Monday, November 2, 2020

Avskjed med Nima

Det er allereie gått over to veker sidan eg var i Nima for å ta avskjed. Engelskklasse-damene møtte opp på gudstenesta, fleire enn eg eigentleg hadde rekna med ville kome! Berre to av dei er med i den lille flokken som samlast til gudsteneste kvar søndag. Kanskje nokre av dei vil våge seg innom ein annan søndag, også, sjølv om dei ikkje er spesielt inviterte? Eg køyrde bortover på laurdag ettermiddag. Ei av dei som ikkje kunne kome søndag, ville stikke innom i kyrkja og treffe meg. Eg foreslo at vi kunne gå og sjå på solnedgangen ilag, og det ville ho gjerne. Og så dukka det opp to andre, også, som ikkje har vore med i klassa dei siste par åra. Det var kjekt å treffe dei att! Og solnedgangen var berre nydeleg! Eg har hatt mange turar ned til sjøen åleine. Dei andre tre bur eit stykke unna, så det var faktisk første gongen dei såg solnedgangen derifrå. Med ein norsk misjonær som guide!
Dei var med tilbake til kyrkja, der det også vart fotografering utan munnbind.
Søndagsmorgon i 8-tida ringde det på kyrkjedøra. Då var det ei til som ville helse på meg, men ikkje kunne kome på gudstenesta. Så var det tid for gudsteneste, der eg var både predikant og organist. Eg tilbaud meg sjølv til å spele på trøorgelet, sidan dei vanlegvis berre har musikk på boks(hymn player).
Slik såg forsamlinga ut ifrå preikestolen. Eg har forresten gløymt å spørje kvar dei norske bedehusstolane kjem ifrå.
Etter gudstenesta fekk eg gåve både frå kyrkjelyden og frå engelskelevane, begge overrekt av Machiko Chigane, som har ei deltidsstilling i kyrkja. Ho har vore misjonær i Indonesia, og vi arbeidde ilag eit par år i Kita-Osaka. Som pensjonist flytta ho tilbake til heimplassen og er aktiv i kyrkja i Nima.
Her er det obligatorisk fotografering av heile flokken. Det var omtrent like mange ikkje-kristne som kyrkjemedlemmer denne dagen.
For nokre dagar sidan fekk eg dette kortet i posten. Eit fint minne å ha med seg heim til Norge. Eg har hatt denne engelske bibelklassa i vel fem år no. Siste halvåret har vi for det meste berre møttest online, og det kan vi eigentleg halde fram med også etter at eg er tilbake i Norge. Vi har avtalt ein Zoom-kveld i slutten av november, og så har eg lovt at vi kan ta ein prat medan eg sit i karantene i Norge. Då skulle eg vel ha tid nok til det. Så får eg tru at det dei har fått med seg gjennom desse åra, har sett nokre spor. Guds ord skal ikkje vende tomt tilbake. Ver gjerne med og be om at flokken som samlast på søndagane, skal vekse.
På heimveg. Eg vil nok sakne å sjå det blå Japan-havet!

1 comment:

  1. Flott å lese og å se nydelige bilder! Hjertelig velkommen til Norge, Inger! Når kommer du?

    ReplyDelete