Wednesday, January 23, 2013

Jesus er også i Edinburgh!

Aotani kyrkje i Kobe
Biletet er verken frå Matsue eller Edinburgh, men frå Kobe, der eg var på styremøte sist veke.

Idag må eg få dele ei gladmelding med dykk! Facebook er ikkje berre dumt. Her kan du få viktige oppdateringar på utflytta studentar og andre. Ei kinesisk jente som var her i Matsue for to år sidan og var aktiv på Bible Club, er no student i Edinburgh. For noko sidan skreiv ho at ho hadde funne ein annan Bible Club der, og idag skriv ho på statusen sin:
"Dear God,
thank you for bringing me back to you again."

(Takk, kjære Gud, for at du førte meg tilbake til deg igjen.)

Eg var spent på kva som var skjedd, og byrja å chatte litt med henne. Jau, ho opplever at Gud arbeider i livet hennar, og for eit par veker sidan fortalde ho nokon i kyrkja at ho ville følgje Jesus, og dei bad for henne. I går hadde ho snakka med ei kristen veninne til langt på natt, så langt at ho måtte overnatte der.

Ho skriv om korleis ho har opplevd Guds leiing i livet sitt:
"I KNOW they are not mere coincidences but God's love and guidance! You are all precious gifts God sent to me, at different stages of my life, to protect me, to guide me and take me home. I am studying both Chinese and English bible now and I find I love Romans 8:38-39 very very much!
I have invited Jesus to come into my life now! "
(Eg VEIT at dette ikkje berre er tilfeldigheiter, men Guds kjærleik og leiing! De er alle verdfulle gåver Gud sende meg, på ulike tidspunkt i livet mitt, for å beskytte meg, leie meg og ta meg heim. Eg studerer Bibelen både på kinesisk og engelsk no, og eg elskar orda i Rom.8, 38-39!
Og no har eg invitert Jesus inn i livet mitt!")

Ho tenkjer også på å bli døypt. Tenk, dette skal vi få vere med på. Andre har teke over der vi her i Matsue ikkje kunne fortsetje. Så om studentane er her berre eitt år, og vi ikkje ser frukter, har vi fått sådd noko som kan bere frukt seinare.

Så då må eg berre frimodig halde fram med Bible Club, sjølv om eg til tider blir både trøytt og lei.

Her er nokre glimt frå sist fredag på Bible Club, og til slutt frå den internasjonale gudstenesta på søndag kveld:

Bible Club 18.1

Mange hender i aktivitet for å lage kinesiske "dumplings".
Denne guten var på Bible Club første gong i jula. 


Deiga var farga av ulike grønsaker. Mykje arbeid, men godt var det!
Ingenting å klage på matlysta. Guten til høgre er ny ifrå januar.
Ein student hadde med sitron til alle, frå hagen til foreldra. I morgon kveld kjem nokre for å lære å lage sitronkake.

Tuesday, January 8, 2013

Kvardag med årsoppgjer

Rolege nyttårsdagar er over, gjestane er reist, og eg er i gong med arbeidet igjen. Noko av det første som må gjerast, er å skrive årsmelding, og det er gjort i dag. To B5-sider med rapport frå kva eg gjorde i fjor. Og det er ikkje så lite til saman. Litt statistikk kan også vere spennande. Eg har nettopp lært meg å bruke frammøtelister i Excel til å finne sum og gjennomsnitt. Praktisk når eg endeleg får "pøta inn" alle data. Det kom mellom anna fram at på Bible Club har det i løpet av året 2012 vore 97 personar innom, og eit gjennomsnittsframmøte på 11 utan meg, så det vil seie 12. Og Bible Club har hatt 51 møte.

Den internasjonale gudstenesta som vi starta med i april, har hatt 52 innom, med gjennomsnitt på 17. Dette er nok ikkje imponerande tal for mange av dykk som les, men her i vår samanheng er det ikkje så lite. Ein rask gjennomgang av namnelista for Bible Club viser at omlag 55 av dei 97 ikkje er kristne. Det går ikkje fram av statistikken på Excel...

Og EIN dåp av ein Bible Club-medlem er no framgang for Guds rike sjølv om det ikkje gjer så stort utslag på statistikken. Og i vår lutherske kyrkje blir han ikkje talt med eingong...

Ikkje alt blir skrive i ei årsmelding. Det eg føler eg har mislukkast med, er ikkje så mykje å skrive om. Her på bloggen skreiv eg veldig optimistisk etter at eg hadde hatt første time med dåpsopplæring for ei eldre dame og dottera. Sjå bloggen i oktober her:

Dåpsundervisning - hjelp, korleis gjer ein det?

Men det gjekk ikkje akkurat slik som eg hadde tenkt. På grunn av fleire ting vart det sjeldan eg fekk høve til å treffe mora, og nokre gonger eg var på besøk, var ho ikkje i form, så det vart berre eit par gonger etter denne første "vellukka" dagen. Rett før jul fekk eg fortelje mor julebodskapen, og så la eg til litt om at Jesus kom for å døy for syndene våre, at han stod oppatt og at han har gått i førevegen for å stelle til eit rom for oss, og også for henne.

Rett etter jul vart mor igjen innlagt på sjukehus. Hjernesvulsten har vakse att, og ho kan ikkje snakke lenger.
På nyttårsdag var eg og ei kristen veninne på besøk hos dottera og hadde ein god prat. Vi ringde til presten og spurde om han kunne kome og snakke med mor og dotter, og eventuelt døype mor på sjukehuset, dersom det la seg tilrette for det. Men neste dag fekk eg melding frå dottera. Søstra hadde sagt nei. Så då måtte vi avlyse sjukebesøket.

Sist søndag fekk eg høve til å besøkje mor på sjukehuset. Dagen før hadde ho sove heile dagen, og døtrene hadde ikkje fått kontakt. Men då eg kom, opna ho augene og smilte då ho såg meg. Eg fekk synge dei to første versa på "Jesus elsker meg, jeg vet", og ho såg på meg heile tida. Eg trur ho lytta og forstod. Det såg iallfall slik ut. Eg hadde håpa at ho kjende denne songen frå ho var ung og gjekk litt i kyrkja, men eg veit ikkje. Eg sa nokre få ord om at Jesus elskar også henne, og førebur eit rom i himlen for henne, også. Så sovna ho. Men før vi gjekk, fekk eg legge handa på hovudet hennar og be ein bøn og legge henne i Jesu hender.

Det var litt underleg å vere der. Over senga var det festa ei lita treplate med "god betring" frå eit buddhisttempel, og på den eine sengekarmen var det knytta ein liten raud amulett frå eit shintotempel. På andre sida av senga stod det på kortet som eg hadde på blomstrane: "Eg ber om at Jesu Kristi fred må vere med deg." Ein rosenkrans som dottera hadde fått i den katolske kyrkja, var hengt rundt halsen på ein bamse på eit anna bord....

Hadde eg vore ein flinkare misjonær, hadde eg kanskje fått leie denne eldre kvinna til Jesus og dåp medan ho var såpass frisk og klar i hovudet. Men no er det kanskje for seint...

Dottera kom i kyrkja på søndag og fekk snakke med presten, som også bad for henne og mora. Og ho sa at ho ønskjer å bli døypt. Sjølv om det ikkje vart noko av det i 2012, slik som vi hadde håpa, kan vi kanskje satse på at ho kan bli døypt til påske?

Dette vart mykje tekst, men no skal de få litt vinterstemning ifrå dei siste dagane:
Etter nyttår kom Liv Bakke og eittåring Astrid Stangeland på besøk nokre dagar, og ein av dagane var vi til Kari Opperud i Nima, som mellom anna tok oss med opp til dei nedlagde sølvgruvene. Her står vi ved ein nybygd inngang til Iwami Ginzan (Sølvfjellet).
I løpet av natta var det kome ein god del snø, så eg tok med Liv og Astrid til ein park eg lenge har tenkt eg ville ha snøbilete frå. Peonane blir tatt godt vare på her.


Utsikt inne frå kafeen
Om kvelden var det årets første Bible Club. Liv og Astrid vart sett i arbeid og laga ei nydeleg fiskesuppe som gjekk unna.

Ein tidlegare medarbeidar i Hiruzen barnehage kom for å treffe Liv.

5 personar, og 5 nasjonar: F.v. Brasil, USA, Norge, Japan og Kina.
Laurdag morgon før Astrid og Liv reiste tilbake til Kobe, var vi bortom Matsue Castle. 

Born i nabolaget hadde skrapa saman til ein snømann, men han fekk ikkje leve lenge...
På ungdomsgruppa på søndag morgon var vi to vaksne og ei ungdomsskulejente.
I går rydda eg vekk julepynten, men stjerna som viser oss veg til Jesus, den lyser framleis:

Stjerna leidde sant og visst
vise menn til Jesus Krist.
Me har og den same stjerna;
vil me berre fylgja gjerna,
finn me til vår Frelsar fram.

Denne stjerna bjart og mild
som kan aldri leia vill, 
er det glade og det store
fagnadbod i bibelordet
til å lysa for vår fot.


Eg er tilbake til kvardagen, med kvardagsmat, men litt godsaker har eg framleis att.


I dag hadde eg ball til middag, og det er ikkje kvardagskost her. Slikt er kjekt å få i julegåve! Kålrabi fekk eg av ein kyrkjemann på Hiruzen, som hadde dyrka av frø han hadde fått av ein norsk misjonær.
Men no skal eg ha meg litt marsipan, trur eg...










Tuesday, January 1, 2013

Jul og nyttår for 16. gong

Ja, det er faktisk sant! Eg har feire jul og nyttår i Japan allereie 16 gonger. Om vel to månader kan eg også feire 20-årsjubileum for første gong eg kom til landet.

Eg trudde det skulle bli ei roleg jul, og det har det vel også vore med tanke på at eg har hatt få oppdrag i kyrkjene. Derimot har eg hatt nok å gjere som vertinne. Det har vore ein del folk innom i løpet av jula og nyttåret.

La oss ta eit tilbakeblikk på nokre av høgdepunkta denne jule-og nyttårshelga:

På søndag 23. desember "tjuvstarta" vi med julegudsteneste, med påfølgjande lunsj og diverse program.
"Paul og John" er eit årleg innslag på julefesten.


Mannskoret opptrer også ein gong i året.
På julaftan var det lysmesse. Fleire ikkje-kristne både frå bibelklassa mi for vaksne og frå Bible Club var med.
Etter lysmessa var nokre av oss på stasjonen og formidla gleda over Frelsaren som er født.



Desse to japanarane var med på fleire arrangement i jula. Her er dei på Bible Club for første gong.
Alle japanarar, opp med handa! Denne gongen var dei i fleirtal. 
Eg hadde også besøk av nokre lyse hovud i romjula. Den finske familien Kivelä bur på Hiruzen.
På nyttårsaftan var vi ein gjeng samla for å dele og be. Vi representerer 6 nasjonar og 4 kontinent!
På nyttårsgudstenesta var det konfirmasjon. Dei to konfirmantane stilte i skuleuniform.   

Wednesday, December 19, 2012

Julepost og sånt


Denne veka har eg endeleg fått tid og inspirasjon til å skrive julebrev. Men breva som går i posten, vart ikkje sende før i dag, så det er tvilsomt om dei kjem fram til jul. Å sende på e-post er enkelt, trudde eg, men så veldig enkelt er det likevel ikkje når folk har skifta e-post-adresse sidan sist jul.
Så har du ikkje fått mail frå meg, og ønskjer å få julebrevet tilsendt, kan du sende ein e-post til ingervalbo@yahoo.no, så skal du få det.
Her er eit lite utdrag:

"Endeleg har eg fått roa til å tenkje på juleposten. Det ser ut som om veka som kjem, vil vere mykje rolegare enn livet har vore hittil i desember. Preikeoppdraga er eg ferdig med på ei stund, så i sjølve jula er mi oppgåve å få med meg folk i kyrkja, og i romjula og nyttåret å ha ein open heim for studentane som ikkje reiser bort i ferien. Og kanskje eg også får besøk av norske og finske misjonærar.

Her ein dag lærte eg eit nytt ord, eller to ord på engelsk. ”Naughty list” er julenissen si liste over ”slemme barn”. Han har også ei liste over ”snille barn”. I USA blir visstnok alle barn snille i desember, for å få komme på lista over dei som fortener julegåve. Kor godt det er at Gud ikkje har ei liste over dei som ikkje skal få del i hans nåde. Guds julegåve gjeld for alle! Ja, nettopp fordi vi alle er på lista over ”slemme barn”, gir han oss Jesus som Frelsar, heilt ufortent!

Velsigna jul og godt nyttår!  Beste helsing Inger "  
      
Eg har også i år fått julepost til adressa som eg flytta ut ifrå for 3 ½ år sidan. Har du framleis "Sympatieku Rojuman" først i adressa mi, må du kaste den og notere deg den "nye": Sunny Kubota Ⅱ202, Nishi-Kawatsu-cho 4101, Matsue-shi, Shimane-ken 690-0823, Japan. 

Til slutt nokre glimt ifrå dei dei siste vekene:
Den 10. julekonserten gjekk ganske bra, trur eg. Bra stemning i koret, iallfall.





På veg til preikeoppdrag i Hiruzen kyrkje morgonen etter konserten.

Internasjonal kveldsgudsteneste 16. desember leia av Jenar frå Indonesia.
Julefest for kvinneforeininga i Arashima kyrkje 18. desember.  Dei finske misjonærane i Hiruzen kyrkje, Jussi (cello) og Varpu (fløyte) Kivelä, heldt konsert og andakt.




Nokre ifrå den engelske bibelklassa i Matsue vart også med på konserten.
 


Wednesday, December 5, 2012

Det er blitt desember



Det betyr at det er blitt kaldare, og det betyr førebuingar til jul. Her skjer det litt av kvart. I dag leverte eg bilen der eg kjøpte vinterdekk tidlegare i haust, for eg betalte allereie då for å skifte dekk. Og eg trudde eg var tidleg ute. Men der var det fullt køyr. Eg leverte bilen før kl 15, og fekk beskjed om å komme tilbake når dei ringjer til meg, kanskje i 22.30-tida i kveld... Dei står på for kundane!
Det er visst meldt snø til i morgon, men eg trur det ikkje før eg ser det. Men på søndag morgon skal eg køyre til Hiruzen kyrkje for å tale på gudsteneste der, og då må eg iallfall vere godt skodd.

Bible Adventure

Sist helg prøvde vi noko vi ikkje har gjort før her på nordfeltet. Mailis Janatuinen, som til vanleg underviser ved bibelskulen i Kobe, skulle oppover til Arashima kyrkje og undervise søndag, så vi bestemte å arrangere bibelkurs for studentane på Bible club fredagen før, og la også opp til to bibeltimar på laurdag. Tema for Bible Adventure var Josef i GT. Eg var spent på om studentane ville kome sjølv om det ikkje vart engelsk bibelklubb, men undervisning på japansk, men dei møtte opp, og fleire kom også igjen på laurdag. Også nokre frå kyrkja deltok.
Mailis er flink å undervise, med god bruk av powerpoint, som ho viste på den einaste ledige veggen min.

Klasserommet var kjøkkenet mitt. Det er største rommet eg har i leilegheita... Her var det altifrå ungdomsskuleelev til lærar, dokter og husmor samla. Og som vanleg studentar frå fleire land.
Etter undervisninga gjekk samtalen vidare til langt på kveld.

Kazuaki var opptatt tidlegare på kvelden, men stakk innom for å seie hei til alle, så då fekk eg endeleg overrekke dåpsgratulasjonar frå Bible club. Her ser han bilete av seg sjølv første gong han var på Bible Club, i april i fjor.

Desse var samla på fredagskvelden.

Neste morgon var vi ikkje fullt så mange, men det var ei bra forsamling, med blanding av Bible club-folk og kyrkjefolk.



Halvparten av dei som var samla fredag, hadde aldri høyrt historia om Josef før. Det var ei fin anledning til å skape interesse også for GT. Og mange kunne relatere til erfaringar i sitt eige liv. Eit viktig tema som vart tatt opp i samtalen etterpå var kor vanskeleg og kor viktig det er å tilgi. Mailis fekk også vist samanhengen mellom GT og NT, og Josef som eit førebilete på Jesus.

Ei kristen koreansk jente skreiv i loggboka etterpå: "Fram til no har eg tenkt at forteljinga om Josef handlar om Josef, og forteljinga om Jesus handlar om Jesus. Men no forstår eg at begge forteljingane heng saman." Ei viktig oppdaging!

Julekonsert

No er det berre tre dagar igjen til den store felleskonserten. Vi har øvd, og på siste øving søndag var det bra optimisme. Ver med og be både for meg og den andre dirigenten, og for korsongarane, at vi kan få formidle god musikk og ein bodskap som når inn til tilhøyrarane.

Jul frå mange land

Dagen etter, på søndagen, skal eg først til Hiruzen og preike. Idag har eg endeleg fått konsentrert meg såpass at eg har det meste av førebuinga unnagjort. Resten av veka går med til andre ting.
Og rett ifrå Hiruzen skal eg tilbake til Matsue og vere med og hjelpe til på eit arrangement for barn, på det internasjonale senteret. Dei har spurt fem utlendingar om å fortelje om jul i sitt eige land. Eg skal lære dei å flette julekorger. Barna blir delt opp i 5 grupper som skal ha 20 minutt på kvar stasjon, og så rotere, så dei kjem innom alle. Sansfica, ein kristen student frå Sri Lanka, får lov til å fortelje bibelforteljinga for 50-60 barn når alle er samla! Ho skal fortelje på engelsk og vise bilete, og så skal ho bli tolka til japansk. Takk for denne muligheita, og be for Sansfica, også, som har det veldig travelt med studiane, men som likevel prioriterer dette.
Sansfica frå Sri Lanka til høgre

No ringde dei frå Autobacs at bilen er ferdig ein time før tida, så då må eg ta meg ein liten spasertur ut i kulda. Men skal vel ikkje klage på kulden når eg les om tosifra minusgrader heime i Norge...









Wednesday, November 21, 2012

Tverrkyrkjeleg gledesdag


Kazuaki hadde bestemt seg for at han ikkje skulle bli ein kristen. Grunnen til at han byrja å lese Bibelen, var at han ville finne ut kvifor han ikkje likte kristendommen. Men mykje har forandra seg i det siste. Han har sett at han har bruk for Jesus.
- Hadde det ikkje vore for at Jesus døydde på korset for å sone syndene mine, hadde eg ikkje blitt ein kristen. Ja, då kunne eg ikkje ha blitt ein kristen, sa han i vitnemålet sitt, som var grundig førebudd.

Dersom han skulle bli døypt, ville han gjerne at det skulle skje på Bible Club, med meg som "prest", men av fleire årsaker var ikkje det aktuelt. Den siste tida har han gått i Matsue Gospel Church, som ikkje har sitt eige kyrkjebygg, men leiger lokale i eit kommunalt bygg. Og i desse lokala har dei ikkje dåpsbasseng, så då har dei dåp i havet.

Venner frå fleire kyrkjelydar og fleire land var møtt opp for å vere med på dåpen på søndag morgon før kyrkjetid. Av påkledninga til desse kan ein berre gjette kva temperaturen var i sjøen. På land var det 12 grader... Så Kazuaki angra kanskje på at han ikkje tok valet litt tidlegare, før sjøen vart så kald...

Pastor Ikutake, som var pastor i Matsue Gospel Church fram til denne våren, var komen heilt ifrå Himeji for å foreta dåpshandlinga. Her les han dåpsbodet frå Matt. 28, 18-20, medan Scott er overalt og fotograferer (også på biletet over).


Her er heile flokken ved badestranda, som ikkje freista akkurat til noko vanleg bad idag. Men Kazuaki, evangelisten og pastoren trassa bølgjer og kulde for eit nådebad.


"I namnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande..."

Heile dåpshandlinga kan de sjå på videoen nedanfor:


Kazuaki's Baptism in the Sea of Japan from Scott Menking on Vimeo.


Eg hadde preikeoppdrag i Arashima, og køyrde rett ifrå stranda og til kyrkja. Gudstenesta var blitt utsett 15 minutt for at eg skulle rekke det, og eg kom der omtrent fem minutt før. Etter gudstenesta køyrde eg tilbake til Matsue for å vere med på feiringa av Kazuaki, med god mat og mange helsingar.

Her er det ikkje slik at dei som vil ha ordet, melder seg, men alle skal seie litt. Også to ikkje-kristne studentar hadde ei helsing. 


Denne jenta er med på Bible Club, og går også ofte på gudsteneste. Denne dagen var ho med heilt frå dåpen om morgonen til den internasjonale gudstenesta i vår kyrkje om kvelden. Og ho hadde stått opp klokka 6 den morgonen for å lage småkaker til festen.


Om kvelden var det vår tur i den lutherske kyrkja å feire Kazuaki. På International Evening Service har han vore ein av dei trufaste. Her held han vitnemål for andre gong denne dagen.
Men til skilnad frå vitnemålet i si eiga kyrkje på føremiddag, prøvde han her å snakke spesielt til ikkje-kristne. Sjølv om det var litt skuffande at det var berre ei ikkje-kristen som kom, trur eg det betydde noko for henne. Men eg skulle ønskje at fleire kom av dei som var inviterte.


Men det er ikkje så verst å samle så mange kristne frå 7 ulike nasjonar, heller. Berre fem av oss er lutheranarar, men vi kan lovsyngje den samme Herre.


Det er mange som har vore med og bedt for Kazuaki, både i Norge, i USA, Japan og kanskje andre land også, og mange har sådd og planta Guds ord i hjarta hans. Andre har vatna. Så vart det ikkje vår kyrkje som fekk hauste den direkte frukta denne gongen, men vi kan likevel glede oss med dei.

"Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst." 
1. Kor. 3, 5-7

Det ser også ut som om folk sette pris på kaka eg hadde laga. Det er ikkje så ofte vi har dåp her, så vi må gjere litt stas på dei!


No gjeld det å sjå framover og førebu desember. Tre nye preikeoppdrag ventar, og den store julekonserten nærmar seg, også, med berre to øvingar att. Det gjeld å få på plass stemmene og finpusse. Særleg er eg spent på "Hallelujakoret", som eg har tatt på meg å dirigere i år igjen.

Be om at mange må få invitasjon og bli med på konserten!
                     (Klikkar du på konsertprogrammet, blir det større)