Monday, February 18, 2013

Eg lyfter auga mine til fjella


For tredje år på rad har vi hatt Snow Fun Camp på Hiruzen. Ein familie frå Suma var med for tredje gong, medan ein student frå Brasil fekk prøve seg på ski for første gong i sitt liv.
Under temaet "Eg lyfter auga mine til fjella" fekk vi ei fin helg på fjellet med utgangspunkt i Salme 121.

Japanarar har ærefrykt for fjella, og både Daisen-fjellet mellom Matsue og Hiruzen (øvst t.v.) og det meir kjende Fuji-fjellet (øvst t.h.) har ifrå gammalt av vore tilbedt som gud. Også Mt. Everest blir sett på som guddommeleg, fekk vi høyre under første talen fredag kveld. Men Bibelen seier at vår hjelp kjem ikkje frå fjella, men frå Han som skapte fjella: "Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som skapte himmel og jord."

Talar på leiren var Junichi Ishimaru, som er pastor i Kakogawa kyrkje. Han tok også fram fleire døme på at Gud møter menneske på ein spesiell måte på fjellet. Både Moses og Elia fekk eit møte med Gud på fjellet, og desse to fekk også møte Gud på ein spesiell måte då Jesus vart forklara, nettopp på eit fjell.
 Laurdag medan vi andre var på ski, var Ishimaru igjen på leirplassen for å førebu preika til Arashima kyrkje, dit han skulle på søndag. Han hadde også fått tid til å omsetje songen "Jeg løfter mine øyne opp til fjellene", så på kveldsmøtet kunne vi synge den for første gong på japansk: "Me o age, yamayama o aogu, tasuke wa doko kara?"


Laurdag morgon vakna vi opp til 40-50 cm nysnø! Etter bibeltimen var vi klare for nye utfordringar. Særleg Heitor frå Brasil var spent.
Sjølvtilliten ser bra ut her, men han vart litt meir skjelven i knea då han fekk glatte ski under føtene. Likevel tok han det med ei sporty innstilling og godt humør.
Leirsjef Johanna Tervonen var ein tolmodig skiinstruktør, men ho var i tvil om kor lurt det var å ha tatt Heitor med i heisa til toppen av bakken. Resutatet vart at ho tok med skia hans ned igjen, medan han sjølv tok beina fatt. Nede på flata var det tryggare å øve, og etter nokre timar var både han sjølv og instruktøren ganske fornøgde.

Denne jenta var med på leiren for to år sidan, også, og ho såg ut til å kose seg i bakken.


Nokre av deltakarane var litt meir avanserte. 
Det er godt å slappe av etter ein dag på snowboard! (Foto: Katsuhiro Igi)
På veg heim søndag ettermiddag køyrer vi igjen forbi Mt Daisen. (Foto: Heitor Santos)
Tilbake på Matsue stasjon møter vi att pastor Ishimaru, som har vore i Arashima kyrkje. (Foto: Yasuko Eriguchi)

 
"Eg lyfter augo mine til fjella. 
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå HERREN, 
som har skapt himmel og jord." 
Sal. 121, 1-2

"For om fjella vik og haugane vaklar,
 skal min godleik aldri vika frå deg, 
mi fredspakt skal ikkje vakla, seier HERREN, 
som viser deg miskunn."
Jes. 54,10

No comments:

Post a Comment