Wednesday, May 21, 2014

"Gå ut i all verda..."


På søndag 18. mai var temaet for den internasjonale gudstenesta "Gå ut i all verda". Til denne gudstenesta kjem det folk ifrå mange land i verda, men vi blir også utfordra til å gå ut. På engelsk heiter det forresten å "gå inn i" (go into).





 Her blir misjonsbodet frå Matt. 28, 16-20 lese på engelsk og japansk.
Tenk om eg kunne sagt at dette er eit kor, men det er det altså ikkje. Men allsongen er bra, også! Her er dei fleste som var med på gudstenesta denne kvelden. Også denne gongen var der iallfall tre nye, mellom anna ei kinesisk dame som aldri hadde vore i ei kyrkje eller høyrt om Jesus før.


 Etter gudstenesta går praten, både på engelsk, japansk, koreansk, eller kanskje til og med på kinesisk.



Desse to koreanske jentene traff kvarandre for første gong. Den eine har nettopp kome til Japan og jobbar på fylkeshuset, og den andre tek utdanninga i Japan og går tredje året ved universitetet her.

I preika hadde eg utfordra tilhøyrarane til å vere vitne der dei er. Mellom anna nemnde eg at tidlegare var der ei lagsgruppe ved universitetet i Matsue. "Kanskje du er den som skal starte opp att bibelstudiet der?" utfordra eg, og hadde eigentleg den koreansk studenten i tankane. Dessverre har vi ingen kristen japansk student som kan vere leiar for gruppa dette året, men Gud har sendt oss kristne frå andre land.

Før helga hadde eg fått ein mail frå den nye KGK-sekretæren i området, Hr Suzuki. Han er heilt ny, og nettopp ferdig utdanna prest denne våren. Han ville kome og helse på meg på tirsdag denne veka, skreiv han, for han skulle likevel til Shimane fylke. Det han ikkje visste, var at det ville ta over 3 1/2 time å køyre frå Hamada i vest til Matsue, som ligg aust i samme fylke. Men han kom, og vi prata vel ein time i kantina ved universitetet før eg fekk ideen å sende ein sms til den koreanske jenta. Etter omlag 10 minutt var ho ferdig for dagen, og kom og fekk helse på den nye lagssekretæren.


På bloggen hans ser eg at han i går køyrde 575 km for å besøkje universitetet i Hamada og Matsue, der han traff til saman to studentar og ein misjonær, i tillegg til at vi var inne og helste på Scott før han reiste heim. 575 km på ein dag, det seier litt om det store arbeidsområdet han har.


Vi fekk ein fin prat med den koreanske jenta. Det kom kanskje litt brått på, men ho hadde forhåpentlegvis tenkt litt på det etter preika på søndag.
- Eg har lenge tenkt at det hadde vore fint om det fanst eit slikt studentlag, men at eg skal bli leiar, har eg ikkje tenkt på, seier ho litt nølande. Men samtidig veldig positiv som alltid.
Ho nemner fleire ikkje-kristne studentar ho kan tenkje seg å spørje. Ilag med Suzuki har vi allereie bestemt dato for første samling: Torsdag 12. juni. Då vil lagssekretæren ta turen frå Okayama igjen, og vi vil prøve å finne eit tidspunkt der flest mulig kan samlast. Vi har kontakt med nokre få kristne, men elles vil vi invitere ikkje-kristne studentar som kjem på Bible Club.

Her har du både takke- og bønneemne for neste foreiningsmøte!

Doggdropen

Eg har funne ut at det er lurt å ta med kamera overalt der eg går eller spring, for heilt uventa kan eg komme over flotte motiv i naturen. Ein morgon forrige veke var det utruleg mykje fint å sjå langs joggeløypa mi. Morgonsola glitra i doggdropane. Eller var det dropar som låg igjen av regnet dagen før? Uansett passar bileta til å illustrere denne kjende songen av Oddmund Inge Haugen.

     
 Eg er berre doggdropen liten og veik
som skjelvande ligg på eit blad.
Eg lever'kje lenger enn morgonen ut,
så driv eg frå land og fer av.


Du skapte meg, Herre, og gav meg eit kall
til arbeid i vingarden din.
Sjå doggdropen blenkjer når ljoset slepp inn,
i Guddommens prydnad han skin.



Eg lever i nåde og tryggleik hos deg
frå dagning til kveldssola sig.
Dei strålar du sender er varme for meg
til hjelp på den mørke stig.


Eg veit eg må falle til jorda eingong
når bivrande vind tek meg bort.
Då reiser eg heim til det himmelske land
og takkar for alt du har gjort. 


Wednesday, May 14, 2014

- Musikken er ei gåve frå Gud

Nest etter Bibelen er musikken det største Gud har gitt oss, skal Luther ha sagt. Og Luther-spesialist og -entusiast Makito Masaki heldt foredrag om vår lutherske arv og salmesong for femte gong på musikkleiren 4.-6. mai. Dette er femte året på rad at det er blitt arrangert musikkleir på Hiruzen Bible Camp. Musikk er ei gåve frå Gud, så den må vi bruke til Guds ære, understreka Masaki.

Alle aldersgrupper var representerte på leiren. Eldste Ikeda frå Itami kyrkje hadde med seg saxofonen sin. Den har eg ikkje høyrt han spele på sidan eg var språkstudent og leia koret i Itami kyrkje for omlag 20 år sidan. Naoto til venstre spela også saxofon då eg var i Kita-Osaka for 10 år sidan, men no er det mest slagverk og gitar på han.

Og yngste deltakar på fire år såg ut til å storkose seg med Naoto si tromme, og såg også ut til å like all den oppmerksomheit han fekk...
Men trudde du det var berre mannfolk på leiren, så stemmer ikkje det, altså.
Vi som ikkje spela i orkesteret, var med i koret. Her øver vi på ein firstemt Bach-koral, som vi etterpå song ilag med orkesteret.

For ein gongs skuld var det overvekt av mannsstemmer i koret, og til og med fleire tenorar!



Thursday, May 8, 2014

"Eit bod frå min Herre du blome meg ber"

Denne veka har eg vore på Hiruzen på leir, og idag var eg tilbake på styremøte. Under leiren gjekk  eg fleire turar åleine og tok bilete av blomster langs vegen, medan orda frå songen "Ein fin liten blome" tona inni meg. Kanskje det kunne bli ei oppmuntring også for andre som kjenner seg meir som ein skogblome enn som ei prydplante.


 Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
 

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.


Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?


Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.


Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.


Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.

 
 Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.


Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.


Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!


Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!


Sunday, April 27, 2014

Besøksrunde og gjensyn

Andre påskedag hadde eg endeleg fri så eg kunne ta med påsketuristen litt rundt på gamle trakter. Første stopp var Hiruzen Bible Camp. Der traff vi mellom anna Katsuhiro Igi, som var i Norge hausten 2008. Han jobbar ikkje lenger på Hiruzen, men han og kona hadde tatt turen heilt ifrå Tamashima for å helse på Norgesgjesten.

Etter medbrakt lunsj på leirplassen var vi nedom Hiruzen kyrkje, før vi køyrde vidare mot Tottori.

I Tottori tenkte eg å vise kvar eg budde frå 1995-97, men huset var borte! No er det blitt parkeringsplass der. Men husa rundt om var stort sett som før. I dette huset (som ikkje er der lenger) hadde eg i løpet av dei to åra bortimot hundre born innom på Sing Song barnelag - men ikkje samtidig, altså!
Vi fekk også omvisning på arbeidsplassane til ekteparet Yamashita, som også var i Norge ilag med Igi hausten 2008. Den gongen besøkte dei også mamma på sjukeheimen og song for henne. Bileta nedanfor har eg fått av Kolbjørn Gjære. Han hadde hjelpt meg å omsetje nokre av songane deira til norsk, og fekk møte dei denne dagen.

Songstund på rommet til mamma på Ørskog sjukeheim i oktober 2008. Frå venstre: Manabu Yamashita, Sachiko Yamashita og Katsuhiro Igi.

Og her er også to tidlegare Japanmisjonærar med.

No hadde familien Yamashita bedt oss på middag 2. påskedagskvelden. Og mor til Manabu diska opp med sukiyaki og sushi! 
Denne dama har i alle dei år, frå eg var i Tottori, skrive julekort til mamma, så lenge ho levde, og i dei seinare åra til søskena mine. Mannen var den første som vart døypt etter at misjonærane kom til Tottori og starta arbeid der.

Heile familien er glad i Norge.


Vi overnatta hos Lea Lukka, som er misjonær i Tottori, og neste morgon køyrde vi til Kobe, der Lea skulle på eit møte etter lunsj, og eg skulle på eit møte onsdag. Der var fleire av prestane som også var på møte den dagen, og her fekk ho helse på sjølve kyrkjepresidenten eit halvt minutt før han hasta vidare til sitt møte.
Med Herr President Hideki Matsumura
Ute på Aotani kyrkje sin parkeringsplass (jaudå, eg hadde spurt om lov til å parkere der...) traff vi Urara Masaki.

Så gjekk turen vidare til Osaka, men då let eg bilen stå. Aotani i Kobe er det lengste eg vågar å køyre ifrå Matsue. Til Osaka er det lettare å ta toget.

Ifrå 37. etasje i Crystal Tower hadde vi bra utsikt over byen nord for slottsparken. Vi fann til og med blokka der Kita-Osaka kyrkje held til, og der eg budde frå 1998-2004.

Pastor Hirano i Kita-Osaka tok imot oss og viste oss kyrkja, som eigentleg var fort gjort, for det er ikkje så stort rom. Men han fortalde med iver og glød om den indonesiske gudstenesta dei har der, og kor flinke indonesarane er til å få med seg fleire. Det har også smitta over på dei japanske kyrkjemedlemmene, og fleire har byrja å lære seg indonesisk for å vere med på desse gudstenestene. Hirano har sjølv vore misjonær i Indonesia og er glad for at kyrkja hans kan brukast også av den indonesisk-talande forsamlinga.

Vi avslutta dagen ilag med mi veninne Yoko ute på ein okonomiyaki-restaurant eg brukte å gå på då eg budde i Osaka. Og smaken med ost og mochi (riskake) var like god som for ti år sidan!

Siste kvelden i Kobe var alle Norgesgjestane igjen samla, og Ingebjørg og eg spanderte japansk pizza på dei (og  oss sjølve).
Torsdag morgon var dei klare for avreise til flyplassen, og eg kom meg etterkvart avgarde tilbake mot Matsue. 
Og påskegjestane er allereie heime, sikkert framleis fulle av inntrykk som det tek ei tid å sortere. Og her er livet litt meir tilbake til normalt igjen...



Traktortreff ved rismarka


 
Skjærtorsdag hadde eg med påsketuristen på eit møte i Arashima kyrkje. På veg heim såg ho ein traktor ho ville ha bilete av. Medan vi stod der, dukka plutseleg eigaren opp på moped etter lunsjpausen sin. Dei to byrja å snakke, men sidan dei ikkje hadde noko felles språk, måtte eg trø til som tolk.
Han spurde om han kunne ta bilete av oss til bloggen sin, og då kunne eg fortelje at eg også har blogg. I lommeboka hadde eg eitt visittkort att, som eg ga han. To dagar seinare fekk eg e-post med bloggadressa hans, og der hadde han skrive om møtet med dei norske søstrene. Han presenterte meg også som misjonær for Norsk Luthersk Misjonssamband, slik det står på kortet. Bra reklame!

I mailen skreiv han at han hadde observert bilen min også på laurdag (påskeaftan), og det stemde, for då hadde vi vore på kotoøving ikkje så langt der ifrå.

Kan du lese japansk, kan du ta ein titt på risbonden sin versjon av traktortreffet:

農民のブログはこちらです:
Risbonden sin blogg

Saturday, April 26, 2014

Påskeferie?

I Norge har skuleelevar og lærarar noko som heiter påskeferie. Det er det lenge sidan eg har hatt. For påske er ikkje først og fremst ferie, men ekstra mykje arbeid for den som er tilsett i kyrkje eller misjon. Det skulle berre mangle, for det er no Jesus som er grunnen til at vi har påske. Og det må så mange som mulig få vite.
Ei av dei som tok påskeferien og kom til Japan, var søstra mi. På biletet ovanfor er ho på tenåringsgruppe på påskedag morgon og snakkar med to andre søstre.

Men la oss først gå eit par dagar tilbake:

På langfredag, som er ein heilt vanleg dag her i Japan, hadde vi som vanleg Bible Club, der temaet var "Pilatus i møte med Jesus". Sidan eg hadde fått kokke heilt ifrå Norge, måtte det bli noko norsk mat, og alle såg ut til å like fiskegrateng.

Laurdag var påsketuristen med meg på koto-øving, og gamlemor på 90 år heldt henne med selskap medan vi andre øvde. Her går det mest på fingerspråket.
Og så var det gjesten sin tur...

På påskedag kom det fleire nye til kyrkje. Denne amerikanske jenta til venstre er ikkje berre på besøk, men har kome til Matsue som engelsklærar, og noko av det første ho gjorde, var å søkje på internett for å finne ei kyrkje. Også ei koreansk kristen jente hadde nettopp kome til Matsue og hadde funne vår kyrkje. Så flott å få fleire kristne utlendingar her!

I samtale med presteparet i Matsue.

Som sagt hadde ikkje eg påskeferie, men derimot mykje å førebu fram til påskedag. Så eg brukte all ledig tid til å førebu preike, omsetje preika frå engelsk til japansk, og lage powerpoint og førebu songane. Eg kom i mål, og rakk til og med å ete før gudstenesta, takka vere påsketuristen som laga mat. Kveldens internasjonale gudsteneste vart forresten ei positiv overrasking, med mange nye ansikt.

Biletet viser nesten alle som var med. For første gong i historia var der to med etternamn Valbø. Hittil har eg vore den einaste i landet med det namnet.
Til saman var vi 30 personar, og 10 var med for første gong. Ei ikkje-kristen jente hadde fått med seg fem av sine venner! Truleg var det første gong fleire av dei høyrde kristne songar og bodskapen om Jesu død og oppstode.
Takk for alle som har vore med og bedt!

Etter at kveldsgudstenesta var slutt, kunne min "påskeferie" starte. Det vil seie, 2. påskedag er alltid ein måndag, og måndag er vanlegvis fridagen min. Så no er det tid for litt sightseeing. Men det blir på neste blogginnlegg.