Friday, January 10, 2025

Fredagskveld utan studentar

 

I dag fekk eg faktisk bruk for både snøkost og spade. Dette biletet er frå Arashima kyrkje, der eg moka veg til dei som skulle kome på bønnemøtet i føremiddag.

Ei av dei eldre kvinnene som bruker å kome, våga seg ikkje ut i kulden, men eit eldre ektepar og ei yngre kvinne kom. Det er dei mest trufaste på fredag føremiddag. Sidan ingen studentar kunne kome på Bible Club i kveld, hadde eg tid til overs. Så eg vart med den yngre kvinna og besøkte mor hennar på ein sjukeheim. 

Slik såg det ut i dag tidleg utanfor blokka der eg bur. Utpå ettermiddagen var det meste borte. Så det er ikkje blitt skiføre i byen, iallfall.

Nokre studentar reiser i helga til heimplassen sin for å feire "Bli-vaksen-dagen", som er andre måndag i januar. Sjølv om myndigheitsalderen no er blitt senka frå 20 til 18 år, held dei framleis på skikken med ein spesiell seremoni for dei som blir 20 år. Måndag er offentleg fridag, så då blir det langhelg for studentane.

Det er kjekt når tidlegare studentar dukkar opp for å helse på ein gammal misjonær. 

Onsdag hadde eg besøk av ei jente som var med i Bible Club for over 12 år sidan. Ho var heime i Matsue på nyttårsferie og ville treffe meg. Ho er ingen kristen, men noko av det som vart sådd i studietida, har kanskje byrja å spire? Ho hugsar enno kor overraska ho vart då ein studiekamerat vart ein kristen og vart døypt i Japanhavet på ein kald novemberdag. Ja, eg hugsar den dåpen!


I pottemakaren sitt hus

Tidlegare i veka møtte eg Shoko i Nima før bibelklassa om kvelden. Ho hadde siste fridag i nyttårsferien. I nabobygda Yunotsu var vi innom ein pottemakarverkstad og fekk kvar sin leirklump utdelt. 

Eg er spent på korleis koppen min vil sjå ut etter at han er blitt glasert og brent.

I Bibelen står det at Gud er pottemakaren og vi er leira. Han formar oss slik han vil. Og det blir ikkje mislukka, sjølv om det kan gjere vondt å bli "knadd".

Takk til deg som har bedt for preika eg skulle førebu. I går vart eg ferdig med førsteutkastet. I dag har eg tatt litt pause, men i morgon har eg tid til å bearbeide og øve, og lage powerpoint. Be gjerne om at dei som høyrer på, kan få noko frå Gud. Eg skal snakke om Jesu dåp og om vår dåp. Tenk om vi kunne få oppleve at nye tek imot Jesus og vil bli døypte. Det er fleire år sidan sist det skjedde i Arashima kyrkje.

Bønneemne

Så er det nokre arrangement som du gjerne kan vere med å be for.

20. januar inviterer eg igjen til babysong i leiligheita mi. 

Seinare den veka, 24.-27. jan., får eg besøk av 5 elevar frå Bibelskulen i Grimstad. Dei bur no i Kobe, der dei har praksis i barnehage og på eit dagsenter for eldre. 
Eg har sett dei opp på mange oppgåver, så dette blir nok ikkje frihelg for dei! Det blir ein del for meg å organisere og administrere, men eg håper det går bra. På fredag 24. skal dei lage middag for Bible Club og vere med på bibelstudiet. Dersom det går i orden dagen etter, skal tre av dei vere med på ein SFO som har ope på laurdag. Seinare på dag har vi ungdomssamling i Arashima, der dei deltek med andakt og vitnemål. Be om at vi får med nokre ungdommar frå området her. Og søndag blir dei med på gudsteneste. Det er igjen min tur til å preike, men denne gongen skal den vere kort! I staden for ei lengre preike, får vi ungdommane til å dele eit vitnemål. Eg får nok ein jobb med å tolke, også.

Denne veka har eg også vore med litt på fellesmøta i Kristiansand. Det har vore mange sterke vitnemål, frå folk som har erfart Gud i livet sitt på ulike måtar, anten dei har blitt helbreda eller at dei ikkje vart friske. Eg vil anbefale å gå inn på nettet og finne møteopptak frå fellesmøta.

God helg!










Eg har sett dei opp på mange oppgåver her i Matsue og Arashima. Først 



No comments:

Post a Comment