Tuesday, January 1, 2019

Slik vart jula her

Godt nyttår! Her hos meg er det framleis litt jul, sjølv om jula her i landet vanlegvis blir "rydda vekk" allereie kvelden 1. juledag. Då byrjar førebuinga til nyttår. Nokre kyrkjer har likevel juletreet til og med søndag etter nyttår.
Her er nokre glimt frå julefeiringa, som var konsentrert om 23.-25. desember, men ungdommane på Bible Club har vore her både før og etterpå. Biletet ovanfor er frå 3. juledag, då ei lita gruppe var her på norske julekaker og bibelstudium.
Fredagen før jul hadde vi bibelstudie på det internasjonale senteret, og i grupper fekk ungdommane i oppgåve å skrive ein tenkt dialog mellom Maria og Josef når Maria fortel at ho skal bli mor til Frelsaren. Nokre er veldig gode skodespelarar. Sjå videoen "Baby frå himlen" nedanfor!


Laurdag 22. hadde vi barnejulefest i Arashima. Her er eit glimt derifrå.
To av borna kjem i kyrkja på søndagane ilag med mora, men elles var det venner av dei, som ikkje kjem til vanleg. Frå januar har vi planar om å ha barnemøte ein laurdag for månaden.

I dei fleste kyrkjene er søndag før jul hovudfeiringa. Eg fekk med meg fire studentar til kyrkja i Matsue. To av dei er kristne.

 Ilag med to veninner tjuvstarta eg på julemiddagen. Dei hadde vore ute og kjøpt krabbe!


Eit godt måltid, som varte lenge!

Julaftan var det julefest i Nima. Der var så mange ifrå engelskklassa at eg ikkje hadde nok julegåver til alle... Mange av dei som av ulike grunnar ikkje kan kome på tirsdagskveldane, møtte opp, og stemninga var god.

I kyrkja hadde dei laga til mange gåver til barnefesten tidlegare, men det vart mange til overs. På julaftan delte dei ut til vaksne som ville ha. Eg tok med ein pakke heim til nabojenta på ni år. Posen inneheldt mellom anna eit lite hefte med juleforteljinga for barn. Då eg kom heim på juledag føremiddag, leverte eg pakken på døra, og inviterte samtidig til juleselskap. Både ho, storesøstra og mora kom på ettermiddagen. Dei var så lenge at eg nesten måtte "jage" dei før eg skulle på julefest i Arashima! Eg er glad for kontakten med denne familien.


Fleire studentar var med i frå Matsue. To av dei deltok med musikkinnslag; ein på trombone og ei på fiolin. Her framfører vi ein japansk komposisjon.


(Guten som sit på kne framføre fiolinisten, er ikkje på friarfot, men har i oppgåve å bla notane for henne.)


Arashima kyrkje var pynta fint både inne og ute.

I romjula har eg hatt det litt rolegare, og har til og med byrja å lese julepost. Men eg treng nokre nyttårsdagar til å komme gjennom alle e-postane. Takk til alle som har sendt helsingar!

Sist fredag, det blir vel 4. juledag, hadde vi ei lita gruppe på Bible Club. Etter bibelstudiet dekorerte vi julekaker som ei av dei hadde med seg.

Mange studentar har reist heim i nyttårshelga, men nokre har vore her heile tida.

Nyttårsaftan hadde eg ein roleg kveld for meg sjølv. Eg har ofte brukt å ha nokre venner her, men denne gongen passa det ikkje for nokon. Men eg synest det er heilt greitt å vere åleine. Tidlegare på dagen sykla eg ein tur til innsjøen for å få med meg siste solnedgangen i 2018. Her er nokre glimt.





Ved utgangen av kvart år blir eit kinesisk teikn valt til å skildre året som har gått. Buddhistpresten i eit tempel i Kyoto skriv dette teiknet.


Teiknet for 2018 betyr "katastrofe". Det har vore jordskjelv, flaum, tyfonar og hetebølge som har tatt mange liv i løpet av året. 
Les meir her: https://www.bbc.com/news/world-asia-46539333

La oss håpe og be om at 2019 blir eit betre år for Japan og resten av verda!

Monday, December 17, 2018

Glimt frå julekonserten




Her er ein smakebit frå julekonserten 8. desember. Koret er samansett av medlemmer av fleire kyrkjer i Matsue-området og elevar frå ein katolsk skule.

Blåsarane (trompet og trombone) og pianisten er ikkje så godt synlege, men dei gjorde ein glimrande innsats!

Dette er avslutnings-og glansnummeret, Halleluja-koret frå Händels «Messias».


Sunday, November 25, 2018

Hushjelp frå Molde

Sist eg skreiv blogg, hadde eg besøk av turistar frå Norge. No har eg også besøk frå Norge, men det er ei dame som er her for å jobbe. Og jobbe gjer ho til gagns! Marit Nordhaug er tidlegare Japanmisjonær og er veldig glad i Japan. Det året eg var i Norge, var ho ute som voluntør og budde eit par veker i leiligheita mi. Mellom anna kokte ho middag for Bible Club, og ho fekk god kontakt med mange av ungdommane.

I haust er ho ute igjen. Dei første vekene var ho i Kobe, der ho var med dei minste barna til dei nye misjonærane når dei skulle bli kjent i den japanske barnehagen. Deretter var ho på Hiruzen Bible Camp og baka 104 grovbrød, som mellom anna vart serverte til frukost under arbeidarmøtet, og elles blir tatt med rundt i kyrkjene for salg, til inntekt for leirsenteret.
Både artig og overraskande var det difor at ho i ettermiddag i pinsekyrkja møtte igjen eitt av brøda ho hadde baka, som vart servert i pausen på korøvinga! Det er ikkje berre lutheranarar som er glade i Hiruzen og norske grovbrød!

Biletet over viser Marit ilag med to av dei som kom på Bible Club sist fredag. Fleire bilete følgjer, men først skal du få bli med ein tur til Arashima kyrkje, der vi var forrige søndag. Der var det fleire som hugsa Marit og familien frå den tida dei var i Yonago kyrkje, for omlag 35 år sidan. Nokre hugsa til og med namnet på alle fire borna. Sjå video nedanfor!



Desse to damene hugsa at søstra/dottera hadde gått til konfirmasjonsundervisning hos misjonærane i Yonago for omtrent 35 år sidan, og fått pizza og Cola.

 Her hos meg har det ikkje blitt verken pizza eller Cola, men det har blitt fleire gode kaker og middagar. Marit har baka og kokt til dei forskjellige bibelklassene og til "kyrkjekaffien" etter den internasjonale gudstenesta. Og ho har også vaska opp. Det er godt å ha hushjelp!

Medan ho styrte huset, tok eg meg ein to-tre dagars tur til Okayama og Kobe. I Okayama besøkte eg ein finsk misjonærfamilie, og etter styremøtet i Kobe, rakk eg ein tur oppom til familien Bergersen og fekk helse på minstemann.

Som de ser, så startar enkelte på jula litt tidleg her i landet...

I Kobe rakk eg såvidt å helse på fleire gjestar frå Norge, før dei kom etter meg til Matsue; to elevar og ein lærar frå Kristen Vidergående Skole Haugalandet (KVH). Skulen har Japan som misjonsprosjekt dette året. Dei tre unge damene var komne til Japan for å sjå på arbeidet her, og Bård Hauge tok dei med hit på Bible Club.

Den første japanaren som kom denne fredagen, helsar på dei norske. Sidan fredag var offentleg fridag, starta vi Bible Club med lunsj, og hadde heile samlinga heime hos meg.

Under bibelstudiet jobba vi med likninga om dei fire slags hjartejord. Kvar gruppe fekk ansvar for å presentere eitt av jordsmonna. Det ser ut som om Bård hadde ein god samtale med gutane på si gruppe.

Den japanske lærarstudenten peikar og forklarer om kva som kan hindre oss i å ta imot Guds ord i hjarta. Den norske læraren lyttar.

Her er resultatet frå dei fire gruppene. Fleire grupper hadde veldig konkrete døme på kva som kan fylle hjartet vårt og ta plassen for Guds ord. Siste gruppa hadde eit stort øyre, der såkornet går inn, og kjem ut igjen som fulle aks, som igjen gir frø, som blir sådd til nye, som tek imot. "Og det tek då aldri slutt!" var det ei som kommenterte.

 Denne fredagen var vi seks nordmenn på Bible Club og fem japanarar. I tillegg var det ungdommar både frå Vietnam, Eritrea, Kamerun og Sør-Afrika. Ein fin flokk! Marit har fått mange nye namn på bønnelista si, som allereie var lang frå før.

På tirsdag skal vi til Nima på engelsk bibelklasse der. Så er det bibelklasse på fredag føremiddag og Bible Club om kvelden. Laurdag blir bakedag for Marit, for søndag 2. desember skal vi ha internasjonal julegudsteneste med mat etterpå, og det tek hushjelpa seg av det. Sjølv må eg prøve å finne tid til å førebu det åndelege og musikalske innhaldet i gudstenesta. Men først er det måndag og fridag!

Du som ber, hugs på ungdommane som har byrja å lese og høyre Guds ord. Be om at det må falle i god jord!




Wednesday, October 31, 2018

Norgesbesøk


Frå 22.-30. oktober har eg hatt besøk av pensjonert Japan-misjonær Else Marie og barndomsveninne Margrete. Det har vore intense dagar, men kjekt å ha dei med rundt i dei ulike gruppene og kyrkjene der eg arbeider. Og dei gjekk villig med på å lage både middag og bake til bibelklassene, og oppvasken har også gått unna.

Allereie andre dagen vart dei med til Nima på engelskklasser.
 Else Marie fekk kontakt med ei som hadde hatt born i barnehagen i Oda, der Else Marie seinare var styrar i fleire år.
Om kvelden var vi ilag med desse damene på engelsk bibelstudium.

Etter ei natt i kyrkja var himmelen blå igjen. Det vart tid til sightseeing, også.

Torsdag kveld feira vi gjebursdagen til Shoko, som Else Marie kallar "dotter" si, og som er mi "lillesøster".
Fredag hadde vi først engelsk bibelklasse på føremiddag, og på ettermiddagen hjelpte dei til med førebuingane til Bible Club. Legg merke til henne som rører i to gryter samtidig.
Ungdommar i forskjellige aldrar frå tre ulike kontinent har funne tonen.

Teksten på Bible Club var likninga om det store gjestebodet. På videoen nedanfor kan du sjå og høyre kven som takka nei og kven som takka ja til innbydinga. Korleis gjekk det med utlendingane?

I samtalen etterpå var alle einige at dei som takka nei, hadde dårlege unnskyldningar.

 Laurdag føremiddag jobba eg intensivt med andakta til søndagsskulen, og så sette vi oss i bilen. På veg til Hiruzen var vi også innom kyrkja i Yonago og helste på pastorparet og såg på borna som øvde til musicalen i desember.
På Hiruzen Bible Camp var det allereie blitt fine haustfargar etter ei kald natt. Det var nesten for kaldt å sitje ute, også.

Inne derimot var det godt og varmt. Etter at vi hadde fått omvisning på leirområdet, inviterte styrarparet oss på te og kaker og koseleg prat.

Søndag var Margrete med meg til Izumo kyrkje, medan Else Marie reiste til Oda kyrkje for å treffe gamle kjende der.
I Izumo kyrkje er det ikkje berre japanarar som går. Tre kristne engelsklærarar møter trufast opp kvar søndag.

Det var fint å få med seg solnedgangen i Izumo. Dette er i nærleiken av den store Shinto-heilagdomen Izumo Taisha, og det er på denne stranda dei seier at gudane kjem iland. Oktober er frå gammalt av den månaden alle gudane i landet samlast i Izumo Taisha. Oktober blir kalla "månaden utan gudar" i alle andre fylke enn her i Shimane. Her derimot heiter det "månaden MED gudar."

Måndag 29. oktober var det endeleg fridag for meg, med tid til guiding rundt i byen. Det var godt med eit fotbad i varme kjelder. Sånt har vi verken på Sjøholt eller i Namsos!


Så billige bussbillettar har vi heller ikkje i Norge. I går reiste gjestane vidare til Hiroshima, ein tur på vel 3 timar på motorveg. Her har utlendingar eit veldig spesielt tilbod. Bussbilletten kostar kun 500 yen (ca 35 kroner!). Dette slår til og med Lavprisekspressen!

Skal du nokon gong til Hiroshima, så ta gjerne turen oppom til Matsue og sjå kor fint vi har det her! Billetten må kjøpast dagen før og kan ikkje førehandsbestillast. Eit spesielt tilbod til turistar. Elles er her også mange andre rabattar for utlendingar.

No er eg tilbake i "normal-tilstand". Idag har eg faktisk ikkje snakka med eit menneske bortsett frå på mail og messenger, men har prøvd å jobbe med førebuingar. Det er ein del som skal skje framover.

Saturday, October 6, 2018

Semesterstart

Foto: Scott Menking
Tyfon nr. 24, som eg skreiv om for 6 dagar sidan, gjekk forbi her i løpet av natt til måndag. Sjølv om det hadde regna kraftig, var det allereie tørt ute, blå himmel og sol då eg tok meg ein tur ut måndag morgon.

Elva var ganske stor og brun, men elles var det lite som vitna om at det hadde vore hardt vêr dagen før.
Vanlegvis tek ikkje tyfonane så hardt på denne sida av landet, men idag har vi merka godt etterdønningane etter tyfon nr. 25. Tidlegare i veka var det meldt at tyfonen ville ta ruta nordaustover på Japanhav-sida, der Matsue ligg, men i går ombestemte han seg visst og tok vegen ut i havet. Likevel blæs det ganske bra, og det var meldt om 6 meter høge bølgjer. Varm vind frå sør-vest har ført med seg sommarvarme på over 30 grader idag, så det var kanskje ikkje rette dagen å bake brød på, men eg hadde lyst på ferskt brød, og då så. God klestørke var det iallfall!

Men det var ikkje vêret eg skulle skrive om. Når de i Norge tek haustferie, har universitetet her såvidt kome i gong med haustsemesteret. Også forrige veke var mange studentar komne tilbake, men på Bible Club i går var det fleire eg ikkje hadde sett sidan juni.

På tirsdag kjøpte eg 20 frosne laksebitar på tilbod og satsa på at det ville bli eitt stykke til kvar. Vi enda opp med 16 til middag, men dei åt gjerne det som var til overs.
 

Eg spedde på med litt ferdigmat, suppe, steikte poteter og mykje ris, så eg trur dei vart mette.


Det er snart eitt år sidan vi fekk klage frå naboane i første etasje. Eg har eit godt forhold til dei. I går då eg kom att frå handleturen, traff eg kona ute. Eg sa at vi kom til å bli 16 til middag, så det ville nok bli litt lyd ein times tid.
Ei lita stund etter eg var komen inn, ringde det på døra. Der stod ho ilag med yngste dottera si med ein pose i handa. Ho lurte på om eg bruker ris. Ja, det går mykje ris, sa eg, som allereie hadde sett på 13 koppar til koking. Ho ville gi meg ris som slektningar hadde dyrka. Idag vog eg posen: 4,8 kilo. Det er ikkje lite! I mi eiga hushaldning held det lenge, men på Bible Club går det fort unna. Kanskje det var meint som ei lita takk fordi vi prøver å ta omsyn til dei?

I går gløymde eg å ta med mobilen bort på det andre lokalet, så eg har ingen bilete derifrå. Men Scott tok eit samla bilete ute i hallen før vi gjekk derifrå. Då var vi blitt tjue personar. På det første biletet kan du sjå oss alle. Då eg talde, ser eg at fleirtalet er ikkje-kristne, japanske studentar.

Eg var ikkje så særleg motivert i går. Det er ofte eit tiltak å tenkje ut og lage mat, og samtidig vere inspirert til å leie bibelstudiet etterpå. Og andre ting som eg skulle/burde ha gjort tidlegare på dagen, vart berre til ingenting. Slikt blir eg frustrert av.

Etter at eg kom heim om kvelden, gjorde eg som eg bruker, - strekte føtene i sofaen og las refleksjonane som ungdommane hadde skrive i møteboka. Teksten i går var om Jesus som vintreet, frå Joh. 15, 1-13.



 Det er ikkje alle handskrifter som er så lett å tyde, og engelsken er heller ikkje perfekt. Likevel får vi eit inntrykk av at noko har gått inn hos dei. Her er nokre døme:
  • Takk for Jesu kjærleik. Eg forstod det fordi vennene mine fortalde meg om forholdet mellom Jesus og oss.
  • Dersom vi blir knytta til Jesus, kan vi få mange gode ting.
  • Det var fint å snakke med dykk og lære om Jesus.
  • Eg lærte at det er viktig å bli knytta til Jesus. Takk for at de fortalde meg det.
  • Eg lærte at reinsing (pruning) er viktig for at vi skal utvikle oss.
  • Eit godt studie. Eg forstod heilt klart kor viktig forholdet mellom treet og greinene er.
  • Eg lærte at vi treng Jesus.
  • Eg lærte at Jesus elskar oss, så vi må også elske andre slik som Han.
Slik skriv åtte ikkje-kristne ungdommar. Og eg trur dei er ærlege.

Idag har eg tatt dagen som han kom. Oppvasken frå i går tok si tid, men eg tenkte at dette er også ein del av misjonsarbeidet. Eg kunne be for dei som hadde brukt tallerknane og suppeskålene. Eg starta bra, men gløymde det visst fort...

Det er godt å ha ein laurdag utan noko spesielt å førebu til søndag. Preikefri, spelefri og søndagsskulefri. At det ikkje er søndagsskule, er ikkje positivt eigentleg, då...
Men etter gudstenesta blir eg nok sett i arbeid. Måndag er nemleg basardagen i Arashima kyrkje, og det som kan gjerast klart, blir gjort etter kyrkjetid.


Eg jobbar ikkje heile tida, sjølv om folk kanskje trur det. Ein føremiddag var eg på kafé med ei veninne, og ein annan føremiddag var eg på badmintontrening.

Eg tek meg også nokre kombinerte foto- og trimturar langs elva og leitar etter fine motiv.

I skrivande stund har visst vinden stilna, - det vil seie bevega seg lenger nordover. I ettermiddag og kveld har eg hatt litt spesiell "musikk" i postkassa mi. Her kan du høyre. Når det syng slik om natta, rømmer eg frå soverommet.

Så kan eg samtidig drive litt PR for musikalen som barna i Yonago kyrkje skal ha 15. desember (den store plakaten), julekonserten vi skal ha 8. desember (raud plakat), og den internasjonale gudstenesta som vart avlyst sist søndag og er utsett til 21. oktober.
Gangdøra mi er altså oppslagstavle. Kjøleskapdøra er allereie full.


Ser du godt etter på trollet, kan du kanskje sjå at det er 28 grader på kjøkkenet. Og det er ikkje på grunn av brødsteikjinga.

God helg!