Monday, March 25, 2019

Dagstur til Macao

Det er over ein månad sidan eg kom att frå Hongkong og Macao, så det er på tide å avslutte blogginga derifrå.
Tirsdag 19. februar reiste vi på dagstur til Macao, men det var ikkje med vogna ovanfor. Først tok vi metroen til ferjeterminalen, og derifrå båt omlag ein time. Macao ligg 65 km vest for Hongkong. Ifrå terminalen i Macao fekk vi gratis skyss med ein shuttle-bus for eitt av dei mange hotella. Her hamna vi framfor Royal Empire Hotel.


Macao er ein spesiell administrativ region i Kina og var fram til 20. desember 1999 under portugisisk administrasjon. Det var ikkje vanskeleg å merke eit europeisk preg. Både kinesisk og portugisisk er offisielle språk. I Macao kan du bruke HK dollar, men vekslepengane i Macao dollar kan ein ikkje bruke i Hongkong. Og vi måtte gjennom passkontroll både fram og tilbake.

 Shoko og eg vandra rundt i verdsarvområdet med mange kyrkjer og andre bygningar. Her er vi oppe på borga. Hotel Lisboa i bakgrunnen merkar seg ut i byggestil, og var eit spektakulært synt etter at det var blitt mørkt. Sjå video lenger nede.

Ruinane av ei kyrkje som står att berre med eine veggen. Det var mykje folk på ein vanleg kvardag, men nokre hadde nok framleis nyttårsferie etter den kinesiske kalendaren.



Overalt var det slike søte grisar, som minner om at Kina no har starta grisen sitt år. Japan bruker den samme 12-årskalendaren, men her i landet er grisen blitt til villsvin. Eg synest nok at grisen er søtare!

Her traff eg på ein annan europeisk misjonær, den italienske jesuitten Matteo Ricci. Han kom til Macao i 1582, før han etter nokre år reiste vidare inn i Kina. Han døydde der i 1610, og vart den første utlending som vart gravlagd i Beijing. Denne bronsestatua vart reist i Macao i 2010, til minne om at det var 400 år sidan han døydde.

Mange fine kyrkjer var opne for turistar. I denne kyrkja kunne vi gå langs veggane og følgje Jesus på vegen opp til Golgata.

Side om side med kyrkjene låg det også fleire tempel.

Dess større røykelsespinnar, dess betre.

Etter å ha gått lenge, var det godt med ein kaffipause, til og med for ein te-drikkar!

Og vi var klare for endå meir gåing. Istaden for å prøve å finne ein buss å kome tilbake til hotellkvartalet, prøvde vi å finne vegen til fots. Eg er imponert over Shoko sin retningssans! 

Her er eit par glimt frå spaserturen langs sjøen:



 
 Endeleg var vi tilbake til Grand Hotel. Sjølv om vi ikkje budde på hotellet, kunne vi gå opp i informasjonen i 2. etasje og få utdelt gratisbillett til bussen tilbake til båten.
 Eg er tilbake ved vogna, men denne er nok berre for dei kongelege.

Tilbake i Hongkong fekk vi også prøve ein tur med trikken istaden for å gå under jorda med metroen. Trygt heime på Panda Hotel hadde vi siste natta før avreise til Japan.

Onsdag 20. februar:
Farvel til pandafamilien og mange opplevingar både i Hongkong og Macao.


THE END

Sunday, March 3, 2019

Hongkong-øya utan personbilar

Hongkong består av fleire øyar, i tillegg til det som høyrer til fastlandet. Ein norsk misjonær hadde anbefalt å ta turen til ei lita øy som er favorittstaden for avslapping for misjonærane. Øya er fri for personbilar. Berre små lastebilar (moped med tilhengar-type), ein liten ambulansebil og ein liten brannbil såg vi.

Øya heiter Cheung Chau. Vi valde personferja, som tek 55 minutt. Hurtigbåt tek 35 minutt.
(Bilferje har dei av naturlege årsaker ikkje.)

Cheung Chau er ei lita øy på 2,46 km2, men har omlag 23.000 innbyggjarar. Til samanlikning så er Remøya på Sunnmøre 3,6 km2, men har berre 342 innbyggjarar (2012)!
Men det er nok meir biltrafikk på Remøya, ikkje minst på grunn av alle som køyrer gjennom på veg til Runde.
På Cheung Chau var det stort sett stille og fredeleg. På grunn av regnet var det heller ikkje så mykje folk ute og gjekk, men vi var ikkje dei einaste turistane.

Dersom det ikkje hadde regna, ville vi ha leigt syklar og sett oss meir rundt.

Om folk ikkje har bilar her, så har dei dess fleire båtar. I alle fargar. Nær kaia var der eit tempel der dei brende røykelse og truleg bad for folk som var ute på sjøen.

Medan vi rusla i dei smale gatene, kom det plutseleg ein liten ambulansebil forbi. Vi såg eit sjukehus på øya.

Hundetoalett hadde dei også.


Her bur det visst ikkje berre kinesarar. Eg stoppa opp og tok bilete av denne fine tyske postkassa. Rett etterpå kom ein mann ifrå andre sida av vegen. "Takk for at du tok bilete av postkassa mi, " sa han på engelsk. Det var tyskaren. Han budde i eit stort flott hus med port, og to vakthundar innanfor.

Vi var på leiting etter eit retreatsenter.
Her er vi på veg opp til Betania. 
Vi kom midt i lunsjpausen, så vi traff ikkje dei som jobbar der. Sjølve hadde vi hatt ein lang og sein frukost på ein kafé før vi reiste, så vi var ikkje svoltne endå.

Retreatsenteret hadde ein fin hage med mykje grønt og mykje blomster.
Og ein katt som verka glad for å få besøk.

"Ha det gøy med Gud", stod det på plakaten.

Eg forstår godt at misjonærane er glade i denne øya. Her er det stille og roleg, samanlikna med storbylivet i sentrum. Men det var første gong den japanske misjonæren var her. Truleg ikkje siste.


 Tilbake til storbyen. 



 Kontrastane er store. 

Måltid nummer tre denne dagen. Men vi var fire som delte på det, altså. Den fjerde var ei av dei kinesiske jentene vi traff i kyrkja dagen før. No var ho ferdig på jobb, og møtte oss på byen.

Her seier vi godnatt til dei to damene og finn vegen tilbake til hotellet denne kvelden, også. Måndag 18. februar.




Monday, February 25, 2019

Kvar som helst, - berre ikkje Hongkong!

Medan eg gjekk på misjonsskulen og skulle tenkje på kvar i verda eg ønska å bli sendt, kjende eg ikkje på noko kall til eit spesielt misjonsfelt, så eg var ganske open for det meste. Bortsett frå Hongkong. Akkurat DER trudde eg ikkje ei bygdejente frå Valbøen kunne passe inn. Bakgrunnen var truleg ei bok eg hadde lese av ei som var misjonær i Hongkong. Så langt eg hugsar, var tittelen "Liten kvinne i stor by", av Bjørg Hansen. Det verka litt skummelt å reise åleine til Hongkong.
I staden skreiv eg Etiopia på første ønske, medan Japan/Taiwan kom på andreplass.
Eg visste der også var storbyar i Japan, men der var også landsbygder.
Då eg fortalde mamma at eg var blitt plassert i Japan, sa ho berre:
- Det visste eg før hovudstyret bestemte det!
Så då så. Då var det vel til Japan eg skulle, då.
Etter å ha budd seks år i Osaka, veit eg at eg også klarer å tilpasse meg eit liv i ein storby. Så kanskje hadde det også gått greitt å skulle bu i Hongkong, også.

Men no har eg faktisk vore i Hongkong! Ein liten svipptur ifrå næraste flyplass i Yonago på ein utvida helgatur.
Lita kvinne i stor by. Ser du meg?

Det var godt å ha reisefølgje. Shoko hadde vore i HK ein gong før, og ho spurde seg fram der ho trengde. Det artige var at når ho spurde på engelsk, såg dei på meg når dei svara. Det var ganske sutalaust å følgje etter Shoko.
Dei to første dagane var vi også ilag med den japanske misjonæren Maki Ikegami, som er utsending frå WJELC. Søndag møtte ho oss på undergrunnstasjonen ved kyrkja. Det gjeld berre å avtale rett bokstav og nummer på utgangen, så går det faktisk an å  finne kvarandre i folkehavet!

Kyrkja hadde det kanskje ikkje vore så enkelt å finne på eiga hand. Oppe i tredje etasje i dette bygget held Living Stone Lutherske Kyrkje til.
Salmeboka hadde notar og nokre engelske tekstar, men elles forstod vi lite av det. Maki tolka talen frå kantonesisk til japansk for oss, så det var ei god hjelp.

Avslutningssalmen var iallfall kjent for meg:



I HK hadde dei nettopp feira kinesisk nyttår, og også i kyrkja hadde dei nyttårspynt. Ho som står bakerst, til høgre for korset, er misjonæren frå Japan. Dei to jentene attmed henne var med på den internasjonale ungdomsleiren vi hadde i Japan i august i fjor. Det var kjekt å treffe dei att.

Living Stone-kyrkja feirar 60-årsjubileum dette året. Det er kjærasten til denne jenta som har laga logoen. Han er ikkje blitt ein kristen endå, men han kjem i kyrkja. Han har fått med både flammen, dei levande steinane, hjartet, korset og dua - symbolet for Den heilage ande.

På ettermiddagen fekk vi omvisning på Mei House, der det er utstilt bilete frå korleis det såg ut den første tida etter at flyktningane kom frå Kina. Det vart starta skular på taket av blokkene.
Misjonærane som vart kasta ut av Kina, følgde flyktningestraumen og starta skular. Skal tru om to av mennene her er NLM-misjonærar?

Her er vi på veg opp til Victoria Peak, det høgste punktet på 552 m.o.h. med utsikt over byen. Her var rulletrapp eit godt stykke på veg. Før kl 10 på føremiddag går rulletrappene nedover, men elles går dei oppover. Folk bur i høgda på fleire måtar her. Og langsmed var det også små butikkar heile vegen oppover. Det vart også mange bilete tatt på høgkant...

 Det er slutt på rulletrappene, og vi nærmar oss toppen, men framleis bur det folk over oss. Her var mykje skog, og vi såg både papegøye og ekkorn i trea. Så HK er ikkje berre høghus og folk overalt.

Det første biletet på bloggen viser utsikta frå toppen.

Victoria Peak ligg på hovudøya. Tilbake til fastlandet tok vi båt. Det var lysshow akkurat medan vi var ombord, så her fekk vi også sjå Hongkong by night.


Dette var glimt av det vi rakk denne første dagen, søndag 17. februar. Eg må nok kome tilbake seinare med ifrå dei to neste dagane.

Monday, February 4, 2019

Munnbind - men ikkje munnkorg!

Det er mange som er forkjøla for tida, og influensa herjar. I kyrkja var det utdeling av munnbind til dei som ikkje hadde. Det er heldigvis frivillig å bruke. Desse to på biletet hadde munnbind på heimanfrå.
Han som mottek blomster, blir takka for dei 24 åra han har tent som eldste i Matsue kyrkje. No takkar han av. - Men eg forsvinn ikkje! forsikra han forsamlinga.

Det var også han som leia både gudstenesta og årsmøtet etterpå, sjølv om han ikkje var heilt frisk att etter influensa. Han klaga over at hovudet ikkje heilt ville vere med.

Det er framleis vinter på kalendaren, men her er også fleire vårteikn. To ikkje-kristne japanske studentar vart med på gudstenesta ilag med ei kristen jente frå Eritrea.

Under årsmøtet var eg observatør, men eg hadde talerett, og hadde førebudd meg på mykje eg ville seie, både i kommentar til den sida eg hadde fått i årsmeldinga, og eit brev eg hadde skrive til styret tidlegare. Etter snart sju år med internasjonal gudsteneste, tenkte eg at det kanskje var på tide at kyrkjelyden ser verdien av det og gjer det til sitt eige ungdomsarbeid (som dei ikkje har noko alternativ til). Men så lenge eg ikkje vart utfordra til å svare på spørsmål eller kommentere det eg hadde skrive, vart eg sitjande stille og vente på ei anledning. Eg hadde førebudd meg på å seie ein del, og eg hadde stikkord på norsk både her og der.
Mot slutten av samtalen om arbeidet våga eg meg til å rette opp handa og ta ordet. Eg takka for at dei hadde tatt imot studentane som eg hadde med den dagen, og prøvde å oppmuntre til at vi ilag kan arbeide for at dåpstalet på null for 2018 kan gå opp, og at eg håper at studentane får lyst til å kome i kyrkja på føremiddag sjølv om eg er i ei anna kyrkje. Eg fekk ikkje sagt alt eg hadde tenkt, men iallfall litt.

Munnbind- men heldigvis ikkje munnkorg!

Ved utgangen plukka eg opp eit munnbind, som eg kanskje får bruk for, men foreløpig er det uopna i plastposen. Ei ung jente tok dette biletet av meg medan ho venta på foreldra, som begge var blitt valde inn i det nye styret.

Om kvelden hadde Shoko og eg middag ilag og planlegging av turen til Hongkong 16.-20. februar. Medan vi prata, chatta eg med ein HK-misjonær på ferie i Norge og fekk gode tips om plassar å besøkje, og den japanske misjonæren Maki Ikegami har eg også kontakt med. Søndag 17. februar skal vi vere med i kyrkja der ho arbeider.
Vi gler oss til tur! Ca 30 minutt å køyre til flyplassen i Yonago, og omlag 3 timar til Hongkong derifrå.

Men før det skal eg ta imot denne gjengen komande helg:

12 studentar og to lærarar frå Fjellhaug Bibelskule si Bibel&Gaming-linje er no i Japan. Fredag kjem dei til Matsue og skal vere med på Bible Club, så då blir det store gryter med curry, og fleire omgongar med riskokaren!

Laurdagen skal dei vere med på eit spennande opplegg som bror til ei veninne av meg har lagt opp til. Han planlegg å opne eit gjestehus for utlendingar i ei lita grend ved havet, og desse gutane skal få vere "prøvekaniner", og bilete og video av dei skal bli brukte til PR for gjestehuset. Dei skal mellom anna ut og hogge bambus og deretter lage ting av bambus.  Om kvelden får dei middag heime hos lokalfolket.

Søndag 10. februar tek dei del i den internasjonale gudstenesta med andakt, vitnemål og musikk. Så då skal eg prøve meg som møteleiar. Det blir første gong på desse snart sju åra vi har halde på. Vanlegvis har eg nok med å tale og spele piano. Andakta til Andreas Ruud er allereie omsett til japansk av ei jente som vart døypt i 2017 og gjerne vil hjelpe til. Ho stiller også alltid opp med saksofonen sin. Så kjekt å ha slike medhjelparar!