Thursday, March 12, 2020

Bønefellesskap

Omtrent kvar torsdag har eg hatt bønesamling heime hos meg ilag med ei eller fleire av dei internasjonale studentane. Idag var vi fire. Men i løpet av neste veke reiser dei alle heim til Afrika, så dette vart siste samling. 
Vi starta med å bruke ein bøneguide med ti forskjellige bøneemne i samband med COVID19. Elles bad vi for Bible Club, den internasjonale gudstenesta på søndag, og for kvarandre.

Alle tre gler seg til å kome heim til familien sin, men dei merkar også at folk i heimlandet er skeptiske til å ta imot dei som kjem frå Japan.

For å ta fellesbilete, sette vi oss litt nært kvarandre, men elles hadde vi rikeleg avstand på omlag ein meter.
Badejo reiser tilbake til Nigeria.

Althea reiser heim til Sør-Afrika

Og Naomi reiser tilbake til Kenya.

Ei jente frå Myanmar var innom for å ta farvel med meg seinare på kvelden, og ho fortalde at ho må sitje i 14 dagars karantene etter at ho har kome tilbake til Myanmar før ho får reise heim. Før ho gjekk, ville ho gi meg ein klem, men eg sa at vi må vere forsiktige med kontakt, så vi tok ein "liksom-klem" med ein halv meters avstand.

Det har vore ei ganske stille veke hittil, så eg har fått ro til å førebu meg til søndag. Så langt ser det ut til at vi kan gjennomføre den internasjonale gudstenesta som planlagt. Etter det eg veit, er det ikkje meldt om koronasmitte her i fylket enno. I Matsue og Izumo har dei også halde skulane i gong, sjølv om resten av landet stengde skulane i starten av forrige veke. No ser det faktisk meir dramatisk ut i Norge.
Forrige fredag måtte eg avlyse Bible Club fordi eg var blitt forkjølt. No er eg i god form igjen og kompenserer med å ha to samlingar denne veka; både fredag kveld og laurdag ettermiddag. Det er godt at vi kan samlast, sjølv om vi er få. Kanskje det er ein fordel at vi ikkje er så mange for tida.
I nokre kyrkjer er folk bedne om å følgje gudstenesta på internett heimanfrå. I Arashima samlast vi til ei kort gudsteneste sist søndag. Alle måtte ha munnbind på seg.
Eg les på nettet om forholda heime i Norge, om møte og gudsteneste som blir avlyst. Kanskje dette kan lære oss å setje meir pris på å samlast om Guds ord når vi har muligheit til det?

Neste veke skal eg eigentleg til Nima og ha engelskklasse der. Eg har sendt spørsmål til kvar enkelt medlem om kva dei tenkjer om å samlast. Det er omtrent like mange som vil avlyse som dei som vil samlast, så eg er litt usikker på kva eg skal gjere.


No comments:

Post a Comment