Sunday, March 28, 2021
Frå vinter til vår 冬から春へ
Monday, January 4, 2021
Heimbygda 故郷
Saturday, December 5, 2020
Japansk julekonsert til søndagsfrukosten?
Monday, November 30, 2020
Flyttfuglar
Monday, November 2, 2020
Avskjed med Nima
Tuesday, October 20, 2020
Blomsterglede
Friday, October 16, 2020
Ønskjer de misjonærbesøk?
Første halvår i 2021 skal eg også «reise i misjonen», eller «reise for Hovudstyret», som det heiter, rundt i alle regionar av NLM. Det høyrest litt skummelt ut, for dette har eg ikkje gjort før. Men eg vil gjerne treffe misjonsfolket og dele litt av det eg har fått vere med på her i Japan som dykkar utsending. Reiseruta er framleis på planleggingsstadiet, så der er mykje ledig. Difor oppmodar eg dykk til å ta kontakt med næraste regionkontor for å gjere avtale. Eg kan delta i alt ifrå foreining, forsamling, bedehusmøte, barnelag, institusjonsbesøk, kor, skule eller barnehage. Då eg reiste i Region Nordvest i 2016-17, vart eg også invitert til reine mannsforeiningar, og det var også kjekt! Det var kanskje eg sjølv som inviterte meg. Eg har også vore utsending frå Lærernes Misjonsforbund i mange år, så LMF-gruppene må også gjerne ta kontakt. LMF-grupper som ønskjer besøk, må ta kontakt med LMF-kontoret.
![]() |
| Mannsforeininga på Stranda tok godt imot meg! |
Eg kan sikkert vere med på det meste, så lenge det er innanfor
smittevernreglane. Men eg er kanskje ikkje akkurat nokon stormøte-talar…
Her er ei skisse av reiseruta, så då er det berre å ta kontakt med regionkontoret:
Veke 1-3 Region Nordvest
Veke 5-6 Region Nord
Veke 9 Region Nordvest
Veke 11-12 Region Midt-Norge
Veke 14-15 Region Vest
Veke 17 Region Sør
Veke 19-20 Region Øst
Veke 22 Region Sørvest
Veke 30 Region Midt-Norge (ledig 27.-28. juli)












































