Wednesday, March 9, 2016

Inspirerande studentleir

2.-5. mars var eg sjåfør for desse to studentane som deltok på Laget sin vårleir. Eg skreiv tidlegare frå mobilen at det var studentar frå 7 fylke, men faktisk var det 8 fylke som var representerte. Frå Shimane fylke var det vi tre ifrå Matsue, og ei jente frå Matsue som studerer i Hamada, lenger vest i fylket.
På biletet er vi på veg sørover, og har pause i nysnøen.

Studenten frå Nigeria fekk fort kontakt med dei andre, og mange tok utfordringa med å snakke engelsk.
 Slik såg frukosten ut. Eg var glad egget var kokt. 
Tannpuss er vel også ein leiraktivitet.

Dette søskenparet er ifrå Matsue, og har vakse opp i kyrkja vår der. Jenta studerer i Hamada, vest i fylket her, medan broren jobbar i Hiroshima og har byrja å studere på kveldstid. Han var med på leiren éin dag då han hadde fått fri frå jobb.
På leiren var det sett av mykje tid til gruppesamlingar og bibelstudium. Lagsarbeidet i Japan fokuserer på bibelstudiegrupper ved universiteta, og på denne leiren fekk studentane praktisk trening i å førebu og gjennomføre bibelstudie.
Studentane fekk tildelt bibeltekstar som dei skulle arbeide med, og dei fekk også tilgang til bibelkommentarar til temaet dei hadde.
Denne studenten frå Matsue førebur bibelstudie om profeten Jona. Dagen etter fekk ho prøve seg som gruppeleiar før første gong.
Medan eg gjekk rundt og tok bilete, tenkte eg at dette er framtida for kyrkja i Japan! Her får ungdommane praktisk leiartrening, og dette er noko som ikkje berre kjem studentarbeidet til gode, men i framtida kan desse bli leiarar i kyrkjene. Dei fleste kyrkjemedlemmer tenkjer nok at ein ikkje kan samlast og dele Guds ord utan at pastoren eller misjonæren er med, men studentane lærer korleis dei kan lese Bibelen ilag med andre, både kristne og ikkje-kristne.

Studentane fekk også opplæring og trening i korleis eit bønnemøte kan eller bør leggast opp. Her er det bønnemøte på gruppesamlinga.
Ein ettermiddag var det fri, og då fekk eg med nokre ungdommar ut i frisk luft og litt mosjon.

I bakgrunnen ser vi leirplassen vi var på.


Lovsong

Laurdag var det nydeleg vêr, og sola varma, så siste gruppesamlinga hadde vi ute.

Lagssekretæren for distriktet Chugoku-Shikoku, Toshi Suzuki, er nokre år eldre enn studentane. Det er han i midten. Han var også talar på leiren, men elles var det studentane sjølve som var leiarar.

Leiren er eigentleg slutt, men ingen har hast med å komme seg heim. (Bortsett frå ho som skal køyre heimatt til Matsue, og har ein god del førebuingar til søndag som ventar...) Her deler dei kontakter på Facebook.
Fotografering er også viktig.

Her er dei som var igjen av gruppa vår etter at to hadde reist.
Kan de sjå nokon likskapar mellom desse to?

 På veg heim stoppa vi på samme plass som på nedoverturen, men no var våren komen også hit, og snøen omtrent smelta vekk. Eg feira våren med årets første is.

Og litt delte eg med dei andre...

Begge dei to studentane eg hadde med, var veldig glade for at dei vart med på leiren, og dei ga uttrykk for at dei hadde hatt godt utbytte. For den japanske jenta vart det første og siste sjanse å delta på KGK-leir, sidan ho er ferdig ved universitetet no og byrjar i jobb frå slutten av månaden.

Også for meg vart dette ein god leir, verkeleg ein opptur ifrå forrige gong eg var på studentleir.
Til samanlikning kan du sjå her korleis eg opplevde leiren i august 2014: Les om sommarleiren her



No comments:

Post a Comment