Monday, February 16, 2015

Snow Fun Camp i påskevêr

Det har vore ei flott helg. Eg kan ikkje hugse å ha opplevd ein heil skidag på Hiruzen utan nedbør. Denne laurdagen var det også mykje sol, og nysnø frå dagen og natta før. "Påskevêr", var det ei av dei andre norske som sa. Eg har vore så mange påsker borte frå Norge at eg nesten har gløymt at det er noko som heiter påskevêr. For i Japan er det for det første ingenting som heiter påskeferie, og dermed ingen tradisjon verken med påskeleir eller påskefjell. Men påskebodskapen blir sjølvsagt forkynt i kyrkjene.

 Denne gongen var det fleirtal av norske deltakarar. Dei japanske ungdommane kom ifrå Kobe ilag med misjonærar som bur der, og frå Matsue hadde eg med to studentar, ei frå Kina, og ein frå Brasil, og så plukka vi opp presten i Arashima på veg til Hiruzen.

 Junichi Ishimaru hadde bibeltime med temaet "Målet". På laurdag morgon talte han over Fil. 3, der Paulus skriv om korleis verdiane hans var blitt forandra etter at han møtte Jesus:

"Men alt dette eg såg som vinning, det reknar eg no for Kristi skuld som tap.
Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: 
å kjenna Kristus Jesus, min Herre."
Fil.3, 7-8a

Før Paulus møtte Jesus, bygde han livet sitt på si eiga rettferd, det han sjølv kunne klare. Men han oppdaga at det ikkje heldt, at det var ubrukeleg å bygge si frelse på. Han fekk ta imot det som Jesus hadde gjort ferdig.


Så la vi ut på tur. Dei fleste ville i trekket, men eg fekk med meg to jenter på langrennsski. Fleire år på rad har eg laga meg løype her, så denne gongen traff eg rett på brua då vi kom over bakkekanten. Eg trakka løype i den djupe nysnøen, og dei to andre følgde etter i spora mine.

Denne kinesiske jenta gjekk på ski for første gong i sitt liv.

  Vi var på bondelandet. "Her luktar det Norge", sa den norske jenta som var med. Vi gjekk nemleg forbi eit fjøs, og fjøs luktar visst likt overalt.

 Det såg litt kaldt ut, men heldigvis var døra open inn til fjøset.


Etter lunsj ved skitrekket, tok eg meg ein fotorunde for å sjå kva dei andre dreiv med.

Den yngste deltakaren var berre 2 1/2 år, og stod på slalom for første gong, med smukken i munnen! Men no er han så trøytt at han vil heller sove. Resten av ettermiddagen sov han i vogna si.

Denne karen frå Brasil hadde gitt opp ved første forsøk, men stilte villig opp til fotografering.

Her er eit par av dei norske som kosa seg i snøen.

Så ville eg ta meg ein tur til i den løypa eg hadde trakka føremiddag, og eg gledde meg på ein fin tur i skogen. Men kva ser eg??!

 Ein traktor har øydelagt det fine skisporet og brøyta heile vegen! Ikkje nok med det, men han køyrde fleire gonger att og fram og skrapa så godt ned på asfalten som han kunne!

Eg prøvde så godt eg kunne å gå med ski på beina, men fann ut at det var enklare å setje frå meg skia og ta beina fatt.
Så eg gjekk heller tur ilag med studentane mine, som hadde fått nok av ski. Denne episoden minte meg igjen om bibeltimen på føremiddagen. Eg var stolt av å ha laga mi eiga løype, og irriterte meg over han som øydelagde den fine skituren eg hadde sett fram til. Slik som Paulus, som rosa seg av sitt eige verk, heilt til Jesus kom og "øydelagde" for han. Men Jesus viste han at han sjølv hadde opna vegen som Paulus skulle gå på. Det vart ei påminning for meg, også.

Og nettopp fordi denne bonden hadde opna vegen, så kunne kven som helst gå der, sjølv dei som aldri hadde hatt ski på beina før denne dagen, og som allereie var trøytte av det.
Den vegen Jesus har opna, er for alle, og ikkje berre for nordmenn som er fødde "med ski på beina" eller som har høyrt Bibelens bodskap frå vi var små. Det gjeld for alle.
No har eg også eit poeng til neste preike!

Laurdag var det Valentin-dagen, og den yngste deltakaren har fått sjokoladetraktor av si gode veninne!

Men det var også sjokoladekake for oss alle. Kona til talaren hadde med seg kake til oss då ho kom og henta mannen sin på laurdag kveld. Han skulle heim og tale på gudstenesta i si eiga kyrkje.
I går var vi med i Hiruzen kyrkje, der eg preika.

Kyrkjelyden i Hiruzen kyrkje vart meir enn tredobla ved besøket! Familien Leirvik blir medarbeidarar i Yonago og Hiruzen frå hausten, og har fått heidersplassen i midten.

Etter lunsj prøvde eg meg som skiinstruktør på markane ved leirplassen. Vår venn frå Brasil kjende seg litt tryggare her enn i skibakken, men han var framleis litt skjelvande i knea.

 Litt skummelt, dette...



Han fekk iallfall med seg litt gode minne ifrå Hiruzen!

Heia, Brasil!

Thursday, February 5, 2015

Heime etter "forretningsreise"

På japansk snakkar dei om "shucchou", eller på godt norsk: "sjuttjåå", på engelsk "business trip". Også prestane bruker ordet når dei reiser til Kobe eller andre plassar på møte, så denne gongen brukte eg det også då naboen spurde om eg skulle på tur. Det høyrest litt viktigare ut enn berre å reise på tur.

Eg har vore på jobb heimanfrå. Det er eg ganske ofte, sidan eg har eit ganske stort arbeidsområde, men for styremøte og andre komitear må eg oftast reise langt. Og då er det greitt å få unna fleire møte samtidig, for å spare både reisetid og spare misjonen for reiseutgifter.

Eg starta måndagen med ein god jogge- og fototur. Eit lyspunkt denne dagen var å finne plommeblomster som var byrja å sprette ut.

Før eg reiste på ettermiddagen, rakk eg å laste ned alle saksdokument til møtet tirsdag, så eg kunne nytte tida på bussen til å førebu meg. Og eg klarte å ete opp alle restar i kjøleskapet, og rakk til og med oppvasken før eg gjekk til stasjonen.
Ein fin fugl stilte gjerne opp til fotografering, og ønska meg god tur.
Eg kom meg i hus i Kobe ca kl 21.30, og neste morgon var det frukost hos Urstad før NLM-styremøtet starta kl 9. Som sekretær i styret har eg nok med å halde styr på alle dokument på PCen og skrive ned det som blir bestemt, og hovudet mitt fungerer best på føremiddagen. Etter 35 minutts lunsjpause på bibelskulen var det å jobbe vidare, og konsentrasjonen dabba av etterkvart som klokka vart 15 og 16 og 17, medan sakene gjekk unna i ei fart. Klokka 17.20 var vi endeleg komne gjennom den lange saklista. 

Deretter køyrde vi direkte til det norske bønnemøtet som skulle ha starta kl 17 heime hos ein NMS-familie som bur nede i Kobe sentrum. Etter møtet var det godt å kunne ta beina fatt og gå opp igjen til Aotani, ein frisk tur på ca 40 minutt (?).i motbakke.

Onsdag føremiddag brukte eg til å reinskrive referatet frå dagen før. Og eg som trudde at eg kanskje skulle få tid til å jobbe litt med ein preiketekst... På ettermiddagen var det møte i ungdomskomiteen. Det betyr ikkje at det er ungdommar som er med, men det er ein komite som jobbar med å nå ut
til og samle ungdommar til leir og andre arrangement. Eg var åleine utlending ilag med fire japanske prestar. Dette møtet var effektivt og var ferdig på 1 1/2 time. Men eg fekk også tid til å snakke med presten "min" og planlegge litt meir detaljar for skileiren vi skal ha neste helg. Greitt å reise til Kobe for å snakke med presten i Arashima, også...

Eg har ingen bilete frå dagane i Kobe, så dette vart mykje kjedeleg tekst.

Idag tidleg kl 7.30 forlet eg Kobe ilag med Liv Bakke og ein japanar, for kl 10.30 skulle vi vere på Hiruzen Bible Camp på styremøte der. Og no har eg litt bilete, ifrå då sola gløtta fram mellom skyene:

Det er nok snø, så det lovar bra for Snow Fun Camp til neste helg. Og meir snø kom det idag. Eg får iallfall med meg to studentar herifrå, og to bilar med folk frå Kobe kjem, også. 

Det krev ein del å drive ein slik leirplass. Og det er inga enkel oppgåve å vere valt til å sitje i dette styret, som må ta stilling til mange vanskelege saker. No forstår eg faktisk det meste som blir sagt, og det hender at eg også seier noko, men det er mange ting i det japanske samfunnet eg framleis ikkje forstår; med lover, skattereglar og så vidare. Så eg er glad der er japanarar som har meir innsikt, og medmisjonærar som har greie på økonomi og rekneskap. 

Du som ber for misjonsarbeidet, ver med og be også for framtida til Hiruzen Bible Camp. Vi er no i ein prosess der senteret skal overdragast frå misjonen til WJELC, men vi støyter på så mange reglar og lover som gjer ting praktisk vanskeleg. Be om ei god løysing for alle partar, slik at denne plassen også heretter kan vere ein reiskap til å nå japanarane med evangeliet, og at det enno meir enn før kan bli ein ressurs for kyrkjene våre.

Ifrå Hiruzen og heim sat eg på med presten i Oda, som er leiar i Hiruzen-styret. Eg er blitt ganske flink til å forstå han, sjølv om han snakkar som ein foss og snakkar veldig fort. Han har mange interessante tankar. Vi har mange gode japanske medarbeidarar!

Det var godt å komme heim igjen etter "forretningsreisa". Vanlegvis har vi leiarsamling for Bible Club på torsdagskveldane, men to av dei andre måtte jobbe, og den tredje måtte sove, så då fekk eg tid til å skrive blogg.
Og no kjenner eg at det skal bli godt å sove snart, også.

Det er berre torsdag, så eg har enno ikkje bilete ifrå Bible Club denne veka, men eg tek med eitt frå forrige fredag. Dei fleste av desse har svart på Facebook at dei kjem også i morgon, og i tillegg kjem også ei jente for første gong. Ein fin gjeng!





Monday, January 26, 2015

Gårdagens overrasking


Når eg ein søndag for månaden reiser til Izumo kyrkje, har eg oftast fullt program, med andakt på søndagsskulen kl 9, organist på gudstenesta kl 10.30, engelsk bibelklasse kl 13.30, og organist på kveldsgudstenesta kl 19.30, med nokre timar fri på ettermiddagen.
Gjennomsnittsalderen i engelskklassa har vore ganske høg. Dei tre eldste ser de såvidt bakerst på biletet øverst.
Men igår gjekk gjennomsnittsalderen betydeleg ned. Dei to yngste var ungdomsskuleelevar. Det er dei to som stikk hovudet fram midt i biletet.


Eg hadde fått høyre om ei som ville kome på bibelklasse for første gong. Og ho hadde fått med seg ei ikkje-kristen veninne som hadde vore i kyrkja éin gong og hadde sagt ho aldri meir ville komme. Men så kom ho likevel. Tre ungdommar som hadde vore i kyrkja sidan søndagsskulen kl 9, vart også med. Dermed var plutseleg talet på deltakarar fordobla. Dei fem er dei to fremste til venstre og dei tre fremste på høgre sida.
Eg måtte improvisere, og prøve å legge til rette for fleire nivå både med tanke på engelskferdigheiter og bibelkunnskap. Det var ikkje ein veldig lett tekst, heller, om å elske våre fiendar. Dei nye deltakarane såg ut til å slappe av då dei oppdaga at det var lov å snakke japansk, også, og det vart ein interessant diskusjon.

Så blir det spennande om alle dukkar oppatt neste gong, den 22. februar.

I mellomtida har eg mange andre klasser.
Sist fredag hadde eg to grupper. På føremiddag var det avskjed for ei som skal flytte. Ho starta i bibelklassa mi for 8 år sidan. Sjølv om ho enno ikkje er blitt kristen, har ho iallfall fått med seg noko.

Her er gjengen med store og små i stova mi på fredag føremiddag. Denne gongen serverte eg te utan noko å bite i, for vi skulle ut og ete lunsj ilag etterpå.

 Det er veldig greitt å ha ein italiensk restaurant rett rundt hjørnet!

Og om kvelden var det lang kø framfor riskokaren min. Denne gongen gjekk eg faktisk tom for ris, så eg måtte spe på med litt rundstykke frå frysaren...

Det skal litt til å fylle 16-17 svoltne magar. Dagens tekst var forresten om brødunderet. Vi fann ut at Jesus vil ikkje berre vere ein konge som gir oss mat i magen, men han vil først og fremst at vi tek imot han sjølv som livets brød.

Eg er glad for at to av desse studentane vil vere med på skileiren. Her er litt PR for Snow Fun Camp vi skal ha på Hiruzen 13.-15. februar. Bileta er frå 2013 og 2014.

Ei jente frå Kina og ein gut frå Brasil har teke imot utfordringa til å vere med.
Presten i Arashima, Ishimaru, vil tale på fredag og laurdag, og søndag er det eg som skal preike i Hiruzen kyrkje. Eg må vel snart byrje å sjå på teksten der, også... Først skal eg preike i Yonago den 8. februar, men då kan eg bruke ei preike eg allereie har skrive.

I morgon er det til Nima igjen, med to klasser der. Og slik går no dagane...

Det er framleis vinter, men i det siste har det vore over 10 grader på dagtid. Og på laurdag fann eg eit lite vårteikn på joggeløypa mi.

Dette er plommetre som bruker å blomste i februar.

Men eg vil gjerne ha litt meir snø først...













Saturday, January 17, 2015

20 år, 8 tidssoner og 3 brev

Det er 17. januar og 20 år sidan eg budde i Kobe og vart vekt av eit kraftig jordskjelv. Idag har eg site for det meste framfor PCen med førebuingar til kveldsgudstenesta i morgon. Også i preika kjem eg til å nemne tre spesielle brev eg fekk frå Norge etter jordskjelvet. Brevet ovanfor er ifrå ei misjonskvinne som var ein trufast forbedar. Magny Solem døydde natt til julaftan, så dette skriv eg også til minne om denne trufaste misjonskvinna.

" Den 16. januar var vi samla til foreningsmøte, og det var virkelig rart det må eg bare seie. Det var liksom alle tenkte spesielt på Japan, og du Inger vart spesielt nemnt inn for Nådens trone den kvelden. Og eg vakna på natta også. Då vart eg spesielt mint om deg med eit sukk til Gud. Slo på radioen kl 07.00 og fekk da høyra om det store skjelvet i Japan."

Her er Magny heime i stova for vel eit år sidan og les julebrev ifrå Matsue.

Medan det var kveld og natt i Norge, var det blitt morgon tirsdag 17. januar i Japan.
Kl 05.46 vakna eg av at alt under og rundt meg rista. "Jesus, det er jordskjelv!" ropte eg idet eg hoppa ut av senga. Eg stilte meg i ei døropning til det verste var over, og hugsa å opne døra ut i tilfelle eg skulle trenge rømningsveg. Inne på kjøkkenet var det dette som møtte meg:

Men kva gjer det vel med knuste koppar når ein sjølv er heil og uskadd, iallfall fysisk...

Det var fleire enn misjonsforeininga på Aukra som bad. Frå Skodje fekk eg også to brev. Det første var ifrå leiaren i barnekoret "Levande lys".
Klikkar du på brevet, blir det kanskje såpass stort at du klarer å lese heile.
Her er eit utdrag:
"Sist mandag 16. januar hadde vi første øving etter ferien (juleferien). Eg heldt andakt om Guds englar. Profeten Elisja måtte be om at tenesteguten hans måtte få opplatne auger... Vi snakka om englane som er Guds tenarar som passar på Guds barn.
Etter andakta tok eg fram brevet frå Japan og viste fram frimerket som var stempla i KOBE...
Etterpå bad vi om at Guds englar som passa Elisja også måtte verne om ditt liv i Japan.
Det vart litt av ein forskrekkelse då vi neste dag fekk nyheita om det store jordskjelvet i Kobe i Japan."

Eg synest det er vanskeleg å snakke høgt om englar, for det er så mange som ikkje opplever det slik. Kva med dei over 6000 som omkom i jordskjelvet? Eg har ikkje lese boka "Pass på liten og på stor", men eg har lese omtale og intervju i Vårt Land. Eg har ikkje svar på kvifor Gud minte folk om å be spesielt for meg, men det var vel fordi eg trengde det, og kanskje det skulle bety noko for desse i barnekoret på Skodje, også? Kanskje Gud greip inn spesielt fordi han ville ha meg i Japan i 20 år til, eller kanskje enno lenger? Eg har ingen svar, - eg berre spør...
 Då eg etterkvart våga meg ut, såg eg at det var meir alvorleg enn eg hadde tenkt i første omgang.

 Eit tredje brev, også ifrå Skodje. Denne kvinna sat heime åleine den 16. januar, og ho vart også mint om å be for meg.
"Det er underleig dette med bønn, eg hadde tatt deg med mange gonger i mine bønner, men den kvelden før jordskjelvet vart eg så forunderlig mint om å be spesielt for deg."

Det er trusstyrkjande å sjå korleis Gud har oversikten. Til og med tidsforskjellen på 8 timar mellom Norge og Japan kan han bruke.

Eigentleg kunne det like godt vere eg som hadde fått taket i hovudet denne morgonen. Dette huset låg i gata nedanfor der eg budde. Det plagar meg framleis å tenkje på at eg var så opptatt av meg sjølv at eg ikkje tenkte på at kanskje det var folk i nabolaget som trengde hjelp...

I morgon på den internasjonale kveldsgudstenesta skal eg bruke samme tekst som leiaren i barnekoret på Skodje hadde som andaktstekst 16. januar 1995.
"Så bad Elisja og sa: "Å, Herre, opna auga til guten så han kan sjå! Herren opna auga hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt omkring Elisja." 2. Kong. 6, 17.

Denne morgonen for 20 år sidan fekk eg roa meg ned med eit ord frå Jesaja 54:10:
"FOR OM FJELLA VIK
OG HAUGANE VAKLAR,
SKAL MIN GODLEIK 
ALDRI VIKA FRÅ DEG,
MI FREDSPAKT SKAL IKKJE VAKLA,
SEIER HERREN, 
SOM VISER DEG MISKUNN."

Det er godt at det finst noko som står fast når sjølve grunnvollen i livet skjelv.

 Tre brev som eg har bevart i 20 år som verdfulle skattar. Dei minner meg på at det finst ein Gud som har oversikten, og som kan minne folk om å be spesielt i kritiske situasjonar. Takk for alle som ber for meg trufast også i dei udramatiske dagane. Eg skulle ønskje eg også var like flink til å be for andre...

Saturday, January 10, 2015

På tide å seie "godt nyttår"

I år feira eg nyttår i Kobe. Det var Liv Bakke som fekk overtalt meg til å ta ein tur. Vanlegvis reiser eg til Kobe ofte nok i samband med styremøte, men denne gongen var det heilt utan oppdrag.
Nyttårsdag var eg med på gudsteneste i Rokko Island kyrkje. Der traff eg denne jenta, som sat med norsk og japansk Bibel på fanget. I fjor gjekk ho på Hurdal Verk Folkehøgskule, og no les ho Bibelen på norsk for ikkje å gløyme språket. 2. januar var ho også med på den norske julefesten, som også vart arrangert i samme kyrkja. Det var forresten både kjekt og overraskande å sjå såpass mange ungdommar i forsamlinga.


Og etter gudstenesta var det japansk teseremoni, der misjonæren serverte.
Liv Bakke serverer japansk te til japanarane.

Før den litt beiske teen er det godt med ei søt kake i munnen.

Seinare på dag var det også japansk middag å få heime hos Liv. Sukiyaki er godt!

Seinare på nyttårsdag reiste vi til Osaka på kino i kald snøstorm. Det var siste sjanse til å sjå "God's Not Dead", ein film som gjorde inntrykk og har gitt temaet til preika eg skal ha neste søndag på den internasjonale gudstenesta.
No ventar vi berre på at filmen skal komme på DVD med japansk tekst, slik at vi kan bruke han til evangelisering blant studentane her. Det er kanskje for mykje å håpe på at ein slik utkant som Matsue får denne på kino. Men det er lov å håpe, for Gud er som sagt ikkje død!

3. januar reiste eg heimatt. Medan eg var vekke, hadde det kome ganske mykje snø, men det meste var borte då eg kom tilbake til Matsue. I Kobe var det berre snø som fauk vassrett og ingenting som la seg på bakken. Eg følte meg litt snytt då eg kom tilbake berre til snøslaps. Og det var tungt å dra kofferten i sørpa...

Søndag etter nyttår hadde eg med meg tre ungdommar til gudsteneste i Arashima. To av dei er på biletet ovanfor, under lunsjen etter gudstenesta. Alle hadde med seg litt mat, og her var mitt bidrag:

Ikkje akkurat japansk nyttårsmat, men det vart både beundra og oppete.
Her er ein japansk variant av nyttårsmat.


 Og sidan eg ikkje fekk slik søt bønnesuppe med "mochi" i, serverte eg det til meg sjølv heime ein dag seinare.

Eit nytt år, nye muligheiter. Eit par ungdommar på Bible Club har ytra ønskje om å bli døypte til våren. Det blir ei spennande tid framover, men ein del som må leggast til rette. Det er ikkje sjølvsagt at dei skal bli døypte i vår lutherske kyrkje, heller. Det viktigaste er vel at dei finn ein plass, ei kyrkje og eit fellesskap å høyre til, også etter at dei har reist frå Matsue.
Med desse bileta frå gårdagens himmel ønskjer eg dykk ei god helg. Neste laurdag har eg truleg meir å fortelje. Ser deg igjen her, då.