Monday, February 10, 2020

Nordmenn i fleirtal på Bible Club


Foto: S.M

På Fjellhaug bibelskule har dei eit studietilbod som heiter Bibel og Gaming. I løpet av året har dei ein tur til Japan. I fjor var dei også innom Matsue og var med på Bible Club, og dei to lærarane ville gjerne ha med årets elevar også til Matsue i løpet Japanopphaldet. Sjølvsagt kunne eg ikkje ta imot fjorten norske mannfolk verken til overnatting eller mat, så dei ordna seg sjølve med hotell, og Bible Club hadde vi på det internasjonale kultursenteret, der vi også laga middag denne gongen. Å koke for 27-28 personar er ingen spøk, men eg fekk god hjelp av to studentar.

To store karrigryter og 35 koppar ris vart nok, og til og med restar til frysaren.

Vi blanda oss så det vart to norske i kvar av dei sju gruppene. Dei sju japanarane vart også godt fordelte.

 



Foto: S.M
To av studentane frå Fjellhaug hadde vitnemål og fortalde korleis dei vart kristne og kvifor dei framleis er det, og etterpå samtalte vi i grupper om det.
Eg var ganske nervøs på førehand med alt det praktiske som skulle ordnast, men det gjekk ganske bra.

Laurdagen hadde Fjellhaug-gjengen eit eige opplegg som eg har vore med og lagt til rette for, der dei fekk oppleve japansk natur og kultur. På linken nedanfor kan de sjå litt av kva dei fekk vere med på. Det er skrive på japansk, men der er mange bilete. Og dei har visst kome på TV, også!

Bibel og Gaming i bambusskogen

Eg sjølv var med på tøflebordtennisturnering.

Vi gjekk fort utav kampen, men ein liten trøystepremie vart det iallfall.

Resten av laurdagen gjekk med til å førebu meg til søndagen, der eg skulle tale to gonger i Yonago kyrkje.

Bibel og Gaming-klassa skulle vidare på søndag, men dei rakk å kome innom på gudstenesta i Yonago på vegen mot Kyoto. Sidan eg brukte ein tale eg tidlegare hadde hatt på engelsk, kunne eg gi dei manus på engelsk som dei følgde med på medan eg talte på japansk. Det var kjekt å ha dei på besøk, men dei kom og reiste så fort at det knapt nok vart tid å prate, og eg rakk heller ikkje å ta bilete av dei etter gudstenesta.

Dersom du vil høyre litt av talen (og respons frå salen), kan du laste ned ei lydfil her. Talen startar etter omtrent 6 minutt. Tale i Yonago kyrkje 9. februar

Etter at dei norske gjestane hadde reist, var det lunsj med dei yngste ungdommane og ungdomsmøte på ettermiddagen.

Dei starta med leik. Det er ikkje utan grunn at kyrkjesalen ser ut som ein gymsal. Her får barn og unge boltre seg, og etter leiken er dei klare for å synge og høyre Guds ord.


Dei som skal byrje på ungdomsskulen i april, var spesielt inviterte. Eg skulle bruke samme tekstar som eg hadde på føremiddag, men eg klarte å fri meg litt frå manus og prøve å gjere det litt enklare for dei. Det verka som om dei forstod, og det var fint å få vere med i jentegruppa etterpå, der dei delte med kvarandre kva dei hadde fått utav andakta, som hadde temaet "Berre av nåde".

Det er alltid kjekt å kome til Yonago, til ei forsamling som både lyttar og gir respons, og der også ungdommane er med. Det er vel heller ingen annan plass dei takkar talaren med applaus.


 På veg heim frå Yonago måtte eg stoppe og ta bilete av det fine fjellet vårt, Daisen.
Neste måndag håper eg på fint vêr, for då har eg tenkt meg dit på skitur! Vi hadde snø her også eit par dagar før helga, men den er borte no.







Sunday, February 2, 2020

Årsmøte treng ikkje vere kjedeleg

Det er tid for årsmøte i dei lokale kyrkjene. For ei veke sidan, 26. januar, var det årsmøte i Arashima, og idag var det Matsue kyrkje sin tur.
Biletet over er frå Arashima idet eit valresultat vart kunngjort. Det var val av ny eldste. Ein mann har førebudd seg i to år på oppgåva, og no var det årsmøtet som skulle avgjere om dei vil ha han til eldste. Det viste seg å vere nesten einstemmig. Med unntak av to stemmer. Latter bryt ut når dei forstår kven som sannsynlegvis har stemt blankt.

Matsumoto er ein beskjeden kar, som forståeleg nok truleg ikkje hadde stemt på seg sjølv, og truleg hadde ikkje kona det, heller, men han er villig til å bli brukt av Gud for å støtte arbeidet i kyrkja. Ved sida av han sit evangelist og dagleg leiar Megumi Takahashi og ansvarleg pastor Hideki Matsumura.
Seinare i februar blir han vigsla, og på årsmøtet til WJELC i mars blir han presentert for heile kyrkjesamfunnet.
Arashima kyrkje har som motto for 2020: "Tru Ordet, be og handle", utifrå Mark. 2, 4-5:

 4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.  5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»

Vi ønskjer å kunne "bere" nye til Jesus ved å be for dei, vitne om Jesus og ta dei med i kyrkja. Det er mange eldre i denne kyrkjelyden. Det betyr også at dei fleste er fri på dagtid midt i veka. På bibelstudie- og bønnemøtet på torsdag føremiddag er vi oftast åtte rundt bordet, og andre kjem også om kvelden etter jobb. På tirsdagane samlast kvinnegruppa til møte på føremiddagen, og ein laurdag i månaden er det barneklubb.

Mot slutten av årsmøtet var det innsetjing av det "nye" menighetsrådet. 

Eg skriv "nye" i hermeteikn, for det var gjenval av dei samme som var med i fjor. Han som vart vald til eldste, var den fjerde i styret i fjor, og det blir desse fire som blir Megumi sine næraste medarbeidarar også dette året. Eg er også med på styremøta som observatør. 



Her er årsmeldingane til Arashima kyrkje og Matsue kyrkje. Det er visst lysegrønt som er fargen i år. I begge årsmeldingane har dei ei side der eg får skrive om arbeidet som eg har stått i. Sidan eg flakkar litt frå plass til plass, er det greitt at dei veit kva eg driv med når eg ikkje er hos dei på søndagane, og kva eg gjer på elles i veka. Det vart kommentert i begge kyrkjene. Men ingen spørsmål...



Idag var det årsmøte i Matsue etter gudstenesta. Dei er særleg opptekne av ein stram økonomi, samtidig som dei i fleire år har samla inn til ny kyrkje. Det ser ut som om planane er blitt meir konkrete etter kvart, men det står framleis att ein god del for å finansiere nytt kyrkjebygg. I denne forsamlinga er det også mange eldre, og ikkje så mange nye som blir lagde til. Gledeleg var det iallfall at ei kvinne vart døypt til jul, og ho var med på sitt første årsmøte. Ho sit heilt bakerst til høgre på biletet.
Det vil seie, heilt bakerst der sat eg, ilag med ei mor med to barn. Dei sat ganske stille med eit dataspel medan mora følgde med på årsmøtesakene.

Også i denne kyrkja er eg berre observatør (med talerett). I år hadde eg ikkje førebudd meg på å seie noko, så eg sat ganske avslappa utan hjartebank. Men heilt mot slutten vart eg utfordra til å seie noko. På sparket fekk eg sagt at eg gjerne vil få med meg studentar til kyrkja, men at det er vanskeleg, bortsett frå utanlandsstudentane som kjem, men oppmoda kyrkjemedlemmene til å møte opp når vi har internasjonal gudsteneste. For der kan dei faktisk treffe japanske ungdommar viss dei vil. Det siste sa eg ikkje...

Motto for Matsue kyrkje dette året er "Å ta vare på hjarta, å ta vare på seg sjølv og på andre i kampen vi står i", med verset ifrå Ef. 6,12:

12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.

I denne kampen kan du også få vere med, i bøn og offer. 

Vi avslutta årsmøtet med å synge den japanske omsetjinga av "Skund deg, Guds folk." 

"Skund deg, Guds folk, ditt høge kall fullenda!
Sei til den vide verd at Gud er lys!
Folka sin skapar vil'kje det skal henda:
éi sjel i dødsens kalde skuggar frys.

Syng fagnadbodet, bodet om fred,
bodet om Jesus, det folkeslaga gled." 

Sangboken nr 760

Tuesday, January 21, 2020

Gode kaker og "syttande-mai" i januar

Eg har hatt besøk i helga, og dei var ikkje her for å slappe av! Eit team på fire studentar frå Bibelskulen i Grimstad (BiG) har ein del av skuleåret i Japan. Dei bur i Kobe og hjelper mellom anna til i Aobaen barnehage, på eit eldresenter og ungdomssamlingar i kyrkjene. Før jul var to av dei her ei helg, og no var det Jenny og Anne Margrete sin tur. Dei er begge utdanna konditorar, og det visste eg å utnytte. Mange var glade for kakene dei baka, men dei kunne meir enn å lage fine og gode kaker.

Biletet over er frå Arashima kyrkje, der vi hadde norsk festival på barneklubben "Hosanna Kids" laurdag ettermiddag.

Jentene kom torsdag kveld, og fredag morgon var dei tidleg oppe og laga kakerøre før frukost, og rullekakene var ferdige før bibelklassa kl 10. Dei laga så mykje at det var nok også til Bible Club om kvelden.
Fire japanske damer (ei av dei gøymer seg bak kamera) kom på den engelske bibelklassa som eg har to fredagar i månaden.
På Bible Club om kvelden var vi 15 personar, men eg kan ikkje fortelje om alt. Derfor går eg vidare til laurdag.
Jenny og Anne Margrete lærte oss to norske leikar; "rote egg" og "Bro bro brille". Det slo godt an.

Leiken vart til slutt avgjort med drakamp:

Denne laurdagen hadde vi "norsk festival" på barneklubben. Utanom norske leikar, fekk alle ete så mykje vafler dei ville, og medan dei åt, stilte eg opp i bunad og viste bilete frå Norge. Eg hadde ikkje stroke skjorta, men det var visst stas likevel å sjå noko så ekte norsk.
Sjølvsagt var det også song og andakt.

Og laurdag kveld vart det meir kakebaking. Denne gong gulrotkaker til den internasjonale kveldsgudstenesta. Jentene jobba på kjøkkenet medan eg laga powerpoint i sofakroken.
På gudstenesta hadde Jenny vitnemål, og Anne Margrete hadde andakt. Det var forresten første gong ho hadde andakt, og det til og med på engelsk!



Vi var 24 personar på gudstenesta, og alle fekk både åndeleg og lekamleg føde.

Og her var også nokre spesielle gjestar:

 Pensjonert NMS-misjonær Åshild Bjørkum Furukawa og mannen hennar var i Matsue denne helga.

Etter ei ganske intens helg var det godt å sove frampå utan vekkjarklokke på måndags morgon, men vi fekk likevel mykje utav dagen før dei skulle på bussen kl 16.20.

 I lunsjpausen var vi med på bibelstudie på universitetet på professoren sitt kontor, før vi åt lunsj i kantina.
Og så vart det også tid til litt kultur og sightseeing. 


Kotoen min har hatt pause i over to år, så det var på tide å vekkje han til live igjen. Anne Margrete er omtrent sjølvlærd, og fann ut av notane. "Ein fin måte å lære dei japanske tala på", sa ho. For notane består av japanske teikn. Tala frå 1 til 10 blir skrivne slik:
一 二 三 四 五 六 七 八 九 十

Eg tok dei med på ein liten biltur til gjestehuset som har tatt imot fleire norske før. Eigaren var der og inviterte oss inn, og der fekk Jenny ein draum oppfylt, nemleg å halde eit ekte katana-sverd.


Takk for besøket, og for kakerestane i kjøleskapet! :)


Idag har eg hatt ein roleg dag for meg sjølv, men i morgon må eg opp tidleg for å rekke eit styremøte i Tsuyama kl 10.30, der eg skal møte som vara i styret for Hiruzen Bible Camp. 




Sunday, January 5, 2020

Riskrem, krumkaker og finsk nyttår

Godt nyttår!
Eg sit her ein stille søndagskveld og ser tilbake på bilete frå jula og nyttårshelga. Det er lenge sidan eg har hatt ein søndag ettermiddag og kveld åleine heime, og det kjennest godt. Når eg ser tilbake, har eg visst hatt mykje folk innom dei siste vekene.

Også før sjølve jula hadde eg som vanleg bibelklasse og Bible Club. Så lurte eg på kva eg skulle finne på for julaftan. Det gjer meg ingenting å vere åleine, men eg veit der er også andre som er åleine, så kanskje vi skulle slå oss saman. Først gjorde eg avtale med ei japansk veninne. Kanskje eg skulle invitere nokre utlendingar, også, tenkte eg. Og det "balla" på seg, så vi vart til slutt seks personar rundt bordet. Ganske passeleg. Litt artig at biletet som eg sende til Sunnmørsposten, vart lagt ut på nettsida.

Det ser ut som om vi alle er vegetarianarar, men det er berre det at vi har ikkje fått kjøtet på tallerknane endå. Ei av gjestane ville heller ha geitost på potetene!

Slik ville vi nok ikkje ha gjort det i Norge...

Eg hadde lagt opp til at vi skulle gå i kyrkja på lysmesse etter desserten, men den måtte vente til seinare.

Det internasjonale juleselskapet mitt utgjorde over halvparten av forsamlinga, så julekvelden er visst ikkje den beste dagen å samle folk i kyrkja.

Sidan desserten venta, køyrde vi heimatt og fortsette selskapet etter gudstenesta. Og flokken hadde auke med ein person ekstra.
 Shoko hadde bestilt riskrem til dessert, og det likte alle. Men rabarbra-sausen fekk eg nyte sjølv i fleire dagar etterpå.

 Første juledag var ei vanleg onsdag, med jobb og skule for folk flest. Ein vanleg onsdag, bortsett frå at det ikkje var badmintontrening den føremiddagen, slik som det vanlegvis er. Så då inviterte eg damene på føremiddagsselskap. Fleire av dei jobbar, men har fri på onsdagar for å gå på badminton.

Fire av damene kom, og dei hadde også med seg brød og sushi, så vi avslutta med ein lett lunsj etter  julete og krumkaker. Dette er muntre damer som det er lette å bli kjent med.

Utpå ettermiddagen køyrde eg til Nima for å spele på julefesten der. Faktisk har eg ingen bilete derifrå. Engelsk-elevane møtte opp og song, slik dei gjer kvart år. Fleire av dei som har vore med tidlegare, kom også. Kari Opperud og gjestar frå Norge utgjorde ein del av forsamlinga, men likevel var det minst tre gonger så mange som på ei vanleg gudsteneste.


I romjula vart det plass til Bible Club, for dei som ikkje hadde reist på nyttårsferie.

Så var det min tur å reise vekk og bli oppvarta. Familien Perendi i Okayama har to aktive smågutar som eg leika med. Treåringen har blitt flink i japansk, så no har vi eit fellesspråk å kommunisere på.

Det var ikkje lett å få alle tre til å sitje stille samtidig!


På nyttårsdag var det ikkje gudsteneste i den kyrkja dei finske misjonærane høyrer til, men ved hjelp av internett fann vi ei anna kyrkje. Der fekk vi plass heilt bakerst i ei forsamling med over 250 store og små, unge og eldre. Det var flott å sjå at så mange samlast til bøn og Guds ord på første dag i det nye året, når eg veit at dei aller fleste japanarar søkjer til shintoheilagdomane i nyttårshelga, og gjerne tek turen til fleire tempel i løpet av dei første dagane i januar. Eg traff også fleire studentar eg har møtt tidlegare på KGK-leir. Nokre av dei har allereie stifta familie.


Eg har fått lov av foreldra til å bruke dette som profilbilete på Facebook. Kva vil skje i 2020? Det veit vi lite eller ingenting om. Vi kan legge planar, men vi har eigentleg ikkje kontroll over framtida. Det einaste vi kan gjere, er å legge planane og dagane i Guds hender.
Sjølv om eg ikkje veit så mykje om kva som skal skje, har eg iallfall nokre tankar om kva eg vil prøve å gjere. Eit viktig mål for året som ligg framanfor, er å prøve å gjere meg sjølv overflødig i nokre av dei oppgåvene eg har. Eg ønskjer også å sjå at fleire opnar seg for bodskapen dei høyrer og les frå Bibelen, og at vi får med nye i grupper og på gudstenester.

Medan eg skriv dette, høyrer eg på gudsteneste frå Oslo Misjonskirke Betlehem og ein song av Trygve Skaug, som passar godt som ei bøn for dagane som ligg framanfor:

           Hvor jeg skal gå
Det er du som kjenner veien jeg har foran meg
Det er du som kjenner alle mine steg før de blir til
Det er du som skaper håpet jeg har inni meg
Der er du som vet om alt det som jeg innerst inne vil
For du vet akkurat hvordan jeg er
For du ser akkurat hva jeg trenger nå
For du vet akkurat hvorfor jeg er her
Jeg ber om å få se hvor jeg skal gå
Hjelp meg å se, hvor jeg skal gå
Det er du som sender trøsten når jeg engster meg
Det er du som ser på hjertet mitt og fyller det med ro
Det er du som holder løftet om å redde meg
Det er du som kjenner tvilen min og fyller meg med tro
For du vet akkurat hvordan jeg er
For du ser akkurat hva jeg trenger nå
For du vet akkurat hvorfor jeg er her
Jeg ber om å få se hvor jeg skal gå
Hjelp meg å se, hvor jeg skal gå
For du har drukna meg i kjærlighet
Og når det stormer i livet, er det noen ting jeg vet
For du vet akkurat hvordan jeg er
Og du ser akkurat hva jeg trenger nå
Du vet akkurat hvorfor jeg er her
Ber om å få se hvor jeg skal gå
Hjelp meg å se, hvor jeg skal gå

Lytt til songen her, frå UL 2009: Hvor jeg skal gå 

Og gjekk du glipp av ei god preike idag, anbefaler eg radiogudstenesta med tale av Erik Andreassen:
Radiogudsteneste frå Misjonskirken

Takk til deg som har vore med i bøn gjennom 2019, og som vil vere med også i 2020!







Wednesday, December 11, 2019

Varm julekonsert i nye lokale

Også dette året har vi hatt julekonsert første laurdag i desember. For 17. gong vart felleskonserten arrangert, og for meg var det den tolvte, viss eg har rekna rett. Med andre ord blir det altså jul nr 12 i Matsue. Så eg byrjar å bli varm i trøya og kjenner at dette er ein god plass å bu og arbeide.

Dette året måtte vi finne nytt lokale for konserten, og det var ikkje enkelt. Populære konserthallar blir ofte bestilt over eit år i førevegen, men vi fekk tak i eit lokale i ein onsenby omlag ei mil vest for Matsue sentrum. 


Gjennom vindauget ved scena kunne vi sjå dampen frå dei varme kjeldene. Og to etasjer over oss kunne kanskje badegjestane høyre songen vår, også?
Her er litt av forsamlinga. Eg var særleg glad for at fleire kom av dei eg hadde invitert. To nabogutar på fem og tre år kom ilag med mora og ei veninne som ho hadde invitert. Ein mann frå ein klubb dei kallar "English Meeting", kom også og fekk plass på fremste benk, der han til og med kunne følgje med på notane mine. To dagar tidlegare hadde eg blitt invitert med på deira julefest, der eg fekk i oppdrag å spele "Glade jul" på "rullepiano".
Utlendingar blir inviterte til eit måltid og engelsk prat på desse samlingane. Det er ein fin måte å bli kjent med vanlege japanarar på.

Og slik lydde det då koret og forsamlinga song "Glade jul" på konserten:


Pastor Kaji frå Hirata kyrkje (som ligg mellom Matsue og Izumo) var dagens gjest. Vanlegvis er det han som står for det tekniske og har leikar for store og små, men denne gongen var han songar og talar. Han var veldig personleg og fortalde korleis fleire vonde opplevingar førte han i kontakt med kyrkja, der han fekk møte Jesus som frelsar. Han bar fram ein varm bodskap frå Gud. Jesus vart fødd for å døy for oss. Både dampen frå dei varme kjeldene utanfor vindauget og sola som etterkvart skein inn i lokalet, understreka bodskapen. Guds kjærleik er ei kjelde som aldri går tom.

Det var ikkje så stort frammøte som det har vore tidlegare, men omlag 170 personar inkludert koret er ikkje så verst, heller. Fleire var der for første gong.
Eg er glad eg fekk vere med i år, også.  Ein av songane tona i meg lenge etterpå. C.O. Rosenius har skrive ein veldig fin julesalme, som har kome til Japan via Finland med melodi av Sibelius. I Norge er visst songen ukjent. Vanlegvis endar ein salme med klimaks på siste verset, der det er naturleg å synge sterkt, men denne songen endar veldig stille. I siste verset syng vi at Guds Son forlet truna i herlegdomen og la seg sjølv i ei krubbe. For ein kontrast! Det prøvde eg også å få songarane til å formidle med å gå tilbake i styrke og synge dei siste orda svakt og uttryktsfullt. Men å få eit kor til å synge svakt, er ikkje lett. Berre prøv!
Her kan du høyre siste verset:



Her kan du finne originalteksten på svensk, ein svært oppbyggjeleg julesalme!
Nu evigt väl, nu evigt väl

Om eg ikkje rekk å skrive meir før jul, vil eg ønskje dykk alle ei god jul med eit vers av Rosenius:

Nu allt var mänska heter, kom
Till denna julfröjd re'n!
Fast icke du är ren och from
Du likaväl är en
Av dem, som Gud till broder fått
I himlens arv du har en lott
Så var av hjärtat nöjd!







Sunday, December 1, 2019

Med norske tenåringar i huset

Foto: Y.K
Det har gått nesten ei veke sidan dei reiste, og dei er for lengst tilbake på skulane dei representerte. Frå torsdag til måndag hadde eg besøk av to tredjeklassingar frå Vestborg vidaregåande skule, og to førsteklassingar frå Tryggheim Forus vidaregåande skule. Begge skulane har Japan som prosjekt dette skuleåret. Stedlig representant for NLM Japan, Eivind Jåtun, var også med.

Han fekk plass på eit hotell i byen, men dei fire norske ungdommane fekk soveplass hos meg. Dei som kjenner japanske leiligheiter, veit at det er ikkje stor plass for gjestar, men vi utnytta plassen godt. Det var plass til tre madrasser på jenterommet, men det var ikkje så mykje meir plass, heller. Guten hadde det nok litt romslegare på "musikkrommet", der han låg omringa av eit piano, ein gitar og ei japansk harpe.

På biletet over er dei på internasjonal gudsteneste, der dei også traff nokre japanske ungdommar. Her er nokre glimt frå kva dei var med på:

Ingen kan reise heim frå Japan utan å ha prøvd sushi og andre delikatesser!

- Den første var best, for den smakte ingenting, konkluderte han.

Bible Club med norsk jegergryte, kjøpt med ifrå Stranda. Og heimelaga potetstappe! Godt å få hjelp med middagslaginga.

Laurdag var vi invitert med på festival på ein jordbruksskule.

Varme kjelder var også ei førstegongsoppleving. Nokre syntest det vart for varmt...

Laurdag kveld køyrde eg dei til eit gjestehus, der dei fekk bli kjent med japanarar utan mi tolkehjelp. Dei overnatta der, og då fekk eg også litt tid for meg sjølv å førebu søndagen.

Søndag føremiddag var vi først i Izumo kyrkje, som foreldra til Eivind starta opp tidleg på 70-talet. 

Om kvelden deltok dei på den internasjonale gudstenesta i Matsue. 

Her presenterer dei seg sjølve og skulane dei går på og fortel korleis dei vil samle inn pengar til misjon i Japan. Eivind talte, og to av ungdommane hjelpte til som forsongar og tekstlesar.

Den internasjonale gudstenesta kan du høyre her.

Og her er forsamlinga denne kvelden:

Foto: S.M.


Som tidlegare lærar og internatleiar på Vestborg, var det spesielt artig å ha besøk derifrå. Og her hadde eg ikkje problem med å få dei i seng. Eg trur nesten eg køyrde dei i senk, for dei gjekk og la seg før meg. Det var annleis enn å ha helgetilsyn på Vestborg!

I januar skal Vestborg-russen på turné, og då må de ta godt imot dei og møte opp der dei skal ha møte! Dei har sikkert mykje å formidle frå Japan. Takk til alle som er med! Ungdommar som er engasjerte for misjon, lovar også bra for framtida.


Foto: M.N.

Idag er det første søndag i advent, og eg har skifta liturgisk farge. Til og med juletreet i Arashima er kledd i fiolett. To studentar, ei frå Kenya og ei frå Myanmar, er ofte med på gudsteneste.

I ettermiddag har vi hatt generalprøve til julekonserten komande laurdag. Det gjekk litt betre enn sist, men det skal visst litt til for at eg blir 100% fornøgd. Det viktigaste er no at vi får fram bodskapen, men det hadde no vore kjekt om det også kling bra! Eg er takksam for forbøn!

Det nærmar seg allereie neste internasjonale gudsteneste, som er julefest den 15. desember. Ei av medlemmene i Arashima har tilbode seg å lage kake til oss, så då ordnar det seg likevel! :)
Og så får eg besøk av norske ungdommar igjen. I Kobe har vi eit team på fire studentar frå Bibelskulen i Grimstad (BiG), og to av dei vil ta ein tur den helga. Dei andre to kjem truleg ei helg i januar.

Då vil eg ønskje dykk alle ei god adventstid! Ikkje tjuvstart på jula, då!
 



Monday, November 18, 2019

Statusrapport

Eg har tenkt mange gonger at "idag" skal eg skrive blogg, men det skjer ikkje av seg sjølv. Det er måndag kveld, og eg har brukt ettermiddagen og kvelden til å førebu meg til styremøtet som skal vere i Kobe i morgon. Denne gongen har eg vald å vere med via Skype. Det sparer meg for to lange bussturar og to overnattingar, og det sparer misjonen for reiseutgifter. Så kan eg heller bruke tida til noko anna. 
Det er mykje som må førebuast til helga før eg får besøk på torsdag. Fire ungdommar frå Norge landa på Kansai flyplass i Osaka i dag, og torsdag kjem dei oppover hit ilag med Eivind Jåtun. Det er to ifrå Vestborgrussen og to elevar frå Tryggheim Forus. Dei skal lære om arbeidet her og samle informasjon til misjonsprosjekta som skulane har vald. Alle fem gjestane skal mellom anna vere med på Bible Club og internasjonal gudsteneste. Dei fire ungdommane skal bu hos meg, så eg må rydde litt plass til dei, også. 

Biletet over er frå Hiruzen. Der hadde vi arbeidarmøte forrige veke. 



Kari Opperud har skrive meir frå arbeidarmøtet, så ta gjerne ein tur innom bloggen hennar:
Arbeidermøte og høstfarger

 Dagane og vekene går fort, og snart er det visst jul. Men mykje som skal skje før den tid.
I Arashima hadde vi menighetsrådsmøte i går ettermiddag og planlagde julegudsteneste og julefest. Julefesten på 1. juledag har eg ikkje muligheit til å vere med på, for då vil dei i Nima at eg skal vere med der ilag med engelskelevane. Medan dei andre snakka om program og mat til 25. desember, sat eg og tenkte på 15. desember. Då skal vi ha internasjonal julegudsteneste/julefest i Matsue. Men kven skal lage mat til oss i år? Og kven skal eg planlegge ilag med? Kan vi ha julefest utan mat, kanskje?
Vel, det er ei stund igjen, så det dukkar kanskje opp nokre idear. Eller einkvan som vil hjelpe. Men eg må innrømme eg kjenner meg litt åleine om dette.

Innimellom har eg prøvd å møte opp på diverse sosiale arrangement for å treffe nye folk. Igår var eg på World Chat Party. Før eg gjekk, bad eg om at eg måtte sjå kven eg skulle snakke med. Eg vart ståande ilag med ei jente frå Brasil. Ho fortalde at mor hennar er protestantisk kristen, og at ho hadde vakse opp i kyrkja. Ho bur berre omtrent 10 minutt ifrå meg, og ho verka interessert i Bible Club. Eg hadde også med nokre fargerike flygeblad med invitasjon til julekonserten 7. desember. Etterpå kom det nokre og spurde om eg hadde fleire, for dei andre ville ha, også.

Sist fredag var vi elleve personar på Bible Club. Scott tok bilete utanfor det internasjonale senteret på veg heim.
Foto: Scott Menking
 Denne veka blir vi nok ein mykje større flokk, med fem norske gjestar. Og det blir norsk jegergryte til middag!

I morgon blir eg sitjande på Skype ein heil arbeidsdag minst, så no trur eg det er lurt å komme meg vekk frå datamaskina.