Wednesday, October 2, 2013

Ein litt annleis arbeidsdag

Idag har eg sysla litt med noteskriving. Det er eit nitidig arbeid, som krev konsentrasjon når det skal gjerast på gamlemåten, for hand. Først med blyant, og så med svart penn. Er det nokon som utan vidare berre ved å sjå på notane kjenner att siste del av ein julesong?

Sist søndag starta vi oppatt med "julekoret", som er eit felleskor for alle kyrkjene i byen, frå pinsevennar og lutheranarar til katolikkar, for å formidle bodskapen om frelsaren Jesus til folk som bur i Matsue. Konserten er 7. desember.

Plakatane var ferdige allereie tidleg i september.


Her er vi igong med første øvinga. Det tek litt tid å finne den gode klangen igjen, men det var ein god start. Eg gler meg spesielt over fire nye, gode songarar frå Arashima kyrkje.

Vi er to dirigentar som deler på oppdraget. Ho som dirigerer på biletet, arbeider i ei kyrkje i bydelen Kitahori. Gjennom ein medlem i kyrkja har ho møtt ein student ved universitetet som spelar trompet, og som gjerne vil vere med og akkompagnere. Og så har han fått med seg ei veninne, også, så då får vi to trompetar! Ingen av dei er kristne, men musikken kan vere ein måte å få kontakt på, og kanskje seinare blir dei med på Bible Club eller andre arrangement, også.

Eg har gått og pønska litt på korleis det vil klinge med to trompetar ilag med koret på "O helga natt." Ja, for det stemmer at det er den noten eg har arrangert trompetstemmer til. Det vil seie, den eine spelar melodien, medan den andre kompar. Eg er spent på korleis det vil høyrest ut i praksis, ikkje berre på papiret. Og så satsar eg på at trompetane er stemt i Bb... Ein annan positiv ting er at eg har fått bekrefta at den eine trompetisten har vore med og sunge tenor på Händel's "Messias" i koret ved universitetet, så han kan truleg hjelpe oss i mangel på tenorar! For på "Hallelujakoret" skal vi ikkje ha trompetar, men vi treng tøffe tenorar som kan gå opp på einstrøken A utan å høyrest anstrengt ut...

Ein annan ting som eg har jobba enno meir med i dag, er å skrive ut pianoarrangement for ein pianist som ikkje taklar så godt besifring. Ein ting er å spele det sjølv slik eg vil ha det, men å få det ned forståeleg på notelinjer er ikkje like enkelt. Men godt å få friske oppatt gammal lærdom...

No comments:

Post a Comment