Sunday, August 18, 2019

"Kvart minutt av di tid"

Det er allereie gått ei veke, men desse orda frå siste salmen under friluftsgudstenesta på Skodje 11. august har fylgt meg på reisa tilbake til Japan. Under gudstenesta i Izumo idag tenkte eg så sterkt på det medan presten lyste velsigninga at eg gløymde å spele "Amen". Det vil seie eg kom på det etter nokre veldig stille sekund...

Må Gud velsigna deg, 
må Gud velsigna deg.
Kvart minutt av di tid, 
Kvar ein dag av ditt liv.
Må Gud velsigna deg!

 Enkle ord og ein enkel melodi, men det er vel ofte det enkle som er best.

Reisa tilbake til Japan tok litt ekstra tid denne gongen. Tyfonvarsel for Vest-Japan førte til at flyet mitt frå Guangzhou (Baiyun internasjonale flyplass) i Kina var innstilt. Eg fekk nytt ombordstigingskort for eit fly neste dag, fekk transitvisum for ein dag, og vart frakta til eit hotell.
Heilt åleine i eit framandt land vart eg stadig minna på velsigninga frå gudstenesta på Skodje.
Ikkje berre for kvar ein dag av livet mitt, men til og med for kvart eit minutt!

I går kom eg endeleg heim, etter nærare eitt og eit halvt døgn i Kina (med 24-timars visum...), og ei natt i Osaka. Og så rett på jobb i dag. Men eg slapp heldigvis å førebu andakt til søndagsskulen. Då er det lettare å vere organist.

Men no må eg snart gjere meg klar til kveldsgudstenesta. I morgon er det KGK-leir, der eg skal ha med to studentar. Frimåndag treng eg vel ikkje når eg har har hatt nærare 8 veker ferie...








No comments:

Post a Comment