Sunday, October 16, 2011

Er Bible Club ei sekt?


Utanlandsstudentane har kome igjen, og sist fredag hadde eg fem kinesarar som laga mat her på kjøkkenet mitt. Men eg sakna han som var den første til å svare på at han ville kome. Det viste seg at den kinesiske guten var blitt stoppa av ein japansk student som er "fadder" for han. Og denne studenten hadde snakka med ein tilsett ved universitetet, som har ansvar for utanlandsstudentane. Dei var redde for at Bible Club var ei sekt som lurte dei nye studentane. Dei har tidlegare hatt problem med Den forente familie og andre sekter som har vore aktive inne på universitetsområdet, og difor er no all religiøs aktivitet forbode. Bønnemøte held vi uoffisielt på eit ledig grupperom, men offisielt kan ikkje KGK (Laget) bli registrert som ein klubb.
Ved kvar semesterstart blir nye studentar advarte mot mistenkjelege folk som inviterer dei til samlingar, men sidan desse nye kinesarane kom midt i eit semester, var dei ikkje gjort merksame på problemet.

Heldigvis var Kazuaki der på fredag ettermiddag då saka kom opp. Han sit nr 2 frå høgre på biletet ovanfor. Kazuaki er japanar og har gått mykje på Bible Club. Han kunne forklare at Bible Club er kristendom og ikkje noko sekt, så møtet enda med at det ikkje skulle vere noko problem. Men eg er framleis bekymra for denne kinesiske studenten som først hadde sagt han ville kome, men som eg ikkje har fått kontakt med etterpå. Er det andre som hindrar han i å komme, eller er han sjølv blitt skremt?

Du som ber, vil du be om at ingen må leggje hindringar i vegen for desse ungdommane, men at dei kan kjenne seg trygge på at vi ikkje lurer dei inn i noko skummelt? Det er så mange røyster som ropar på dei. Her på Bible Club las vi om Jesus som er den gode hyrdingen. Ein hyrding som ofrar livet sitt for sauene sine, kan ikkje vere ein dårleg hyrding. Be om at ungdommane får høyre den gode hyrdingen si stemme og følgje han!


Denne fredagen var Sansfica glad fordi ho endeleg hadde fått med ein kamerat frå Sri Lanka. Han er buddhist, men hadde lyst å lære meir om Jesus.

Eg eg spent på kva Gud vil gjere gjennom Bible Club. Takk for forbøn!

No comments:

Post a Comment