Friday, September 27, 2019

- Heyyy, don't be a foolish man!

Å bygge huset sitt på sand er både enkelt, billig og raskt. Men særleg lurt er det nok ikkje. Det var alle samde om. Dei som bur i Nima, veit kva sand er. Der er fine sandstrender, og dei har til og med eit eige sandmuseum med eit timeglas som varer eit heilt år!


Etter at tyfonen hadde fare forbi vår kant av landet, passa det bra å lese teksten om huset på fjell og huset på sand. Det var kanskje ikkje tilfeldig at dette var teksten for siste leksjonen i boka om Jesu likningar.

Damene var samde om at det er skilnad på berre å høyre og å handle etter det ein høyrer. Dersom vi høyrer Guds ord utan at det fører til endringar i livet vårt, er vi like dumme som han som bygde huset sitt på sand.

Engelskelevane i Nima kyrkje liker også å synge. Denne gongen hadde dei litt problem med å henge med på tempoet, men det er ingenting å seie på konsentrasjonen!


Etter fleire dagar med regn, var det godt å sjå sola igjen. Medan eg åt middag før kveldsklassa, hadde eg denne utsikta ifrå andre etasje i kyrkja.

Nedanfor er songen som eg lærte dei på engelskklassa. Spesielt likte dei avslutninga etter tredje verset:
"Heyyy, don't be a foolish man! Build your life on the Lord!"
(Hei, ver ikkje ein dåre! Bygg livet ditt på Herren!)


Lytt til songen her:
The wise man built his house upon the Rock



Huset som var bygd på fjell, stod stødt også i stormen.

Og har du gløymt orda Jesus sa om dette, kan du lese dei her på nynorsk:

"Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort."

Matt. 7, 24-27


No fekk eg akkurat påminning på mobilen min at det er 1 time til Bible Club startar. Vanlegvis har eg ikkje tid til å sitje framfor datamaskina på ein fredag ettermiddag, berre ein time før folk kjem og skal ha mat, men idag fekk eg middagen levert i 10-tida av ei som går på bibelklassa mi på fredag føremiddag. Riskokaren er visst allereie ferdig, så no er det berre å varme opp to rettar, dekke bord og gjere klart. Vi blir berre ni idag, så det blir nok ein roleg kveld. Neste fredag har universitetet starta igjen etter ferien, så då kan det nok bli fleire. Men det merkast allereie no at tre av dei faste utlendingane har reist. Dei blir nok sakna i kveld!

Sunday, September 22, 2019

Heimattsendt

Neidå, eg er ikkje blitt sendt heimatt til Norge, men berre heimatt til Matsue. Pastoren og kona i Izumo kyrkje var bekymra for at vinden ville bli sterkare etter kveldsgudstenesta, så dei anbefalte meg å reise heim før.
Eg var nettopp ferdig med kveldsmaten min då dei kom innom på pauserommet. Det har vore ei travel helg, så eg hadde eigentleg ikkje så mykje imot å reise heimatt nokre timar før. Berre litt ergeleg at orgellyd på boks må erstatte levande musikk. Men på kveldsgudstenestene bruker dei ofte "hymn player" når dei ikkje har organist, så dei klarer seg nok i kveld, også.

Kartet over viser tyfon nr. 17 og korleis han beveger seg nordover. Eg har merka Matsue med ein gul prikk. Tyfonen vil truleg vere sterkast ifrå midnatt, og vere forbi utpå føremiddagen i morgon.

Den første linja med raudt varsel frå kl 0 (midnatt) til kl 9 i morgon, er sterk vind på land, og den andre sterk vind til sjøs. Den tredje linja er høge bølgjer frå kl 3 til 15. Eg får varsel på mobilen.

Idag køyrde eg heimanfrå litt før 8, og då vart eg nesten våt på veg ned trappa og inn i bilen, sjølv om eg hadde paraply. Den sterkaste paraplyen som toler vind, er Ørskog Sparebank-paraplyen eg sende i storbagasjen til Japan i 1993, og han held endå!

Akkurat no får eg ny melding på mobilen om kraftig regn (22 mm/t) som skal komme om 5 minutt. Det slår nok ikkje heilt feil.

Her er nyheiter om tyfonen på engelsk:
https://www3.nhk.or.jp/nhkworld/en/news/special/01/1917/

Dette vart mykje vêr. La oss ta eit lite tilbakeblikk på helga.

Fredag var det fullt hus her hos meg. Sidan det framleis er sommarferie for dei japanske studentane ved universitetet, hadde eg tenkt å ha heile Bible Club heime i september. Difor hadde eg ikkje bestilt rom på det internasjonale kultursenteret. Men då eg hadde 17 namn på lista, og deriblant fleire som kan vere ganske høgrøsta, ringde eg og spurde om det var mulig å få eit rom, og det var det heldigvis. Etter middagen heime hos meg, kom det to til, så vi var 19 personar. For nabofreden var det nok bra at vi ikkje var heime hos meg heile kvelden sjølv om eg hadde sagt ifrå at vi truleg vart meir enn ti personar.


Grunnen til at vi var så mange, var nok at det var siste gong tre av desse var på Bible Club. Tidlegare på dag hadde det vore avslutningsseremoni ved universitetet for dei som har tatt mastergrad, og begge studentane stilte opp i nasjonaldrakt frå Eritrea og Kamerun.
Det var mange som ville bli fotograferte ilag med hovudpersonane. Begge desse japanarane har møtt Jesus og kome til tru gjennom Bible Club. Han i kvit skjorte kom rett frå jobb, og hadde ikkje ete middag. Men han ville gjerne vere med på bibelstudiet og ta farvel med dei som reiser.

I går hadde KGK (studentlaget) samling i Matsue. To studentar herifrå og eg var vertskap. Dei andre kom frå Hiroshima, Yamaguchi og Okayama. Dei var førebudde på regn, så alle hadde med paraply, men etter å ha vore nokre timar i kyrkja først, letta regnet.
I kyrkja hadde vi song, leikar, åt medbrakt lunsj og hadde bibelstudie og bøn i to grupper. Deretter gjekk dei fleste tur i parken rundt den gamle borga, medan andre var på kafé. Til slutt møttest vi til fotografering ved Shinji-innsjøen.
Maskotten for Shimane fylke heiter "Shima-neko". (neko betyr katt). Her er to jenter ifrå Shimane (ho til venstre frå Matsue og ho til høgre frå Izumo.) Det tok ei stund før det gjekk opp for meg at her går ein utlending og viser japanarar rundt i Matsue! Av og til gløymer eg at eg er utlending...

Det vart visst ikkje så mykje av den regnbyga som var meldt. Kor mykje som elles blir av det som er meldt, får vise seg i morgon. Eg skal iallfall legge meg på rommet som er mest lydtett. Så kan det berre blåse. I morgon er det måndag og fridagen min, men haustjamndøgn er også offentleg fridag i Japan, så folk flest har fri. Fjellturen som eg hadde planlagt ilag med ei veninne og sonen hennar, er avblåst, men eg har invitert dei på besøk på ettermiddagen i staden. Dersom dei finn ut at vêret er for dårleg til å komme, kan eg kanskje invitere nokre naboar som har kort veg? Får sjå kva som skjer i morgon.
Ha ei god veke!

Oppdatering måndag 23. september:
Eg har hatt ei roleg natt. Tyfonen gjekk forbi uti havet, så han tok ikkje så sterkt her som først frykta. Men lenger sør var 57.000 husstandar på Kyushu og 9.200 i Yamaguchi som var utan straum i dag tidleg. Tyfonen har no gått over i eit lavtrykk, seier dei på nyheitene.
No får eg snart besøk.



Thursday, September 19, 2019

I Krist er ikkje aust og vest, og ikkje sør og nord



Eg reiste til Japan for å arbeide blant japanarar, og det gjer eg, også. Samtidig har eg blitt kjent med så mange flotte menneske frå mange kantar av verda. 
Sist søndag hadde vi internasjonal gudsteneste med avskjed for tre av dei som har vore aktive i Bible Club dei to siste åra; eit ektepar ifrå Kamerun og ei ung dame frå Eritrea. To av dei har tatt mastergrad i geologi ved universitetet her. I morgon på Bible Club vil det bli siste avskjed før dei reiser heim.
Det var overraskande mange på denne gudstenesta, sjølv om dei japanske studentane framleis har sommarferie og ikkje startar neste semester før i oktober. Det kom folk ifrå byar både aust og vest og sør for Matsue, frå Tottori, Yonago, Izumo, Kobe og Himeji. Ei oppteljing viser at der var 25 japanarar og 11 utlendingar, frå USA, Brasil, Kamerun, Sør-Afrika, Eritrea, Australia og Norge.
"De kommer fra øst og vest, de kommer fra syd og nord", syng vi i ein song, og det kan vel seiast om denne flokken. Men ikkje alle er kristne. Fleire japanarar kjem for å høyre og synge engelsk og for å treffe utlendingar. Så dette er også ein plass å nå ut til japanarar som ikkje kjenner Jesus.


I Krist er ikkje aust og vest 
og ikkje sør og nord. 
Hans folk er eitt i tru og von 
på all den vide jord.


 Eg var så opptatt med å spele piano, og mobilen låg på talarstolen for opptak, så eg fekk ikkje tid til å ta bilete under sjølve gudstenesta. Men du kan høyre opptaket her:

Opptak frå internasjonal gudsteneste 15. september 2019



                                         Her er nokre av dei som var med på gudstenesta.






Eg hadde også fem overnattingsgjestar frå Kobe som var her over til måndag.

                                                Her er frukosten måndag morgon.






 

Tirsdag var Wegahta og eg ved Shinji-sjøen og fekk med oss ein nydeleg solnedgang.



                                                   Sola går ned i vest også i Japan. 





I Krist no møtest aust og vest, 
og eitt vert sør og nord.
Av alle tunger samlar han
eit heilagt folk på jord. 



To av mine afrikanske veninner har nyleg vore på lokal-TV, der dei har kokekurs for japanske kvinner.




Wednesday, September 11, 2019

Annleisveke i Kobe

Det er allereie to dagar sidan eg kom til Kobe, men eg har ikkje eitt einaste bilete herifrå endå. Dette tok eg frå bussen måndag ettermiddag etter at vi var komne ut av Matsue by. Det var fint vêr med blå himmel og grøne risåkrar, men framleis varmt for å vere i september. Tidlegare på dag fekk eg faktisk ein advarsel på mobiltelefonen om å unngå sportslege aktivitetar mellom kl 12 og 15!

34 grader og høg luftfuktigheit er ikkje akkurat beste forholda for utandørs aktivitet. Sjølv om det er ned mot 25 grader om natta, freistar det ikkje å trimme. Så det har blitt litt for mykje stillesitjing i det siste.
Eg sit på eit lite rom på kvinneinternatet på bibelskulen i Kobe. Her er det ganske stille. Tre japanske vaksne damer bur i denne etasjen, og i leiligheita under bur eit finsk ektepar. Eg hadde ein prat med ei av bibelskuleelevane nede på elevkjøkkenet i kveld, men elles har eg mykje tid for meg sjølv.

I går var eg på møte frå kl 9.30 til 17.30, først som tolk på eit kort møte med kyrkjeleiarane, og deretter møte i Japanfeltstyret, med islandsk styreleiar, finsk nestleiar og meg som norsk sekretær (som skriv på engelsk). Vi fekk ønske velkommen vår nye stedlige representant Eivind Jåtun, og kona Tone, som serverte oss delikat lunsj og Sørlandschips-sjokolade!


Idag har eg hatt to musikktimar på bibelskulen, og skal ha ein dobbeltime også i morgon. Det er kjekt å treffe att elevane og merke songgleda. Denne veka fordjupar vi oss i songar som er skrivne utifrå Davidssalmar. Idag har vi øvd på Salme 23 og Salme 42, og i morgon er planen å sjå på nokre songar over Salme 121 og 130, både i dur og moll. I Salmane i Bibelen kan vi finne ord og bøner som passar i mange livssituasjonar.

Etter at musikktimen er slutt kl 10.10 i morgon, har eg "fri" til kl 17 på fredag, då vi samlast til misjonærmøte fredag kveld og laurdag. Då får vi m.a. besøk av misjonærar frå Hongkong.
 Det er første gong vi møtest og gjer noko ilag, så dette kan bli spennande! Håper det kan bli til gjensidig glede og inspirasjon.

Det vart lite bilete her, men eg får ta med nokre glimt frå dagane før eg sette meg på bussen.

FREDAG:


Fredag var det sushi på menyen til Bible Club. Vi var ikkje så mange, men det er koseleg når vi kan vere som ei familie rundt bordet.

Jentene frå Sør-Afrika syntest det var artig at japanaren bruker majones på sushi.

På Bible Club har vi "minnebøker", der alle skriv eit par linjer om kva som sit igjen frå bibelstudiet, eller korleis dei likte maten. Etter å ha starta bok nr 1 i 2006, har vi no byrja på bok nr 8. Fleire syntest det var interessant å bla i bøkene og sjå kven som var her og kva dei hadde skrive for fleire år sidan. Desse notisbøkene kan få stor verdi i framtida!

Denne veka blir det også Bible Club heime hos meg sjølv om eg er i Kobe. Jennifer, som budde i leiligheita mi det året eg var i Norge, vil både lage middag og ta seg av bibelstudiet. Så før eg reiste, måtte eg gjere reint og rydde, slik at alt er klart.

LAURDAG:

Laurdag ettermiddag var det liv og røre i Arashima kyrkje igjen, der vi hadde Hosanna Kids.

Fleire av desse borna har kristen mor, men ikkje kristen far. To andre har ingen kristen bakgrunn. Dei er flinke til å høyre etter og svare på spørsmål. Ein gut har funne beste plassen rett framfor henne som har andakt.
 
 SØNDAG:

Søndag var Wegahta frå Eritrea med på gudsteneste i Arashima for siste gong.

Foto: Midori Naito
 Ho har vore fleire gonger i denne kyrkja og blitt glad i folket der. Her deler ho vitnemålet sitt om korleis Gud leia henne på vegen til Japan. Eg prøver å tolke.

Foto: Midori Naito
Kyrkjelyden i Arashima er ein trufast flokk. Innimellom ser vi også nokre nye som kjem.

Foto: Megumi Takahashi
Vi vil sakne Wegahta, både i Bible Club og i kyrkja! Men det er framleis mulig å treffe henne. Søndag 15. september blir det avskjed på den internasjonale gudstenesta i Matsue. Også eit ektepar frå Kamerun blir det avskjed for då. No har eg fått folk til dei fleste oppgåvene, og presten skal tale, så denne veka slepp eg "lett" unna.
Det er i grunnen godt når eg ikkje kjem heim før på laurdagskvelden. Og på søndag kveld får eg også besøk frå Kobe av fire vaksne og ein på 10 månader.


Saturday, August 31, 2019

I sakte tempo

Vanlegvis er det ingen som ser meg når eg ligg på sofaen, men igår hadde eg ei kokke som også kunne ta bilete. Forkjølinga har ikkje slept taket enno, så for tida gjer eg ikkje meir enn eg må. Idag har det vorte endå mindre gjort, men eg har iallfall fått rydda opp etter i går, og hatt lunsjbesøk med bibelstudium ilag med ei dame. Ho laga røra til maten, og så steikte vi det ilag medan vi åt.
Igår var det kona til ein student ifrå Kamerun tilbaud seg å lage mat på 26-årsdagen sin! Ikkje verst!


Føremiddag hadde eg også bibelklasse, så det vart ikkje så mykje fritid. Det er kjekt å få hjelp til maten, men det treng ikkje dermed å bety at det blir mindre arbeid for meg. Frå vi gjekk ut og handla til Bible Club-middagen starta, brukte vi 4 1/2 time. Sjølv om ho gjorde det meste, måtte eg vere på kjøkkenet. Eg fekk iallfall laga powerpoint til bibelstudiet. Men etter det måtte eg berre flate ut på sofaen ei stund. Og der har eg vore fleire gonger idag, også. Det er vel greitt å gå litt i sakte tempo nokre dagar når eg elles har litt meir fart.
Heldigvis har eg ingenting å førebu til i morgon. Eg skal "berre" møte opp og vere tolk for nokre utanlandsstudentar som vil bli med til kyrkje, og delta på eit fellesmøte på ettermiddagen.

 Desse jentene vil vere med til kyrkje i morgon. Biletet er tatt etter den internasjonale gudstenesta sist søndag.

I går på Bible Club var det overvekt av utlendingar. Dei fleste japanarar er framleis heime på sommarferie. Det var litt varmt i går kveld sidan kjølinga på "cooleren" ikkje fungerte, så då måtte dei hjelpe litt til sjølve:


Vaktmeisteren kjem og skal sjå på det på måndag, så det blir vel ei råd. Heldigvis har verste varmen gitt seg. Når eg er her åleine, klarer eg meg med opne vindauge og eventuelt elektrisk vifte i tillegg.

 Forrige helg var det ein god del jobbing med å førebu den første internasjonale gudstenesta etter ferien min.  Her er eit glimt ifrå talen.
Foto: Scott Menking
Vi var ikkje så veldig mange denne gongen, men to var der for første gong. Den eine var med og spela fløyte, noko ho gjorde veldig bra!
Då eg laga ny invitasjon på Facebook til neste internasjonale gudsteneste 15. september, var ho den første som svarte at ho skal!

Høyr gudstenesta her!

Foto: Scott Menking
Her er flokken: Fem frå Japan, fire frå USA og éin representant frå kvart av desse landa: Kenya, Eritrea, Myanmar og Norge.
Etter ei slik helg og deretter tur-retur Nima tirsdag-onsdag og ein travel fredag er det greitt å ha nokre rolegare dagar innimellom. Avspasering kan ein vel kalle det, sjølv om det ikkje er noko som heiter det i dette landet, trur eg.
Eller kanskje rett og slett ein frilaurdag.


Og så kan eg å kose meg. I frysaren fann eg ferdig kokt risengrynsgraut og bringebærsaus som Karoline og Marius hadde lagt igjen då dei var her tidlegare i august. Så no har eg laga meg riskrem så eg har nokre dagar framover...!  :)

Og no trur eg jammen at nasen har slutta å renne, også! 


Thursday, August 29, 2019

Eg er visst ingen ungdom lenger

Foto: Toshiaki Suzuki
Heilt sidan måndag har eg tenkt kvar dag at eg skulle skrive blogg når eg har så "lite" å gjere. Men så var det noko med tiltakslysta som mangla. I tillegg har eg visst blitt forkjøla, og det legg ein dempar på aktiviteten. Og eg kjenner at eg er ikkje nokon ungdom lenger. Likevel reiste eg på studentleir.

Her er nokre glimt frå leiren som var 19.-21. august.
 
 Første kvelden var det grilling. På den leirplassen vi var, er der ikkje nokon tilsette, så all maten var det vi sjølve som laga. Kvar gruppe hadde ansvar for kvart sitt måltid, og studentane viste verkeleg at dei kan å lage mat! Skulle hatt nokre av dei her på Bible Club, tenkte eg.


Ser du godt etter på det øverste biletet, kan du kanskje finne meg iblant ungdommane. Sjølv om eg ser like ung ut som dei, er det nok berre på utsida.
Men éin ting hadde eg iallfall til felles med mange: Eg var trøytt oghadde problem med å halde meg vaken under kveldsmøta. Ungdommane fordi dei hadde rangla, men eg hadde lagt meg så tidleg eg kunne etter kveldsmøtet med etterfølgjande gruppesamling, og stappa sov-i-ro i øyrene for å stengje ute lydane. Men eg vakna likevel då jentene etterkvart kom og skulle legge seg på eit rom der det ikkje var særleg meir plass enn til fire madrasser og nokre små koffertar.

Det vart nok ein litt brå overgang frå ein lang ferie i Norge til å vere med på leir rett etter eg var komen tilbake til landet, og etter ein lang søndag i kyrkja. Eg lurte eigentleg på om det hadde vore nødvendig å vere der. Dei to studentane eg hadde med, var av den motiverte sorten som sikkert kunne ha funne vegen sjølve med buss eller tog, men eg hadde stilt meg til disposisjon i tilfelle vi fekk med nokre som ikkje har vore på leir før.

 Det var godt å få stå og synge. Verre var det å sitje i ro lenge og høyre på tale, sjølv om det var aldri så bra forkynning. Talaren forstod at fleire hadde problem med å halde seg vakne, så han oppmoda dei som var søvnige om å reise seg opp og strekkje seg, noko eg nytta meg av under avslutningsmøtet...

 Dei fleste ser ut til å følgje godt med.

Nedanfor kan du sjå og høyre litt av lovsongen. Dei syng at Jesus vil alltid gå med oss.



Det var også tid til leik og rekreasjon. Vi kunne velje mellom ulike aktivitetar og turar. Eg var med på gruppa som gjekk ned til sjøen. Eg hadde med badedrakt i sekken, men sidan ingen andre skifta til badetøy, hoppa eg også i havet i shorts og T-skjorte. Her spela vi volleyball og hadde andre aktivitetar, og eg fekk også prøve å svømme i klede som var tunge av vatn. Og Setonaikai (Seto innlandshav) var betrakteleg varmare enn fjordane på Sunnmøre i sommar!

2019 KGK夏期学校 står det i sanden. Med andre ord: KGK (Studentlaget) sin sommarskule i 2019.

Her er vi klare for heimturen, og vi kom oss trygt tilbake dei vel 20 mila frå Ushimado sør for Okayama, og heim til Matsue.


Den første timen var det på smale og kronglete vegar. Resten var motorveg. Passasjerane mine guida meg med GPS, så vi tok ikkje feil av vegen ein einaste plass!

Etter ein leir ilag med ungdommar kjenner eg at eg er ikkje så ung lenger som eg gjerne vil tru om meg sjølv.
I morgon er det Bible Club igjen. Først har eg bibelklasse på føremiddag, og så kjem eit ektepar frå Kamerun og skal lage middag til oss. Forrige fredag hadde vi mat frå Eritrea. Det er kjekt når eg får hjelp til maten.

Det har forresten regna noko forferdeleg lenger sør i landet, med flaum, der hus og bilar står under vatn. Minst tre personar er stadfeste omkomne. Også her i Matsue kom det melding om fare for overfløymde elvar, men her eg bur, trur eg det er trygt. Og så bur eg i 2. etasje... På Kyushu er eit sjukehus overfløymt i 1. etasje, så pasientane var blitt evakuerte til etasjen over. Og matvarer måtte fraktast med båt.
Regnet har stansa her i Matsue, men i morgon skal det visst komme meir.

Det blir kanskje følgjetong nærare helga, men eg lovar ingenting. For eg er ingen ungdom lenger...

Nedanfor kan du forresten lese om ein annan leir som vart arrangert akkurat samme dagane som eg var på leir med studentane. Familien Tråsdahl ser ut til å stortrivast og passe perfekt inn i dette arbeidet. Ikkje minst barna ser ut til å ha det fint. Det er ikkje kven som helst som får feire 3-årsdagen sin på ungdomsleir!

Ungdomsleir på Hiruzen