Thursday, December 26, 2013

Jul i Matsue

Eg ser det er mange som har vore innom på bloggen min siste døgnet, sikkert for å sjå kva eg driv med, men der var ikkje mykje å finne. Eg trudde sjølv at eg iallfall hadde skrive etter julekonserten den 7. desember, men det var berre i julebrevet. Dei siste julebreva vart posta i dag, så det kjem kanskje fram neste år ein gong...
Her er eit glimt frå konserten, som gjekk ganske bra. Songgleda var det heller ikkje noko å klage på. Berre dumt at det er nesten eit år til neste gong, no når vi endeleg har blitt litt flinke... I Norge reiser kor på turne. Kanskje eg skal foreslå det til neste år?

15. desember var ein maratondag for meg. Først hadde eg preike på føremiddagsgudstenesta, deretter andakt på barnefesten kl 13.30, og deretter tolk og pianist på den internasjonale julegudstenesta om kvelden. 15 born er ikkje så mykje, men mange gonger talet på dei som kjem på søndagsskulen til vanleg.

På kveldsgudstenesta var ei ungdomsskulejente tekstlesar. Frammøtet var det maksimale vi har hatt hittil. Det var samarbeid med Arashima kyrkje denne gongen. Fordelinga var slik: 2 frå Arashima og 25 frå Matsue...
Pastor Ishimaru frå Arashima kyrkje heldt tale over eit spesielt tema: "Ei krubbe eller ein konge, kva er du?" Om kong Herodes som sjølv ville vere stor og opplevde Jesu fødsel som ein trugsel, om om krubba, som tok imot Jesus. Han delte også av sine eigne erfaringar som student ved universitetet her for ein del år sidan. Eg trur det gjorde inntrykk på mange.

Ei fin og festleg forsamling, med folk frå Japan, USA, Korea, Kina, Nigeria, Salomo-øyane, Indonesia og Norge. Mange ikkje-kristne vart også med denne gongen. (Dei to bileta ovanfor er tatt av Scott Menking)

Etter gudstenesta var det mat, og Bible Club hadde julespel på engelsk. Det var nesten trongt om plassen. Eit gledeleg problem!

Englesong på Betlehemsmarkane

Bible Club-medlemmer etter julespelet.
Natt til fredag 20. desember kom årets første snø. Som eg tidlegare har skrive, har eg ønska meg snø, men helst ikkje på ein fredag, for då ville nokre av damene i bibelklassa mi ikkje kome. Men slik vart det denne gongen.
 Desse (pluss ei til som måtte gå tidleg) kom på juleselskapet for Bible Class. Særleg minstemann viste å sette pris på maten.
Han vart fornøgd igjen då han fekk ei ekstra krumkake!

Ei av damene på morgonklassa hadde med seg grøne greiner til meg, som Bible Club-ungdommar med glede laga kransar av samme kvelden. Takk for hjelpa!

 Søndag 22. var det julegudsteneste. Sidan både 1. og 2. juledag er vanlege arbeidsdagar her i landet, er alltid julegudstenesta 4. søndag i advent. Etterpå var det felles lunsj med mykje godt, med påfølgjande innslag av song og musikk.

Den yngste deltakaren på julegudstenesta var ei lita jente som var to og ei halv veke gammal.

 Dagens høgdepunkt var musikken ved vår unge talentfulle pianist, som utan tvil også kan spele orgel! Dessverre har vi ikkje pipeorgel i kyrkja her. Han hadde jobba hardt med å arrangere musikkstykket til å passe for orgel utan pedalar. Litt av ein prestasjon! Du kan sjå dei første satsane her.
https://vimeo.com/82702900



Her er gjengen som var med på caroling ved stasjonen søndag kveld. Mange var ute på den tida, folk med koffertar på reise, og folk som hadde vore på julehandel, med store posar i hendene. Over 70 personar tok imot ein teikneserie (manga)-traktat om Jesus og invitasjon til lysmesse i to av kyrkjene i byen.

Så er det blitt julaftan føremiddag, og dei to damene som ikkje kom den dagen det snøa, kom på ei ekstra klasse føremiddag den 24. Geitosten min var spesielt populær! Og damene gav seg god tid.

Eg var eigentleg glad eg ikkje hadde invitert gjestar til julemiddag, for det hadde blitt stress. Men julemiddag hadde eg, om det ikkje var akkurat etter norsk oppskrift. Kor mange er det forresten i Norge som lagar surkål sjølv? Her finst det ingen Toro-pakkar i butikkane, så surkål er iallfall heimelaga!

Det er blitt julaftan kveld, med lysmesse i Matsue kyrkje.
På juledag var det godt å slappe av heime. Litt norsk jul har eg også fått med meg, takka vere NRK som legg ut mange program på internett. Ikkje verst å ha Sølvguttene ved frukostbordet! Kringkastingsorkesteret sin julekonsert har eg også fått med meg. Slik var det ikkje første åra mine i Japan, nei!

I går kveld var eg i Arashima kyrkje på kveldsgudsteneste ilag med Carmella og Scott og tre studentar.

Denne studenten frå Salomo-øyane opplever sitt livs første vinter, og går godt påkledd både ute og inne.

For å oppsummere har eg hatt ei veldig god juletid. I morgon får eg besøk av medmisjonærar frå Kobe, som også blir med på Bible Club. Nokre studentar er framleis her, og nokre kjem heim til Matsue på ferie. Så eg har nok litt folk ut og inn her nokre dagar. Juleposten er endeleg blitt sendt ut, så no skal eg bruke tida på å lese innkomen julepost. Og det er ikkje lite...

PS: Dersom du saknar julehelsing frå meg, kan det vere fordi du har fått ny e-post-adresse sidan sist. Til dømes alle som hadde c2i.net-adresse, kunne de sende meg ei lita melding på ingervalbo@yahoo.no, så kan eg iallfall få oppdatere lista mi til neste jul...

No comments:

Post a Comment