tru at dette var mulig, seier Hirano, men når Gud kallar, vil han også opne veg sjølv om vi manglar mykje. Bøn er det aller viktigaste. Og når vi gir, har Gud lova å opne himlens sluser. Det finst ingen større lovnad enn Jesu ord i Matt. 28, 18-20.
Han siterte også Ole Hallesby som har sagt at det finst ikkje større bønnesvar enn for dei som ber for misjonærane. Han understreka også at det er eit privilegium å vere misjonær fordi så mange ber for ein.

Så var det den unge misjonæren sin tur å dele. Ho innleia med ei lang frase på kantonesisk, som ingen forstod så mykje av, men det høyrdest iallfall kinesisk ut, før ho slo om til japansk igjen.
- Takk for forbøn. Eg veit at eg ikkje er åleine, men det er godt å møte dykk ansikt til ansikt!

Ho ga uttrykk for at ho trivst, sjølv om ho har felt mange tårer over det kantonesiske språket.
Samtidig med språkstudiet er ho også med i kyrkja sitt arbeid, og ho føler ho er blitt godt tatt imot.
- Eg kan ikkje rapportere at eg har starta noko nytt, men eg har heller ikkje tenkt at eg vil reise heim, sa ho.
Ho har sett seg tre mål for den første perioden:
1) lære å kjenne kultur og levemåte
2) lære seg språket (kantonesisk)
3) bli kjent i kyrkja og delta i fellesskapet

VJELK er eit lite kyrkjesamfunn, og kyrkja har allereie for få arbeidarar. Mange japanske kristne undrast kanskje på kvifor VJELK har sendt Maki til Hong Kong, der prosenten av kristne er høgare enn i Japan. Likevel er det eit kall og eit oppdrag vi har fått til å gå utanom landet sine grenser med ein grensesprengande bodskap.
For meg med NLM-bakgrunn var det ekstra sus over salmesongen når vi song på japansk "Din rikssak, Jesus, være skal min største herlighet" og "Skund deg, Guds folk, ditt høge kall fullenda".

"Syng fagnadbodet, bodet om fred.
 Bodet om Jesus, det folkeslaga gled"!

Det er vår. No er det heller ikkje lenge til sakuraen er i full blomst. Guds rike skal også blomstre. Og i Guds rike tek våren aldri slutt!

No comments:

Post a Comment