Thursday, October 8, 2009

Autumn Holiday

ノルウェーで学校が10月一週間の秋休みがあります。私は月曜日と火曜日は働いていましたが、昨日実家に帰って来ました。
先週の土曜日友達と一緒にこの間一人で歩いてきた森の道を歩きました。終点でちょっと休憩をしました。寒かったのでホットココアがあって、よかったですね。

Godt med litt varm kakao, men det vart ikkje lang pause. Ystehola heitte det visst her.

Utsikta var ganske bra. Søndag gjekk vi turen oppigjen, denne gong i regndress. Bra trim, iallfall! Så no har eg vore der 2 gonger. Heidi Brekke, som eg gjekk ilag med, hadde visst tur nr 52 eller noko slikt...

昨日はレーダル先生と会いました。夕方故郷を通って来られたので、レストランで待ち合わせをしました。私は初めて故郷のレストランに入りました。レーダル先生のおかげで。レーダル先生は大きな車を借りて、雨の中で山を超え、フィヨルドを渡って、遠いSykkylvenという所に家具を取りに行きました。レーダル先生は勇気がある女性ですね。

その帰りに私としばらく時間を過ごしてくれました。次のフェリーの時間に間に合うようにゆっくりできませんでしたが、久しぶりにお会いが出来て、よかったです。


Igår traff eg Japan-misjonær Else Marie Ledal. Ho hadde køyrt heile vegen ifrå Aure på Nordmøre til Aure på Sunnmøre for å hente eit lass med møblar. På veg heimover stoppa ho på Sjøholt. Sidan eg nettopp var komen heim på haustferie, passa det veldig bra å ta ein tur til Sjøholt sentrum. Der gjekk vi på kafé. Det er faktisk første gong eg har vore på kafé i mi eiga heimbygd. I Japan er det ganske vanleg å gå ut og ete ilag, men det er ikkje kultur for det her. Forresten har vi ikkje hatt kafé i bygda her så lenge, heller.

Kafeen heiter forresten "Systra" og er anbefalt for den som skulle trenge ein stopp på Sjøholt, staden "Der vegar møtest". Og send meg gjerne ein SMS om du vil ha selskap!

No comments:

Post a Comment