Wednesday, November 1, 2017

"Der sol går opp og sol går ned"

Endeleg har eg sett sola stå opp i Solrenningslandet! Eg var ekstra tidleg oppe forrige onsdag for å reise på misjonskonferanse lenger nord i landet. Medan eg køyrde mot flyplassen i Yonago, fekk eg eit flott syn ifrå den berømte Ejima-brua. Men der gjekk det ikkje an å stoppe, så eg måtte vente til eg kom ned på andre sida og fekk svinge ut av vegen. På raudt lys rakk eg også å ta eit bilete.


 Bak skyene er himmelen alltid blå!



På Haneda flyplass i Tokyo venta eg eit par timar på denne finske familien som kom frå Okayama, og etter tre ulike togbaner fann vi etter kvart fram til plassen der vi skulle.
 
Her er vi både utlendingar og japanarar, - med det samme målet: Å bygge Guds rike i Japan. Sentral Kristus-forkynning og fokus på korleis vi kan byggje Kristi kyrkje i dette landet.
Med barn og frivillige som tok seg av barneopplegget, var vi over 600 med på denne konferansen.

Alle misjonærane både frå NLM og Frikyrkja var med. Her er nokre av dei.

Det har vore mykje å tenkje på i det siste, og humøret har ikkje alltid vore på topp, for å seie det mildt. Mangel på søvn etter fleire korte netter og intense konferansedagar gjorde det heller ikkje betre, og eg kjende meg dårleg førebudd til søndagen. Likevel gjekk det greitt å komme seg gjennom både søndagsskuleandakt og preike på gudstenester, med engelsk bibelklasse på ettermiddagen. Einaste åleinetid eg hadde den dagen, var i bilen til og frå Izumo, som tek ca 1 time kvar veg. Så det var godt å ha måndagen heilt for meg sjølv.

Frå igår til idag har eg vore i Nima igjen. På ettermiddagen har eg ei klasse med berre éin elev. Dei var to damer fram til i fjor sommar, men den andre har fått det så travelt at ho kan ikkje kome. Dermed får vi meir personlege samtalar no. I går tok eg utgangspunkt i Halloween og enda opp med Luther og reformasjonsjubileet.
Då engelsktimen var over, fekk eg denne utsikta ifrå andre etasje i kyrkja.


Eg rakk ein tur ned til stranda før sola gjekk heilt ned. Stemningsfullt! Ser du forresten han som sit med fiskestonga på biletet nedanfor?

 
Halleluja! 
Syng lovsong, Herrens tenarar,          
pris Herrens namn!         
Velsigna vere Herrens namn           
frå no og til evig tid!          
Der sol går opp og sol går ned,
skal Herrens namn vera lova.         
Herren er opphøgd over alle folkeslag,
hans herlegdom er høgare enn himmelen.

Salme 113, 1-4

Så var det tid for kveldsklassa. Her er det alltid god stemning. Vi avslutta med nokre fakta om korleis Nima Lutherske kyrkje vart til, med utgangspunkt i Wittenberg for 500 år sidan, via Norge og misjonærar til Kina, som seinare kom til Japan og Oda, og deretter til Nima i 1985.
Berre to av desse damene er kristne, men i denne gruppa les alle i Bibelen når vi er ilag. Ei av dei som ikkje kunne kome, hadde også lese Bibelen heime idag. (Eg ga henne "lekse"!)

 Her er det utdeling av frukt (kaki) til alle som vil ha. Denne hausten har eg kjøpt kaki berre ein gong, elles har eg fått. Eg fekk også med meg nokre søtpoteter heim.
Eg bruker ikkje å legge poteter i fruktfatet til vanleg. Dette var berre for å ta bilete. Frukta har eg fått frå fire forskjellige personar.

Takk til alle som har vore med og bedt for Bible Club og naboane mine. Eg har vore og sett på ei leiligheit, og neste veke skal eg sjå på to hus. Eg har også vore i kontakt med eit internasjonalt senter ikkje så langt herifrå, og eg skal bort og snakke med dei i morgon om det er mulig å få leige eit rom der nokre fredagar, iallfall fram til eg finn meg ein annan plass å bu. Be vidare om at vi må finne den beste løysinga! Må eg flytte, så må eg vel flytte...
Denne fredagen er det offentleg fridag, så då prøver vi med Bible Club på dagtid. Og eg skal få dei til å gå heim kl 18.




No comments:

Post a Comment