Wednesday, December 4, 2013

Tilbake i klasserommet

Ikkje langt ifrå her eg bur, ligg to skular tilknytta lærarutdanninga ved Shimane Universitet. Ein barneskule og ein ungdomsskule er øvingsskular for lærarstudentar. Idag og i morgon har ungdomsskuleelevane English Day. Ein gong for året inviterer dei utlendingar til å fortelje ifrå landet sitt og gi elevane ei muligheit til å bruke engelsk i ein naturleg samanheng.
Eg vart spurt om å vere med i fjor, også, men då passa det ikkje. I år derimot kolliderte det ikkje verken med Kobe-tur eller andre viktige oppdrag.
Allereie i oktober var eg der på første møte. Då fekk eg treffe dei to lærarstudentane som skulle vere mine assistentar.
Alle lærarstudentar må stille i dress eller svart drakt når dei er i praksis, men vi gjestane kunne komme i vanlege klede.
 Elevane ved ungdomsskulen har ikkje berre like uniformer, men også like regnkapper og hjelmar. Syklane ser ganske like ut, også, men det er kanskje valgfritt?
 
Etter ein felles opningsseremoni der elevane hadde framføring på engelsk og vi gjestane presenterte oss, kom elevane rundt i grupper på åtte elevar til dei forskjellige "workshops". Sidan eg ville bruke både piano og musikkanlegg, fekk eg tildelt musikkrommet. Her viser eg bilete frå Norge.

Og så fekk eg lære dei to songar: "Amazing Grace" og "Joy to the world". Engasjementet ser iallfall ut til å vere bra hos læraren, men elevane var også ganske snart med på notane. Melodiane kjende dei frå før. Det som såg ut til å slå best an, var å høyre "Amazing Grace" som rapping på CD!
Eg fekk også lov til å reklamere litt for konserten vi skal ha på laurdag, og fleire tok med seg eit flygeblad heimatt.
I dag var det tredje-klassingane (tilsvarande 10.kl) som var med på workshop. I morgon skal eg treffe første- og andreklassingane (8. og 9.), og skal møte opp på skulen til norsk skuletid, 8.30. Det blir litt meir intenst enn i dag, der eg skal ha seks elevgrupper i 20 minutt kvar, med to opningsseremoniar og to avslutningsseremoniar i ein kald gymsal. Men musikkrommet var veldig varmt, så eg må visst kle meg for begge deler.
Vi vart "advarte" i dag om at nokre av 9. klassingane har førebudd spørsmål om religion til i morgon, men dersom vi ikkje vil svare, er det greitt, og har vi lyst å svare, er også det greitt. Eg spent på om dei har noko spørsmål til meg, og i tilfelle kva.

Eg merka at det var kjekt å vere tilbake i lærarrolla, iallfall for ei lita stund. Men det er no stort sett lærar eg er elles også, når eg har korøving eller bibelgrupper. Men det å førebu preike til søndag, strevar eg framleis med. Kor ofte har eg ikkje sukka: "Hvorfor valgte du en eselfole, Jesus? Du kunne i det minste valgt en PREST!" Men kunne han bruke ein uerfaren eselfole, så kan han kanskje også bruke meg... Neste preike er ikkje før 15. desember, men neste veke har eg mykje anna, mellom anna to-tre dagar til Kobe, så eg må få unna litt denne veka. I føremiddag fekk eg endeleg roa til å byrje å skrive, så det går vel denne gongen, også.

Laurdagen går med til konsert, med øving frå kl 10.30. Sjølve konserten er ikkje før kl 14.30. Her kan de få ein smakebit frå øvinga på søndag.

O Holy Night さやかに星がきらめき from Inger Valbø on Vimeo.

No comments:

Post a Comment