Tuesday, October 29, 2013

Kvar går vegen?

Vi har hatt leir på Hiruzen i helga. Autumn International Youth Fellowship, for ungdom i alle aldrar, frå ungdomsskuleelevar til godt vaksne folk. I tillegg til japanarane var vi to norske og to finske.
Forkynning og lovsong gjekk på engelsk og japansk om kvarandre. Tema for leiren var "The Way to Go" - "Vegen vi skal gå". Leirsjef Johanna Tervonen talte på første samling laurdag ettermiddag over temaet "Kvar går du?" Ho peika klart på Jesus som den einaste vegen til himlen.

Vi hadde ei lydhøyr forsamling. Deltakarane kom frå Kobe, Tamashima, Tottori og Matsue. Eg var heldig å få med meg to ungdomsskulejenter, som også er faste på Bible Club. Ei av dei var på kristen leir for første gong.

Etter fleire dagar med kraftig regn var vi spente på om det vart opphald nok til å gå på fjelltur, som vi hadde planlagt. Men i løpet av møtet klarna det litt opp, og dei aller fleste var innstilte på ein frisk ettermiddagstur til eit fjell som heiter Mihira-yama.
Vi sette oss i bilane og køyrde. Men plutseleg sa det STOPP. Framfor meg var der ikkje meir veg! Slik såg det ut:


Det var litt av eit syn! Vi skulle til fjells, men var enno ikkje komne fram til parkeringsplassen.

Så kva gjer vi no? Er vi dei første som kjem hit etter at raset har gått? Etter å ha sett oss litt meir om, fann vi ut at dette ikkje var eit heilt nytt ras, men kvifor hadde ingen sagt ifrå at vi ikkje skulle gå der? Men hadde vi eigentleg sagt ifrå kvar vi hadde tenkt oss?
Det var kanskje litt dristig, men vi fann ut at det gjekk no an å gå utanom raset, og sjå litt korleis det såg ut på andre sida. Så då gjorde vi det...

Vegen såg meir ut som ei elv gjennom ei steinrøys enkelte stader.

Når vi endeleg kom fram til det stien startar, stod det eit skilt som sa at på grunn av jordras 15. juli (altså meir enn 3 månader sidan!), var det farleg å gå i fjellet. Eg må innrømme at vi gjekk opp denne trappa for å ta litt bilete av dei flotte haustfargane, men vi snudde ganske fort, altså.



 I staden for fjelltur tok vi ein runde i nærleiken av leirplassen. Og snart kom mørkret sigande, og det var tid for kveldsbad og middag. Sjølv om fjellturen gjekk i vasken, fekk eg iallfall nokre fleire illustrasjonar til kveldens tale, med tema: "God will make a way". På norsk heiter denne songen "Gud vil rydde vei".
Og som eittåring David sa: - Vi får iallfall mange bilete til bloggen!
Kjempegod mat fekk vi iallfall! Altmuligmann Ikeshita presenterte menyen av internasjonal mat.
- Vi må då ha internasjonal mat på internasjonal leir, sa han, og beklaga samtidig at han ikkje hadde finsk brød.
 Det er kveldssamling, og vi varmar opp med nokre leikar. Denne gruppa gjorde det godt i koordinering av hender, føter og olbogar.

(Foto: Johanna Tervonen)
På kveldsmøtet talte eg om korleis Gud viser veg, og korleis han kan rydde veg der vi ikkje ser nokon veg.
Gud vil rydde vei der hvor ingen veier er,
og når hans verk er skjult for meg
vil hans løfter åpne vei.
Han er hyrden min, og han tar min hånd i sin
med kraft og styrke for hver dag
vil han rydde vei, vil han rydde vei.

Gjennom ødemark skal veier legges foran meg
og stier i en ørken får jeg se.
Himmel og jord forgår, men hans ord står evig fast.
Se, han gjør noe nytt i dag.

Gud vil rydde vei...

Det var godt for meg sjølv å førebu denne talen, og eg håper også at det kan bety noko for andre.

Søndags føremiddag var vi på gudsteneste i Hiruzen kyrkje, etter ein times bibelstudie og samtale over dagens tekst, om farisearen og tollaren i templet.
Evangelist Kanji talte. Han har sjølv jobba i tollvesenet, men som 60-åring møtte han kallet gjennom forteljinga om Matteus som Jesus kalla då han sat på tollboda. No jobbar han som evangelist i Rokko Island kyrkje og som dagleg leiar av Mediasenteret "Lys til hjertene" (Den lutherske time).
(Foto: Michinari Ohashi)
Ein fornøgd og glad flokk som gjerne ville ha vore på leir lengre. Dei to jentene eg hadde med, ville nytte finevêret til å gå seg ein tur før vi sette kursen mot Matsue igjen.
- For vi gjorde ferdig alle leksene før vi reiste! sa dei.

Så fekk vi også takke ein samla stab, som hadde møte etter at opprydninga var ferdig. Frå venstre kokke/kjøkkenleiar Takahashi, dagleg leiar Ohashi og altmuligmann Ikeshita.

(Foto: Johanna Tervonen)
 Då seier også vi takk for oss! Eg skulle så gjerne hatt med fleire ifrå Bible Club, men dei andre verka uinteresserte eller opptatt. Kanskje Kaho og Minami kan få med seg fleire neste gong? Dei har lyst å bli med på Snow Fun Camp i februar, også, men det spørst om det kolliderer med opptaksprøver til vidaregåande... Det er hardt å vere avgangselev i Japan.

2 comments:

  1. Så flott at du fekk med to. Det er sådd noko for evigheita.
    Vegryddar ja!

    Vonar du har det bra :-)

    ReplyDelete
  2. Det er så kjekkt å følge med deg i bloggverden. Blir så imponert over det arbedet som du gjør i Japan! Ser ut som du storkoser deg Inger! Er med deg i bønn!!

    Varm klem fra trøndelag og Gunvor

    ReplyDelete