Wednesday, December 11, 2019

Varm julekonsert i nye lokale

Også dette året har vi hatt julekonsert første laurdag i desember. For 17. gong vart felleskonserten arrangert, og for meg var det den tolvte, viss eg har rekna rett. Med andre ord blir det altså jul nr 12 i Matsue. Så eg byrjar å bli varm i trøya og kjenner at dette er ein god plass å bu og arbeide.

Dette året måtte vi finne nytt lokale for konserten, og det var ikkje enkelt. Populære konserthallar blir ofte bestilt over eit år i førevegen, men vi fekk tak i eit lokale i ein onsenby omlag ei mil vest for Matsue sentrum. 


Gjennom vindauget ved scena kunne vi sjå dampen frå dei varme kjeldene. Og to etasjer over oss kunne kanskje badegjestane høyre songen vår, også?
Her er litt av forsamlinga. Eg var særleg glad for at fleire kom av dei eg hadde invitert. To nabogutar på fem og tre år kom ilag med mora og ei veninne som ho hadde invitert. Ein mann frå ein klubb dei kallar "English Meeting", kom også og fekk plass på fremste benk, der han til og med kunne følgje med på notane mine. To dagar tidlegare hadde eg blitt invitert med på deira julefest, der eg fekk i oppdrag å spele "Glade jul" på "rullepiano".
Utlendingar blir inviterte til eit måltid og engelsk prat på desse samlingane. Det er ein fin måte å bli kjent med vanlege japanarar på.

Og slik lydde det då koret og forsamlinga song "Glade jul" på konserten:


Pastor Kaji frå Hirata kyrkje (som ligg mellom Matsue og Izumo) var dagens gjest. Vanlegvis er det han som står for det tekniske og har leikar for store og små, men denne gongen var han songar og talar. Han var veldig personleg og fortalde korleis fleire vonde opplevingar førte han i kontakt med kyrkja, der han fekk møte Jesus som frelsar. Han bar fram ein varm bodskap frå Gud. Jesus vart fødd for å døy for oss. Både dampen frå dei varme kjeldene utanfor vindauget og sola som etterkvart skein inn i lokalet, understreka bodskapen. Guds kjærleik er ei kjelde som aldri går tom.

Det var ikkje så stort frammøte som det har vore tidlegare, men omlag 170 personar inkludert koret er ikkje så verst, heller. Fleire var der for første gong.
Eg er glad eg fekk vere med i år, også.  Ein av songane tona i meg lenge etterpå. C.O. Rosenius har skrive ein veldig fin julesalme, som har kome til Japan via Finland med melodi av Sibelius. I Norge er visst songen ukjent. Vanlegvis endar ein salme med klimaks på siste verset, der det er naturleg å synge sterkt, men denne songen endar veldig stille. I siste verset syng vi at Guds Son forlet truna i herlegdomen og la seg sjølv i ei krubbe. For ein kontrast! Det prøvde eg også å få songarane til å formidle med å gå tilbake i styrke og synge dei siste orda svakt og uttryktsfullt. Men å få eit kor til å synge svakt, er ikkje lett. Berre prøv!
Her kan du høyre siste verset:



Her kan du finne originalteksten på svensk, ein svært oppbyggjeleg julesalme!
Nu evigt väl, nu evigt väl

Om eg ikkje rekk å skrive meir før jul, vil eg ønskje dykk alle ei god jul med eit vers av Rosenius:

Nu allt var mänska heter, kom
Till denna julfröjd re'n!
Fast icke du är ren och from
Du likaväl är en
Av dem, som Gud till broder fått
I himlens arv du har en lott
Så var av hjärtat nöjd!







No comments:

Post a Comment